Hopp til innhald

Studieplan - Vidareutdanning i pleie og behandling av ikkje-helande sår

Hausten 2020

Det er ein overveiande nettbasert deltidsutdanning. Utdanninga består av to emne; SÅR1101 og SÅR1102, á 15 studiepoeng, som begge vert avslutta med eksamen. Kvart emne er delt i to tema, som kvar startar med ei samling på fire dagar. Etter det fyrste temaet i kvart emne er ferdig, får studentane eit studiekrav de skal løysa. Når emnet er ferdig, løyses eksamen. Det er ein føresetnad for å få gjennomføre eksamen at temaoppgåver/studiekrav er godkjente.

Læringsutbytte

Det er forventa at studenten etter fullført studieprogram

 

Kunnskap

  • har inngåande kunnskap om det fysiologiske og patofysiologiske grunnlaget for sårheling
  • har inngåande kunnskap om generelle årsaker til at sår ikkje heler og generelle behandlingsmetodar
  • har inngåande kunnskap om sirkulatoriske årsaker til at sår ikkje heler og behandlingsmetodar i samband med dette
  • har inngåande kunnskap om nevropatiske, trykkrelaterte og immunologiske årsaker til at sår ikkje heler og behandlingsmetodar i samband med dette

Ferdigheter

  • identifiserer personar med risiko for å få ikkje-helende sår
  • førebygger at sår oppstår hos personar med kjend risiko
  • analyserer og vurderer ulike typar ikkje-helande sår
  • set i verk behandling av ikkje-helande sår

 

Generell kompetanse

  • analyserer og gjer bruk av relevant fag- og forskingslitteratur knytt til sårbehandling
  • medverkar til nytenking og innovasjonsprosessar

Vurderingsformer

Individuell heimeeksamen, semesteroppgåver/studiekrav.

Internasjonalisering

Ikkje på noverande tidspunkt.

Organisering

SÅR1101 Generell prinsipper for behandling av ikkje-helande sår

SÅR1102 Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar