Hopp til innhald

Studieplan - Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn

Hausten 2019

Sjå oppbygging av studiet:

 

Grunnskulelærar 5-10 Stord

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning har kandidaten følgjande overordna læringsutbytte:

 

Kunnskap

 

Kandidaten

  • har avansert kunnskap enten i eit valt undervisningsfag og fagets didaktikk eller iprofesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, og vitskapelege tenkemåtar,forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, omsamanhengen i utdanningsløpet barnetrinn til ungdomstrinn og om overgangen fråungdomstrinn til vidaregåande opplæring
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter, vurderings- ogprøvesystem, klasseleiing og vurdering av elevar si læring og kva som fremjar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unge si utvikling, danning og læring iulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, til dette høyrer kunnskap ommobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barn og ungesine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga sin eigenart og historie, og forståing av skulensi utvikling som organisasjon, skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet

 

Ferdigheiter

 

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, åleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
  • kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i arbeid med elevar sine grunnleggandeferdigheiter og fag
  • kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidrar til gode faglege, sosialeog estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjandetilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierteundervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gielevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan analysere og sjå kritisk på nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapeni profesjonsutøvinga
  • kan åleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- ogutviklingsarbeid, for kontinuerleg å utvikle eigen og skulen sin kollektive praksis, i tillegg til ågjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing.
  • kan identifisere teikn på mobbing, og raskt sette i verk naudsynte tiltak og etableresamarbeid med relevante faginstansar.
  • kan identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltakskal iverksetjast.

 

Generell kompetanse

 

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra tilforståing av samane sin status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking ogberekraftig utvikling
  • kan initiere og ivareta eit godt skule¿heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørarsom er relevante for skulen si verksemd
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan nytte språket på einkvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt tilprofesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utviklingav fagleg fellesskap på den einskilde skule

kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd og legge til rette for at lokaltarbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa.

Innhald

Emneinformasjon for finn du i emneoversikten. Finn du ikkje emna du skal ta, må du søke dei opp via emnekoden på hvl.no/student. Emnekodane finn du i Utdanningsplanen din i Studentweb.