Jordmorfag | påbygg

Etter- og vidareutdanning

Er du jordmor og brenn for å utvikle jordmorpraksisen og fagfeltet?

I dette samlingsbaserte studiet får du kompetansen og ferdigheitene du treng for å bruke forskingsbasert kunnskap, analyse og innovasjon for å vidareutvikle fagfeltet.

Du lærer blant anna om:

  • vitskapsteori og metode
  • jordmorfaglege og forskingsetiske problemstillingar knytt til familien og det nyfødde barnet
  • spesialisert kunnskap om jordmorfaget, helse og tverrfagleg samarbeid
  • korleis planlegge og utøve jordmorfaget ut frå kunnskapsbasert forsking
  • kritisk vurdering om beste praksis knytt til pasienten sine ønskjer og behov
  • Har du fullført jordmorutdanning etter noverande rammeplan (fra 2004-2005), tek du 45 studiepoeng (sp) over 1,5 år: Forskningsmetode og vitenskapsteori 15 sp (MAMET500) og masteroppgåve 30 sp (JOR508).
  • Har du eldre utdanning må du i tillegg i første semester gjennomføre eit 15 sp emne i kunnskapsbasert praksis, med vekt på å søke etter, identifisere og kritisk vurdere forsking som kan leggast til grunn for betring av praksisfeltet (MAKP102).

Samlingar haust 2021 og vinter 2022

Det blir fem samlingar over to dagar, som legg vekt på følgande:

31. august-1. september 2021:
Introduksjon til jordmorfag påbygg
Informasjon om emnene MAMET500 og MAKP102

17.-18. januar 2022:
Prosjektskisse, (prosjektplan leverast 25.mars 2022) etikk, litteratursøk

25.-26. april 2022: 
Datainnsamling/metode/aktuelle søknader (etiske vurderinger)

29.-30. august 2022:
Datainnsamling/analyse

1.-2. november 2022:
Resultat/diskusjon