Studieplan - Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn

Hausten 2022

Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine grunnskulelærarutdanningar følger Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7 fastsett av Kunnskapsdepartementet (KD) 07.06.2016, Rundskriv F-06-16: Forskrifter om rammeplaner for femårige grunnskolelærarutdanninger for 1-7 og 5-10 – rundskriv med merknader (KD 8.07.2016) og Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 1-7 (NRLU 1.09.2016). Masterutdanningane kvalifiserer for opptak til PhD-programmet "Studier av danning og didaktiske praksiser" ved HVL.

Høgskulen på Vestlandet har ein fagleg brei profil som tilbyr ei heilskapleg, integrert, profesjonsretta og forskingsbasert femåring grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7.  Den samlingsbaserte utdanninga tilbyr masterstudium i faga norsk og matematikk.

Samfunnet stiller store krav til lærarar, og regionane vil ha auka behov for lærarar med høg kompetanse. HVL møter desse krava og dette behovet ved å utdanne lærarar med mastergrad for grunnskulens barnetrinn. 

Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 kvalifiserer for undervisning på trinn 1-7 i grunnskulen. Utdanninga er profesjonsretta og tar utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt og bygger på opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnskulen. I masterstudiet skal studenten skaffe seg kunnskap og innsikt gjennom undervisning og anna studiearbeid på høgskulen, bruke grunnskulen som læringsarena i praksisopplæringa, og i sitt eige refleksjonsarbeid bygge sin eigen lærarkompetanse. HVL skal styrke studenten sin kompetanse og ferdigheit til å virke i eit profesjonsfellesskap. Masterstudiet gir studenten solid pedagogisk, fagleg og didaktisk kompetanse, kvalifiserer for forskingsbasert yrkesutøving og for kontinuerleg profesjonell utvikling.

Fagstudia, praksisopplæringa og studenten sine refleksjonar skal danne ein heilskap og rettast mot dei oppgåvene studenten seinare vil møte i sitt daglege arbeid som lærar, og skal fremje personleg danning hos studenten. Høgskulen på Vestlandet vil styrke samarbeidet med praksisskulane og drive profesjonsretta FoU-arbeid med fokus på arbeidet i klasserommet.https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/flki/studieprogramplan1-7-ny.pdf

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning har kandidaten følgjande overordna læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap enten i eit valt undervisningsfag og fagets didaktikk eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, og vitskapelege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, om samanhengen i utdanningsløpet barnehage–skule og om overgangen frå barnehage til skule og frå barnetrinn til ungdomstrinn
  • har inngåande kunnskap om begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og kartleggingsverktøy, klasseleiing og vurdering av elevars læring og kva som fremjar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn si utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
  • har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, til dette høyrer kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn, gjeldande lovverk og barn sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga sin eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, åleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
  • kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i elevens utvikling av grunnleggande ferdigheiter og fagkompetanse, med særskilt vekt på begynnaropplæring i lesing, skriving og rekning
  • kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidrar til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan analysere og sjå kritisk på nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan åleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerleg å utvikle eigen og skulen sin kollektive praksis, i tillegg til å gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan identifisere teikn på mobbing, og raskt sette i verk naudsynte tiltak og etablere samarbeid med relevante faginstansar.
  • kan identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal setjast i verk.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra til forståing av samane sin status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
  • kan initiere og ivareta eit godt skule–heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar som er relevante for skulen si verksemd
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den einskilde skule
  • kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa

Innhald

Innhaldet i studiet kjem fram i studieprogramplanen og emneplanane for fag og praksis. Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 er ei 5-årig integrert, forskingsbasert og praksisnær profesjonsutdanning. Utdanninga har ein tydeleg masterprofil og stiller høge krav til forsking- og utviklingsarbeid. Grunnskulen skal utdanne eleven for livet og utvikle kompetanse for samfunnet. Læraren sine kunnskapar, haldningar og handlingar har mykje å seie for elevane si læring og sosiale utvikling. Lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet vil utdanne fagleg sterke og profesjonelle lærarar med kompetanse på masternivå. 

Gjennom studiet får studenten høve til å utvikle seg til ein profesjonell lærar gjennom samhandling og refleksjon med dyktige og kvalifiserte fagpersonar og medstudentar i samlingar på campus, i nettstøtta undervisning og i praksis. Integrasjon og heilskap i utdanninga vert i programmet fremja ved at lærarutdanningsfaga, vitskapsteori og metode og praksis er fordelt over semester og studieår på ein slik måte at studenten erfarer heilskap og progresjon i utdanninga. Profesjonsrettinga vert realisert i faga og i samspelet mellom fag og praksis. Studiet inneheld profesjonsfaglege og fagovergripande tema som er knytt til fag og praksis.https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/flki/studieprogramplan1-7-ny.pdf

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av alle fag i utdanninga. Heilskap og integrasjon i ei profesjonsretta grunnskulelærarutdanning viser samanheng i lærarutdanningsfaga, praksis og FoU-arbeid. 

Praksisstudiet består av 110 dagar rettleia, variert og vurdert praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Praksisopplæringa følger nasjonale retningslinjer med 5 dagar observasjonspraksis og 80 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 1, -og 30 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 2. Fem dagar av praksis skal vektlegge overgangen mellom barnehage og skule, og bør ifølge forskrifta §3.9 leggjast til barnehage.

Praksis er lagt til både haust og vårsemester i 1.-3. studieår. Den ligg i vårsemesteret for 4. studieår og i haustsemesteret i 5. studieår. Dei to første studieåra er praksis lagt til fakultetet sine praksisskular knytt til campus Stord eller campus Sogndal etter studenten sitt ynskje. Frå og med 3. studieår er det tilbod om praksis nær heimstaden til studenten dersom studenten ynskjer det.

Arbeidsformer

Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1-7 byggjer på ein kombinasjon av samlingar- og nettstøtta digital undervisning mellom samlingane, samt praksis. Den nettstøtta undervisinga kan vere både i reell tid (synkron) og/eller i opptak (asynkron). I samband med desse vert det gitt oppgåver, der studentaktive læringsformer vert vektlagt.  Døme her er student-sjølvevaluering, bruk av læringssti der studentane løyser oppgåver i ein modul, utnyttelse av gruppefunksjonar, undersøkingar, -i tillegg til webinar og nettbasert læringsaktivitet. Det tverrfaglege elementet vil også vere framtredande.  Studentane vil bli følgd opp av faglærarar i læringsaktivitet og rettleiing.  Undervisinga på samlingane varierer mellom førelesingar, gruppearbeid, rollespel, bruk av case og andre metodar. Arbeidsformene er praktiske, varierte og utfordrande, og er både munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.  Studentane på samlingsbasert GLU 1-7 må basere seg på meir sjølvstudium enn campus studentar.

Vurderingsformer

Vurderingsformene i grunnskulelærarutdanninga ved HVL er lagt opp slik at studenten får vurdering i fag og praksis. Gjennom kvalitetssikringssystemet vil HVL sikre progresjon og varierte vurderingsformer gjennom heile studieløpet, i og mellom fag og semester. Vurderingsformene er tilpassa dei overordna læringsutbytteskildringane studenten skal ha nådd ved fullført utdanning, i tillegg til varierte og studentaktive læringsformer i studiet.

 Progresjonen i vurderinga er sikra gjennom vurderingsordningar som er tilpassa læringsutbytteformuleringane slik dei er omtala i syklus 1 og syklus 2 i emneplanane og i programplanen. Vurderingsordningane er også tilpassa studenten si profesjonelle utvikling i lærarutdanningsfaga. Som ein del av profesjonsutdanninga skal studenten utvikle vurderingskompetanse, og dei vurderingsformene dei sjølve møter, er ein del av grunnlaget for ein slik kompetanse. Derfor skal dei møte varierte vurderingsordningar og vurderingsformer slik dei blir praktiserte i skulen. 

Studenten skal øve opp eigenvurdering og erfare vurdering frå medstudentar. Gjennom studiet skal studenten utvikle evne til å ta i mot og gi rettleiing. Vurdering omfattar all formell prøving, det vil seie både vurdering undervegs, til dømes gjennom obligatoriske arbeidskrav og praksis, og sluttvurdering, som skriftleg, munnleg og praktisk-metodisk eksamen. Vurderingsordningane går fram av den einskilde emneplan. Det vert kravd greidd nasjonal deleksamen i matematikk for å få vitnemål. 

Det vert nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter. Det vert også nytta karakterane Greidd / Ikkje greidd.

Krav til studieprogresjon

Studenten må ha greidd praksis på eit årstrinn før studenten kan halda fram med studiet på neste årstrinn. Det kan gjerast unntak frå denne regelen dersom studenten på grunn av godkjent fråvær manglar noko praksis, og fullføringa av praksis kan gjennomførast i byrjinga av påfølgjande studieår. Andre krav til studieprogresjon framgår av Forskrift om studium og eksamen ved HVL og i emneplanar.

Internasjonalisering

Du kan dra på utveksling i 5. og 6. semester av utdanninga.  Vi har avtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar rundt om i verda.

 I 5. semester er det mogeleg å reise på utveksling i skulerelevante fag og undervisningsfag. Praksis i desse semestera vert avvikla anten før eller etter utvekslinga. Utveksling i 6. semester skjer i det som vert masterfaget ditt. 

Organisering

Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 med master har eit omfang på 300 studiepoeng over fem år (heiltid) og inkluderer 110 dagar rettleia praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Den obligatoriske delen av utdanninga er på 120 studiepoeng og 180 studiepoeng til val av fag. Studenten skal ha 4 undervisningsfag, eller 3 undervisningsfag og eit skulerelevant fag. Saman med praksis er dei obligatoriske faga: • Pedagogikk og elevkunnskap, 60 studiepoeng • Norsk (fag 2), 30 studiepoeng • Matematikk (fag 3), 30 studiepoeng 

1.- 3. studieår: • 5 dagar observasjonspraksis • 80 dagar praksis som er rettleia, variert og vurdert • Pedagogikk og elevkunnskap, 30 studiepoeng • Norsk, del 1, 30 studiepoeng • Matematikk, del 1, 30 studiepoeng • Valt undervisningsfag (engelsk eller kunst og handverk), 30 studiepoeng

  • Semester 5: Fag 4: Nytt undervisningsfag eller skulerelevant fag, 30 studiepoeng
  • Semester 6: Eitt av undervisningsfaga norsk eller matematikk, del 2, 30 studiepoeng. 60 studiepoeng i enten norsk eller matematikk gir grunnlag for vidare masterstudium i 60-studiepoengsfaget.

4. - 5. studieår: • Minst 30 dagar praksis, rettleia, variert og vurdert • Pedagogikk og elevkunnskap 30 studiepoeng • Norsk eller matematikk som masterfag 90 studiepoeng •  Masterfaget bygger på 60 studiepoeng i same fag 1.-3. år. 

Kvart emne er på 15 studiepoeng med unntak av masteroppgåva som er på 45 studiepoeng.