Hopp til innhald

Studieplan - Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn, Sogndal

Hausten 2017

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning har kandidaten følgjande overordna læringsutbytte:

 

Kunnskap

 

Kandidaten

 

  • har avansert kunnskap enten i eit valt undervisningsfag og fagets didaktikk eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, og vitskapelege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, om samanhengen i utdanningsløpet barnetrinn til ungdomstrinn og om overgangen frå ungdomstrinn til vidaregåande opplæring
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av elevar si læring og kva som fremjar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unge si utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, til dette høyrer kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga sin eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet

 

Ferdigheiter

 

Kandidaten

 

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, åleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
  • kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i arbeid med elevar sine grunnleggande ferdigheiter og fag
  • kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidrar til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan analysere og sjå kritisk på nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan åleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerleg å utvikle eigen og skulen sin kollektive praksis, i tillegg til å gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing.
  • kan identifisere teikn på mobbing, og raskt sette i verk naudsynte tiltak og etablere samarbeid med relevante faginstansar.
  • kan identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal iverksetjast.

 

Generell kompetanse

 

Kandidaten

 

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra til forståing av samane sin status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
  • kan initiere og ivareta eit godt skule¿heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar som er relevante for skulen si verksemd
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den einskilde skule

kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa.

Innhald

Informasjon til kull 17 for studieåret 18/19:

 

Emneinformasjon for 18/19 finn du i emneoversikten. Finn du ikkje emna du skal ta, må du søke dei opp via emnekoden på hvl.no/student. Emnekodane finn du i Utdanningsplanen din i Studentweb.