Studieplan - Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring
Hausten 2025
Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring (GLSM) er eit studietilbod som er fagleg og didaktisk forankra med matematikkfaglege og norskfaglege tema.
Innhald
Forskingsbasert kunnskap om undervisning på dei fire lavaste klassetrinna i grunnskulen. Studentane skal lære om arbeidsmåter som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåter kan nyttast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.