Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon - deltid
Hausten 2018
Studiet er eit deltidsstudium som strekk seg over fem år. Undervisinga skjer på dagtid saman med fulltidsstudentene. Arbeidsmengden dei tre fyrste åra er på 30 studiepoeng (15 per semester).
Studiet byggjer på anbefalt nasjonal plan frå Universitets og høgskulerådet (UHR) sin fagstrategiske eining for økonomi og administrasjon som samordnar bachelorstudiane i økonomi og administrasjon i Noreg. Målet med ein felles plan er å sikre eit høgt fagleg nivå og ein felles kunnskapsbase for bachelorstudentane. Studieplanen er bygd opp med obligatoriske emne på 1. og 2. studieår innan bedriftsøkonomiske fag, administrative fag, samfunnsøkonomiske fag, metodefag og etikk, samfunnsansvar og berekraft. Siste året av studiet gir studentane høve å velje mellom ulike valemner i tillegg til at studentane arbeider med ei selvstendig bacheloroppgave. Studiet er tilrettelagt for at studentane kan ta deler av sitt studium i utlandet. Studiet er eit tverrfagleg og yrkesretta studium og kvalifiserer studentar til opptak ved økonomisk/administrative mastergradsstudiar i inn- og utland.
Målgruppe:Personar som ønsker å ta en bachelorgrad i kombinasjon med arbeid. Studentar må rekne med ein tidsbruk tilsvarande 20 timer pr uke på studiet.
Læringsutbytte
Dei emna som er inkludert i bachelorprogrammet skal samla bidra til at studentane oppnår følgjande læringsutbytte på programnivå, satt opp i form av kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:
KUNNSKAP
Kandidaten:
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innafor det økonomisk-administrative fagområdet, deriblant:
- korleis kapitalmarknadene og verdipapir fungerer, korleis verksemder vert finansiert, korleis investeringar vert vurdert
- korleis økonomiske styringsverktøy vert brukt og korleis rekneskap vert utarbeida, rapportert og analysert
- korleis verksemder utviklar og iverkset strategiar, korleis dei vert organisert og leiia, samt korleis produkt og tenester vert marknadsført og posisjonert.
- korleis marknaden fungerer, korleis konsumenter og produsenter gjer sine val og korleis desse vert påverka av økonomisk politikk, teknologi og internasjonale rammevilkår
- korleis verkesemder vert starta, utvikla og endra i tråd med behov, juridiske rammer og forventninger i samfunnet, slik som til dømes berekraft, globalisering, innovasjon og teknologiutvikling, samt den nordiske arbeidslivsmodellen si verknad for arbeids-og næringsliv
- korleis verksemder utøver sin aktivitet på ein etisk forsvarlig måte slik at dei ivaretar sine interessentar og samtidig fremmer FN sine berekraftsmål
- har grunnleggjande kunnskap i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapelig metode, samt forstår korleis metodiske verktøy vert brukt i samband med innhenting, organisering og analyse av data.
- kjenner til fagområda sin historie, tradisjonar, egenart, plass i samfunnet, samt forsnings-og utviklingsarbeid
FERDIGHETER
Kandidaten:
- kan nytte faglig kunnskap og relevante resultat fra forsknings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og grunngje sine val, deriblant:
- innhente, sortere og vurdere relevant informasjon
- analysere økonomisk-administrative problemstillingar ved hjelp av egna teori og empiriske metodar
- gjere ei kritisk vurdering av usikkerheit ved eigne analyser
- evnar å kommunisere innhold i analyser, metodevalg, resultater og forutsetninger både muntlig og skriftlig
- kan nytte arbeidslivsrelevante digitale verktøy, teknikker og uttrykksformer
- kan vurdere ulike typer risiko og konsekvensar av slutningar
- kan nytte ulike faglige perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å forstå korleis verksemdar fungerer
- kan integrere ansvarlighet og berekraftshensyn i verksemda sin forretningsmodell og praksis
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten:
- er medviten sine eigne verdiar og korleis desse verkar inn på eigen aktivitet og slutningar
- viser evne til ansvarlighet, kritisk tenkning og etisk refleksjon
- forstår korleis problemstillingar, prosessar og slutningar verkar inn på ressurser, kontekst og verdisett
- har grunnlag for å gje innspel til langsiktig verdiskaping for virksomhet og samfunn
- har grunnlag for å operere i ein internasjonalt arbeidsmarknad
- kan samarbeide i ulike kontekster og på tvers av fagområde
- har grunnleggjande forståelse av IT- systemer og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og verdiskaping
- skal kunne bidra til å fremje verksemdas innovasjons- og omstillingsevne i ein omskifteleg arbeidsmarknad.
Innhald
Organisering
Den femårige studiemodellen er delt opp i ti semestre. Dei tre første åra er det 15 studiepoeng per semester. Dei resterande studiepoenga vert delt på dei siste fire semestra og til saman er studiet på 180 studiepoeng. Etter fem år får kandidaten graden Bachelor i økonomi og administrasjon. Studiet skal gje kandidatane ei bred kompetanseplattform for å arbeide som fagperson eller rådgjevar innafor det økonomiske og administrative fagfeltet i privat næringsliv, offentlig sektor og andre organisasjoner.
Arbeidsformer
I studieprogrammet blir det brukt varierte arbeidsformer som forelesninger, seminar og rekneverkstad.
Vurderingsformer
Vurderingsformene som blir brukt er skriftleg skoleeksamen, heimeeksamen, prosjektoppgåve eller mappevurdering. Andre vurderingsformer kan vera aktuelle i tråd med studieforskrifta. Det kan også vera ein kombinasjon av fleire vurderingsformer.
I mange av emna er det obligatoriske arbeidskrav som må vera godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. Karakterskalaen bruker bokstavkarakterene A-F eller bestått/ikke bestått.
Se emneomtalen for det enkelte emnet for å finne informasjon om kva for ein type vurdering som er gjeld.
Internasjonalisering
Gjeld ikkje for deltidsstudie
Organisering
Den femårige studiemodellen er delt opp i ti semestre. Dei tre første åra er det 15 studiepoeng per semester. Dei resterande studiepoenga vert delt på dei siste fire semestra og til saman er studiet på 180 studiepoeng. Etter fem år får kandidaten graden Bachelor i økonomi og administrasjon. Studiet skal gje kandidatane ei bred kompetanseplattform for å arbeide som fagperson eller rådgjevar innafor det økonomiske og administrative fagfeltet i privat næringsliv, offentlig sektor og andre organisasjoner.Studieplanen har følgjande hovedinndeling:
Bedriftsøkonomisk analyse med følgjande emner: grunnleggjande bedriftsøkonomisk analyse og grunnleggjande rekneskap, finansrekneskap, investering og finansiering og driftsrekneskap med budsjettering.
- Administrasjonsfag med følgjande emner: marknadsføring, grunnleggjande organisasjonsfag (organisasjonsteori samt organisasjonspsykologi og leiing), foretaksstrategi og videregåande organisasjonsfag.
- Samfunnsøkonomi med følgende emner: makroøkonomi, mikroøkonomi samt by- og regionaløkonomi.
- Metode med følgende emner: grunnleggjande matematikk, grunnleggjande statistikk, it og arbeidsmetoder innan økonomi og administrasjon og samfunnsvitenskapelig metode.
Profilering (dersom profilvalg):
Det fjerde og femte året kan studentane velgje spesialisering:
- Finans- og økonomistyring
- Administrasjon og leiing
- Rekneskap *
(*Profilen kvalifiserer for utdanningskravet til autorisert rekneskapsførar. I tillegg vert det krevd 2 års relevant arbeidserfaring for å kunne søkje om autorisasjon.)
Studentane må velgje alle emna (60 sp) som inngår i spesialiseringen for å få profileringen gitt på vitnemålet.
Studiet er organisert slik at det får ein naturlig progresjon gjennom alle de fem årene.