Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, maskin for fagteknikarar
Hausten 2018
Hos oss kan du som tidlegare har teke toårig teknisk fagskule innan retninga Maskinteknikk få fritak for inntil 60 sp., basert på innpass av fag frå den tekniske fagskulen. Dette medfører eit toårig løp fram mot Bachelor i ingeniørfag.
Målgruppe:
Kandidatar med gjennomført toårig teknisk fagskule innafor retninga maskinteknikk.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført og bestått bachelorgrad i ingeniør, maskin, skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om konstruksjon og/eller produksjon, materialar og kunnskap innan heilskapleg system- og produktutvikling. Kandidaten har kunnskap som medverkar til relevant spesialisering, breidde eller djupne.
- Kandidaten har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i system- og produktutvikling, konstruksjon og produksjon.
- Kandidaten har kunnskap om fagets historie, utvikling og ingeniørens rolle i samfunnet. Kandidaten har kunnskap om konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
- Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid, relevant metodikk og arbeidsmåte innan eige fagfelt.
- Kandidaten kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både ved å henta inn informasjon og gjennom kontakt med fagmiljø og praksis.
Ferdigheiter:
- Kandidaten kan nytta kunnskap i matematikk, fysikk, kjemi og teknologiske emne for å formulera, spesifisera, planleggja og løysa tekniske problem på ein godt grunngjeven og systematisk måte.
- Kandidaten meistrar utviklingsmetodikk, og kan nytta program for modellering/simulering og kan realisera løysingar og system.
- Kandidaten kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, eksperiment og simuleringar, samt analysera, tolka og bruka framkomne data, både sjølvstendig og i team.
- Kandidaten kan finna, vurdera og utnytta teknisk kunnskap på ein kritisk måte innan fagfeltet sitt, og presentera dette både munnleg og skriftleg for å kasta lys over ei problemstilling.
- Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap ved å delta i utvikling, kvalitetssikring og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.
Generell kompetanse:
- Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan eige fagfelt og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
- Kandidaten kan formidla ingeniørfagleg kunnskap både skriftleg og munnleg til ulike målgrupper på norsk og engelsk og kan bidra til å synleggjera teknologiens rolle og konsekvensar.
- Kandidaten kan reflektera over eiga fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
- Kandidaten kan medverka til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innafor fagfeltet og dela kunnskapar og erfaringar med andre.
Innhald
Studieprogrammet er skreddarsydd for kandidatar med gjennomført 2-årig teknisk fagskule innafor retninga Maskinteknikk. Det er lagt opp som eit toårig løp mot Bachelor i ingeniørfag, maskin, der ein gir inntil 60 sp innpass for fag gjennomført ved den tekniske fagskulen.
Studiet er tilpassa morgondagens behov og utfordringar og blir gjennomført i tett samarbeid med lokal industri. Med basis i maskinfag, vert spesialiseringa retta mot den maritime næringa gjennom emne som konstruksjonsteknikk, marintekniske løysingar og petroleumsproduksjon.
Arbeidsformer
Førelesingar, rekneverkstad, dataøvingar, laboratoriearbeid, prosjektarbeid, demonstrasjonar, bedriftsbesøk, "Case"-baserte oppgåver, teamarbeid.
Praksis:
Ikkje relevant
FoU-basering:
Som ein del av fagmiljøet i Fakultet for ingniør- og naturvitskap, vil dette studieprogrammet også kunne involverast i dei FoU aktivitetane som allereie eksisterer på fakultetet.
Praktisk informasjon om studiet:
Studiet er spesielt tilrettelagd for folk som er i arbeid og som ønskjer å fortsetje i redusert stilling mens dei studerer. Det er difor lagt opp som eit samlingsbasert studium, der det er undervisning kvar tredje veke. Det er likevel eit fulltidsstudium, der ein gjennomfører 30 sp kvart semester. I dei to vekene mellom kvar undervisningsveke er det lagt opp til ein del nettbasert undervisning og sjølvstudium. Sjølv om opplegget er tilpassa folk i arbeid, er studiet òg meina for folk som ikkje er i arbeid.
Studiet blir utvikla og gjennomført i tett samarbeid med industrien i Sunnhordland.
Vurderingsformer
Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i dei ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan t.d. vere i form av skriftleg skuleeksamen, mappevurdering, munnleg eksamen/presentasjon, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer blir kombinert, t.d. skriftleg eksamen og mappevurdering. I mange av emna er det obligatoriske arbeidskrav (studiekrav), som er arbeid som ikkje tel på karakteren, men som må vera godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.
Informasjon om vurderingsordninga står i emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærare detaljar.
Internasjonalisering
Fordi studieprogrammet er skreddarsydd med innpass av 60 sp. frå fagskulen, vil det dessverre ikkje vera høve for studentane å velja eitt eller fleire semester med utveksling. Studia vil likevel ha fokus på internasjonal kompetanse i form av engelskspråkleg litteratur, internasjonale og fleirkulturelle perspektiv og eventuelt utanlandske gjesteforskerar/gjesteforelesarar.