Hopp til innhald

Studieplan - Kroppsøving 1, 1.-7. trinn

Hausten 2020

Kroppsøving 1 er eit videreutdanningstilbud som rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid og undervisning i kroppsøving med elevar frå 1.-7. trinn. Faget kroppsøving er eit allmenndannande, praktisk og estetisk profesjonsfag.

I studiet dekkast aktuelle tema som:

  • planlegge, gjennomføre og vurdere variert rørslelæring og –aktivitetar i ulike miljø, inne og ute, som kan gje elevane kroppslege erfaringar
  • kjerneelementa i kroppsøving: rørsle og kroppsleg læring, deltaking og samspel i rørsleaktivitetar samt uteaktivitetar og naturferdsel
  • arbeid i eit profesjonsfellesskap og utvikling av eigen undervisningspraksis med utprøving av til dømes modellen Lesson Study
  • fag og fagdidaktikk i kroppsøving i en fleirkulturell skule
  • digital kompetanse i kroppsøving
  • læreplanarbeid og vurdering for læring
  • tverrfaglege tema med spesiell vekt på berekraftig utvikling kor eit kulturperspektiv på miljødebatten blir tematisert
  • tilpassa opplæring
  • varierte arbeidsmåtar og læringsmetodar
  • elevmedverknad i kroppsøving
  • systematisk arbeid med faglege problemstillingar, refleksjonar og kunnskapsdeling samt vitskaplege arbeidsformer