Person ser på blad med forstørrelsesglass

Naturfag 2 | 1.-7. trinn

Vidareutdanning på bachelornivå

Ønsker du å vidareutvikle deg som naturfaglærar? Med denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan hjelpe elevane til å forstå omgjevnadene våre og legge til rette for ei berekraftig utvikling i framtida.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Det er anbefalt å ha minst 30 studiepoeng i naturfag frå tidlegare.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Alle må ha tilgang til ein skuleklasseSøkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkjarar 

    Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
    Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar
    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    9776

    Kvifor studere Naturfag 2?

    Ved å fordjupe deg i naturfag, får du mogelegheit til å utvida eigen kunnskap, men også å veksa som pedagog. Det å kunne formidle eit fag som av barneskuleelevar kan opplevast komplekst, på ein engasjerande måte, vil vere veldig verdifullt som lærar. 

    Kva lærer du?

    Her lærer du korleis du kan bidra til å utvikle dei yngste elevane si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk, når dei vert introdusert for naturfaget. Du vil også lære korleis ein kan førebu dei eldste elevane på overgangen til ungdomstrinnet. Studiet vektlegg ei konkret og praktisk tilnærming til naturfagundervisninga i grunnskulen.

    Målgruppe

    Naturfag 2 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Kurset bygger på naturfag 1, og det er anbefalt (men ikkje påkrevd) at ein har fullført naturfag 1. Til saman utgjer naturfag 1 og 2 ei årseining i naturfag (60 studiepoeng).

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Kvart emne består av tre samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, demonstrasjonar, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. 

    Naturfag 2 er delt i to emne:

    • Emne 1 undervisast om hausten og tar for seg tema innan fysikk og kjemi.
    • Emne 2 undervisast om våren og tar for seg tema innan humanbiologi, cellebiologi og evolusjon.

    Du finn meir informasjon i emneplanen:

    Samlingar

    Samlinger for høsten 2026
    Veke 35 - 27. og 28. august. Fysisk samling på Campus Bergen. Kl. 09:15-16:00
    Veke 37 - 11. september. Digital samling. Kl. 09:15-11:00
    Veke 39 - 23., 24. og 25. september. Fysisk samling på Campus Bergen. Kl. 09:15-16:00
    Veke 43 - 23. oktober. Digital samling. Kl. 09:15-11:00
    Veke 46 - 12. og 13. november. Fysisk samling på Campus Bergen. Kl. 09:15-16:00
     
    Samlingar for vår 2027
    Veke 3 - 21. og 22. januar. Fysisk samling på Campus Bergen. Kl. 09.15 - 16.00.
    Veke 6 - 12. februar. Digital samling. Kl. 09.15 - 11.00
    Veke 8 - 24., 25. og 26. februar. Fysisk samling på Campus Bergen. Kl. 09.15 - 16.00.
    Veke 11 - 19. mars. Digital samling. Kl. 09.15 - 11.00
    Veke 14 - 8. og 9 april. Fysisk samling på Campus Bergen. Kl. 09.15 - 16.00.

    Pensum

    Myhre, A. (2015). Klima, energi og miljø.
    Paasche, Ø. og Kolstad, E. (2022) Hva er klima.
    Hansen,P.J K. (2015) "La oss snakke om været" (gratis på nett).
    Ødegaard, M. (2016) På forskerføtter i naturfag.

    Du får meir informasjon om pensum ved studiestart.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    To elevar i klasserommet

    Vi har tilbud til deg som er lærer i offentlige og private skoler, både i grunnskolen, videregående opplæring og deg som underviser voksne i grunnopplæringen.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs