Studieplan - Logistikk
Hausten 2022
Fordjupning/årseining i logistikk kvalifiserer til spesialist- og leiarstillingar innan organisering, drift og betringsprosessar - frå innkjøp, prosessering og lagar - til transport og overordna utfordringar innan forsyningskjedar.
Læringsutbytte
Studentane vil etter å ha gjennomført og bestått studiet/fordjupningen ha:
Kunnskapar om
- logistikkens strategiske implikasjonar og plass i samfunnet
- dei logistikkfaglige utfordringane verksemder står overfor
- nødvendighetene av heilskapstenking og samordning i forsyningskjeda for å oppnå auka kundeverdi og reduserte kostnader
- nødvendigheten av ein god informasjonsflyt og kjennskap til viktige IT-systemer
- tradisjonar og utviklingstrekk/trendar innan fagområdet
Ferdigheter til å kunne
- nytta relevante teoriar og modellar i analyse av logistikkutfordringar og reflektere over aktuelle handlingsalternativ
- nytta analyseteknikkar og -verktøy innan logistikkfeltet
- vurdera alternativ for styring av logistikkprosessar
- kjenne att utfordringar knytt til berekraft, miljø og etikk
- skrive, referere og presentere faglege rapportar basert på ulike kjeldetypar
Generell kompetanse
- ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til logistikkaktivitetane for verksemder
- kunne planleggje og gjennomføre prosjekt og oppgåver åleine eller i grupper
- kunne identifisere og analysere produkt-/teneste- og informasjonsflyt i verksemder og gjennom det bidra til videreutvikling av praksis
- kjenne til nytenkning og innovasjonsprosessar på fagområdet
Innhald
Fordjupning/årseining i logistikk har eit omfang på 60 studiepoeng. Følgjande fordjupningsemne inngår i studiet:
- ØAL111: Introduksjon til logistikk
- ØAL113: Innkjøp og forsyningsleiing
- ØAL115: Supply Chain Management
- ØAL116: Produksjonsleiing og prosessbetring
- ØSS119: Transportøkonomi (eventuelt ØAL114: Transport, transportrett og leveringsvilkår)
Opptakskrava for utdanninga er høgskuleutdanning med minimum 120 studiepoeng innan teknologiske/økonomiske/IT-fag inkludert grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomi, statistikk og organisasjonsfag.
Studieretningar
Det er ingen studie- eller fordjupningsretningar i dette studiet.
Arbeidsformer
I undervisningssamanheng er det ein vekselsverknad mellom førelesingar og oppgåver/caseløysingar. Det blir lagt vekt på at teorien skal nyttast på praktiske problemstillingar.
Gjesteførelesingar, oppgåveseminar og bedriftsbesøk er ein del av studiet, og her er det obligatorisk frammøte for alle studentar tilmeldt det aktuelle faget.
I september/oktober blir det arrangert ein studietur (føresett tilstrekkeleg påmelde deltakarar).
Vurderingsformer
Vurderingsform kjem fram av den enkelte emneskildringa
Internasjonalisering
Dette er eit eittårig tilbod og det blir derfor ikkje lagt opp til studentutveksling i løpet av studiet.
Organisering
Fordjupning i logistikk og årseining blir undervist saman .
Studiet går over to semester, og omfattar 30 studiepoeng i kvart semester.
I vårsemesteret skrives bacheloroppgåve/hovudprosjekt på 15 studiepoeng. Desse blir skrivne i grupper på 3-4 studentar. Sjå emneskildring for bacheloroppgåve: ØMF190 og hovudprosjekt: ØMF199. Alternativt kan ein velja Internship i ei verksemd og erfaringsrapport.