Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon, Sogndal

Hausten 2023

Studiet gir kandidatane ein brei kompetanseplattform innanfor det økonomisk- administrative fagområdet og byggjer på anbefalt nasjonal plan frå Universitets og høgskulerådet (UHR) sin fagstrategiske eining for økonomi og administrasjon. Korleis ein skapar og forvaltar verdiar i eit langsiktig perspektiv står sentralt i studiet. Kandidatane får difor kunnskap om korleis private og offentlege verksemder tek avgjersler for å koordinere og optimalisere bruken av knappe ressursar for å nå verksemda sine mål. Vidare lærer kandidatane både å forstå dei samfunnsmessige verknadane av verksemdene sine avgjerslene og korleis samfunnsmessige endringar påverkar verksemder og deira avgjersler. Studiet gir også kandidatane innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet slik at dei har oppdatert kunnskap om teoriar og metodar.

Studiet bidreg til å utvikle kandidatane sin kritiske tenking og gir grunnlag for vidare studiar på masternivå. Studiet er spesielt tilpassa masterstudiet i økonomi og administrasjon (som gir sidetittelen siviløkonom). Ved å velje emne innan finansrekneskap, skatte- og avgiftsrett, rettslære og bacheloroppgåve i rekneskap, kan studentane etter tre års relevant praksis også søke Finanstilsynet om autorisasjon som statsautorisert rekneskapsførar.

Læringsutbytte

Emna som er inkludert i bachelorprogrammet skal samla bidra til at studentane oppnår følgjande læringsutbytte på programnivå:

KUNNSKAP

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innafor det økonomisk-administrative fagområdet.
  • har kunnskap om korleis kapitalmarknadene og verdipapir fungerer, korleis verksemder vert finansiert og korleis investeringar vert vurdert
  • har kunnskap til bruk av økonomiske styringsverktøy og korleis rekneskap vert utarbeida, rapportert og analysert
  • har kunnskap om korleis verksemder utviklar og iverkset strategiar, korleis dei vert organisert og leia, samt korleis produkt og tenester vert marknadsført og posisjonert.
  • forstår korleis marknaden fungerer, korleis konsumentar og produsentar gjer sine val og korleis desse vert påverka av økonomisk politikk, teknologi og internasjonale rammevilkår
  • har innsikt i korleis verksemder vert starta, utvikla og endra i tråd med behov, juridiske rammer og forventningar i samfunnet, slik som til dømes berekraft, globalisering, innovasjon og teknologiutvikling, samt den nordiske arbeidslivsmodellen si verknad for arbeids- og næringsliv.
  • kjenner til korleis verksemder utøver sin aktivitet på ein etisk forsvarleg måte for å ivareta sine interessentar og samtidig fremje FN sine berekraftsmål
  • har eit godt metodegrunnlag i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapleg metode, samt forstår korleis metodiske verktøy vert brukt i samband med å hente inn, organisere og analysere data.
  • kjenner til fagområda si historie, tradisjonar, eigenart, plass i samfunnet, samt forskings- og utviklingsarbeid

FERDIGHETER

Kandidaten:

  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar samt grunngje sine val
  • kan analysere økonomisk-administrative problemstillingar ved hjelp av eigna teori og empiriske metodar
  • kan gjennomføre ei kritisk vurdering av usikkerheit ved eigne analyser
  • evner å kommunisere innhaldet i analyser, metodeval, resultat og føresetnadar både munnleg og skriftleg
  • kan nytte arbeidslivsrelevante digitale verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • kan vurdere ulike typar risiko og konsekvensar av avgjersler
  • kan nytte ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å forstå korleis verksemder fungerer
  • er i stand til å integrere omsyn til berekraft i verksemda sin forretningsmodell og praksis

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten:

  • er medviten sine eigne verdiar og korleis desse verkar inn på eigen aktivitet og slutningar
  • viser evne til kritisk tenking og etisk refleksjon
  • forstår korleis problemstillingar, prosessar og avgjersle verkar inn på ressursar, kontekst og verdisett
  • har grunnlag for å bidra til langsiktig verdiskaping for verksemder og samfunn
  • har grunnlag for å operere i ein internasjonalt arbeidsmarknad
  • kan samarbeide i ulike kontekstar og på tvers av fagområde
  • har grunnleggjande forståing av IT- system og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og verdiskaping
  • skal bidra til å fremje verksemder sin innovasjons- og omstillingsevne i ein omskifteleg arbeidsmarknad

Innhald

Studieplanen er bygd opp kring fem kjerneområder:

Bedriftsøkonomiske fag (finansrekneskap, økonomistyring, investeringsanalyse og finansiering)

Administrative fag (marknadsføring, foretaksstrategi, organisasjonsteori og leiing)

Samfunnsøkonomiske fag (mikroøkonomi og makroøkonomi)

Metodefag (matematikk, statistikk, samfunnsvitskapelig metode)

Etikk, samfunnsansvar og berekraft

Obligatoriske emne utgjer 135 studiepoeng, valfrie emne utgjer 45 studiepoeng. Studentane kan velje valfag i 4. og 5. semester. Merk at tilbodet av valemne kan bli endra. Valemne med få studentar kan bli avlyste. Avlysing av valemne vil bli kunngjort like etter semesterstart. Andre relevante emne enn dei omtalte i studieplanen kan inngå som valemne etter søknad.

Praksis

Det er mogleg å velje praksis i 4. semester. Sjå emne omtale for BØ6-2008 Internship - økonomi.

Arbeidsformer

Arbeidsformene på studiet vekslar mellom forelesingar, diskusjonar, seminar, gruppeøvingar og kollokviegrupper med rettleiar. Studiet nyttar også problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante for verksemder både i dag og i framtida. Studiet føreset at kandidaten er til stade i Sogndal og enkelte emne kan innehalde obligatoriske aktivitetar.

Det vert lagt opp til ein studietur i 2. eller 3. klasse med besøk hjå verksemder og institusjonar. Studentane må rekne med eigenbetaling for delar av ekskursjonen. For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

For å følgje undervisning og gjennomføre eksamenar i studiet, må studentane disponere eigen berbar datamaskin med standard programvare.

Vurderingsformer

Ulike former for vurdering og prøving vert nytta i studiet. Sjå emneomtalen for det enkelte emnet for detaljert skildring av vurderingsformene som er nytta i studiet.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for at studentar som ønskjer det kan studere i utlandet hausten det 4. studieåret. Studentane må søkje om godkjenning på førehand for at opphaldet skal verte godkjent som del av studiet.