Friluftsliv i kystnære naturmiljø

Etter- og vidareutdanning

Kva for pedagogisk potensiale ligg i friluftslivsaktivitetar i ulike naturtypar? Gjennom ekskursjonar vil du få kunnskap og erfaring med flora og fauna i Sunnhordlandsregionen.

Målgruppe: Lærar/pedagogar/assistentar i barnehage og skule, barne- og ungdomsarbeidarar.

Emnet gir ein introduksjon til det pedagogiske potensialet som ligg i bruk av ulike friluftslivsaktivitetar i ulike naturtypar. Det har eit tverrfagleg perspektiv, og passar for deg som arbeider i skule, barnehage eller andre verksemder der ein har fokus på undervising og opplæring av barn og unge ute i naturen. 

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert og nettstøtta. Første digitale økt blir 21.mars. 

Det blir tre fysiske samlingar på campus Stord vår 2023, kvar av dei på tre dagar.

Samlingsdatoar:

  • 24.-26.april
  • 30.mai-1.juni
  • 12.-14.juni

 

  • 3 dagar: Friluftslivsaktivitetar knytt til skog og fjell langs kysten
  • 3 dagar: Nærfriluftsliv knytt til fiske og kystmiljø
  • 3 dagar: Friluftlivstur med kajakk og snorkel

Mellom samlingane blir det økter med digital undervisning.

Undervisnings- og læringsformene er knytt til praktisk aktivitet, førelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer.

For å kunne ta eksamen må du levere inn tre arbeidskrav. Det blir digital individuell munnleg eksamen.

Du finn meir informasjon i emneplanen.