Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon - deltid

Hausten 2022

Studiet er eit deltidsstudium som strekk seg over fem år. Undervisinga skjer på dagtid saman med fulltidsstudentene. Arbeidsmengden dei tre fyrste åra er på 30 studiepoeng (15 per semester).

Studiet byggjer på anbefalt nasjonal plan frå Universitets og høgskulerådet (UHR) sin fagstrategiske eining for økonomi og administrasjon som samordnar bachelorstudiane i økonomi og administrasjon i Noreg. Målet med ein felles plan er å sikre eit høgt fagleg nivå og ein felles kunnskapsbase for bachelorstudentane. Studieplanen er bygd opp med obligatoriske emne på 1. og 2. studieår innan bedriftsøkonomiske fag, administrative fag, samfunnsøkonomiske fag, metodefag og etikk, samfunnsansvar og berekraft. Siste året av studiet gir studentane høve å velje mellom ulike valemner i tillegg til at studentane arbeider med ei selvstendig bacheloroppgave. Studiet er godt tilrettelagt for at studentane kan ta deler av sitt tredje studieår i utlandet. Studiet er eit tverrfagleg og yrkesretta studium og kvalifiserer studentar til opptak ved økonomisk/administrative mastergradsstudiar i inn- og utland.

Målgruppe:

Personar som ynskjer å kombinere studiar med arbeid. Studentane må rekne med ein tidsbruk tilsvarande 20 timer pr uke på studiet. 

Læringsutbytte

Dei emna som er inkludert i bachelorprogrammet skal samla bidra til at studentane oppnår følgjande læringsutbytte på programnivå, satt opp i form av kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:

KUNNSKAP

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innafor det økonomisk-administrative fagområdet, deriblant:
  • korleis kapitalmarknadene og verdipapir fungerer, korleis verksemder vert finansiert, korleis investeringar vert vurdert
  • korleis økonomiske styringsverktøy vert brukt og korleis rekneskap vert utarbeida, rapportert og analysert
  • korleis verksemder utviklar og iverkset strategiar, korleis dei vert organisert og leiia, samt korleis produkt og tenester vert marknadsført og posisjonert.
  • korleis marknaden fungerer, korleis konsumenter og produsenter gjer sine val og korleis desse vert påverka av økonomisk politikk, teknologi og internasjonale rammevilkår
  • korleis verkesemder vert starta, utvikla og endra i tråd med behov, juridiske rammer og forventninger i samfunnet, slik som til dømes berekraft, globalisering, innovasjon og teknologiutvikling, samt den nordiske arbeidslivsmodellen si verknad for arbeids-og næringsliv
  • korleis verksemder utøver sin aktivitet på ein etisk forsvarlig måte slik at dei ivaretar sine interessentar og samtidig fremmer FN sine berekraftsmål
  • har grunnleggjande kunnskap i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapelig metode, samt forstår korleis metodiske verktøy vert brukt i samband med innhenting, organisering og analyse av data.
  • kjenner til fagområda sin historie, tradisjonar, egenart, plass i samfunnet, samt forsnings-og utviklingsarbeid

FERDIGHETER

Kandidaten:

  • kan nytte faglig kunnskap og relevante resultat fra forsknings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og grunngje sine val, deriblant:
  • innhente, sortere og vurdere relevant informasjon
  • analysere økonomisk-administrative problemstillingar ved hjelp av egna teori og empiriske metodar
  • gjere ei kritisk vurdering av usikkerheit ved eigne analyser
  • evnar å kommunisere innhold i analyser, metodevalg, resultater og forutsetninger både muntlig og skriftlig
  • kan nytte arbeidslivsrelevante digitale verktøy, teknikker og uttrykksformer
  • kan vurdere ulike typer risiko og konsekvensar av slutningar
  • kan nytte ulike faglige perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å forstå korleis verksemdar fungerer
  • kan integrere ansvarlighet og berekraftshensyn i verksemda sin forretningsmodell og praksis

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten:

  • er medviten sine eigne verdiar og korleis desse verkar inn på eigen aktivitet og slutningar
  • viser evne til ansvarlighet, kritisk tenkning og etisk refleksjon
  • forstår korleis problemstillingar, prosessar og slutningar verkar inn på ressurser, kontekst og verdisett
  • har grunnlag for å gje innspel til langsiktig verdiskaping for virksomhet og samfunn
  • har grunnlag for å operere i ein internasjonalt arbeidsmarknad
  • kan samarbeide i ulike kontekster og på tvers av fagområde
  • har grunnleggjande forståelse av IT- systemer og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og verdiskaping
  • skal kunne bidra til å fremje verksemdas innovasjons- og omstillingsevne i ein omskifteleg arbeidsmarknad.

Innhald

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta. I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, har du høve til å fordjupe deg i valemner fra dei ulike fagområda.

Studiet inkluderer følgjande fagområder;

  • Bedriftsøkonomiske fag (finansrekneskap, økonomistyring, investeringsanalyse og finansiering)
  • Administrative fag (marknadsføring, foretaksstrategi, organisasjonsteori og leiing)
  • Samfunnsøkonomiske fag (mikroøkonomi og makroøkonomi)
  • Metodefag (matematikk, statistikk, samfunnsvitskapelig metode)
  • Etikk, samfunnsansvar og berekraft

I 4 og 5. studieår har du høve til å velgje mellom ulike valgemner. Dersom du ønskjer å bli autorisert rekneskapsførar, tilbyr vi rekneskap som fordjuping.

Arbeidsformer

Vi tilbyr forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad på campus Haugesund. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper. Studiet forutset at du er tilstades i Haugesund, og både forelesningar, seminar og rekneverkstad kan innehalde obligatorisk frammøte.

Vurderingsformer

Vurderingsformene som blir brukt er mellom anna skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen eller mappevurdering. Det kan også førekomme ein kombinasjon av fleire vurderingsformer, som heimeeksamen og skuleeksamen. I mange av emna er det obligatoriske arbeidskrav, dette kan også vera frammøte på forelesinga eller andre aktivitetar, som må vere godkjende for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. Karakterskalaene består av bokstavkarakterane A-F eller bestått/ikkje bestått.

Sjå emneomtalen for det enkelte emnet for å få nøyaktig informasjon av type vurdering som er vald.

Internasjonalisering

Det blir gitt høve til eit utanlandsopphald i løpet av studiet. Det er lagt til rette for at studentar som ønskjer det kan studere i utlandet i slutten av studieløpet. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphald på tre til seks månader blir godkjent som del av ditt studium ved HVL, og du taper ikkje tid.

Organisering

Den femårige studiemodellen er delt opp i ti semester. Dei tre første åra er det 15 studiepoeng per semester. Dei resterande studiepoenga vert delt på dei siste fire semestera og til saman er studiet på 180 studiepoeng. Etter fem år får kandidaten graden Bachelor i økonomi og administrasjon.