Studieplan - Master med integrert PPU
Hausten 2025
Studiet er for kandidatar som allereie har ein bachelorgrad i eit skuleretta fag og som ønsker å bli lektor. Studiet gir studenten moglegheit til å ta både mastergrad og PPU integrert som ein alternativ veg til lærarutdanning. Studiet er tufta på forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning §6-2: Institusjoner som tilbyr en integrert master i praktisk-pedagogisk utdanning på minst 120 studiepoeng, jf. forskriften § 3, kan ta opp søkere som tilfredsstiller krav for opptak til mastergraden, til det integrerte løpet.
Studentar i studiet blir tekne opp til ei av følgjande studieretningar: Samfunnsfag, KRLE, Kroppsøving, mat og helse, Matematikk, naturfag eller andrespråksdidaktikk.
Skikkavurdering
Utdanninga er underlagt skikkavurdering, jf. Lov om universitet og høyskoler § 12-3. Formålet med skikkavurdering er å avdekke om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving.
Løpande skikkavurdering er ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket, og skjer gjennom heile studiet. Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. lov om universitet og høyskoler §12-3. Dersom ein student vert funnen uskikka for yrket, kan ein bli utestengd frå studiet for ein tidsperiode (og vil ikkje få vitnemål).
For meir informasjon, sjå HVL si nettside om skikkavurdering.
Opptakskrav
Ein bachelorgrad i studieretningsfaget:
- Samfunnsfag og KRLE
- Kroppsøving, mat og helse
- Matematikk og naturfag
- Framandspråksdidaktikk
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
- har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
- har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og om barns og ungdoms utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar
- har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg innanfor respektive fag
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, inkludert kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis ein kan setje i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
- har avansert kunnskap om sentrale faglege og fagdidaktiske problemstillingar innanfor ei vald studieretning
- har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde og kunnskapsgrunnlaget for masteroppgåva
- har inngåande kunnskap om vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
- har djup innsikt i ulike didaktiske teoriar og tradisjonar, og korleis ulike styringsideologiar gir føringar for didaktisk praksis
Ferdigheter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
- kan leie og leggje til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevane si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eigen fagleg utvikling
- kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnets beste
- kan analysere, vurdere, ta i bruk og etablere ny forskingsbasert kunnskap på eit avgrensa felt
- kan analysere, planleggje, implementere og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing i profesjonsfellesskap
- kan kommunisere om og rettleie kollegaer i utvikling av læreplanar, undervisning og vurdering
- kan planleggje og gjennomføre forskingsbaserte studiar av relevante problemstillingar åleine, eller saman med andre
- kan ta aktiv del i utvikling av praksisen i profesjonsfellesskapet
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- har ein profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer sin og skulen sin utvikling
- kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
- kan formidle eiga og andre si forsking skriftleg og munnleg på ein fagleg og etisk forsvarleg måte
- kan vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei i opplæringa på måtar som styrkjer og utviklar fagfeltet sin didaktikk
- kan analysere og vurdere relevante faglege, didaktiske og etiske problemstillingar, og bidra med kunnskap til utvikling av fagfeltet i eit profesjonsfellesskap
- kan analysere behov for kunnskap og bidra i innovasjonsprosessar knytt til eigen arbeidsplass
- kan styrkje internasjonale og fleirkulturelle perspektiv i skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
Nærare skildring av progresjon og organisering av læringsutbyttebeskrivingane er spesifisert i emneplanane.
Innhald
Studiet består av emne frå MDIP og PPU for allmenne fag. I tillegg er det to eigne emne som inngår i MPPU:
- MPPU504: Vitskapsteori og metode – innheld grunnleggande I emnet skal studenten få inngåande innsikt i vitskapsteoretiske og metodiske tradisjonar knytte til forsking om utdanning. Dette gjeld både generelt og som grunnlag for metodeval i eige masterprosjekt. Emnet skal gi kandidatane evne til å oppdatere seg på, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eige masterprosjekt og eigen yrkespraksis innan utdanningsfeltet. Gjennom emnet skal studentane vidare fordjupe seg i forskingstilnærmingar og metodar som er spesielt relevante for deira eige masterprosjekt. Både kvalitative og kvantitative forskingsmetodiske tilnærmingar blir vektlagt, i tillegg til aksjonsretta og praksisnære tilnærmingar til forskingsopplyst utviklingsarbeid i utdanningssektoren.
- MPPU306: Skulen i samfunnet – Utvikling av profesjon og profesjonsfellesskap i ein samfunnskontekst Emnet legg vekt på skulen som ein sentral samfunnsinstitusjon med mandat til å utføre oppgåver på vegne av storsamfunnet. Emnet søker å utvikle studentane sin evne og vilje til kontinuerleg profesjonsutvikling, og å ta profesjonsansvar i større profesjonsfellesskap. Det vert fokusert særskilt på korleis skulen fungerer som arena for sosialisering og identitetsutvikling i samspel med andre sosialiseringsarenaer som familie og vener. Lærestoffet omfattar difor samarbeid med foreldre, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre instansar utanfor skulen.
Praksis
Det er praksis i studiet. Læringsutbyta for praksis er formulerte i studieplan for Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og i emneplanar for praksis. PPUA307 og PPUA308.
Praksisemna har ikkje studiepoeng, og følger pedagogikkemna i studiet. PPUA305 har praksisemne PPUA307, MPPU306 har praksisemne PPUA308.
Arbeidsformer
Master med integrert PPU legg opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, praksis, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eiga yrkesutøving. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar.
Obligatoriske læringsaktivitetar varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.
Studentane får ved opptak studierett til campus Stord. Undervisninga vil skje dels digitalt og dels som samlingar på campusane Sogndal, Stord og Bergen.
Vurderingsformer
Vurderingsformene varierer mellom dei ulike emna. Det blir nytta mappe, heimeeksamen, skriftlege oppgåver og munnleg eksamen. Obligatoriske læringsaktivitetar, vurderingsformer og vurderingsuttrykk er gjort greie for i dei enkelte emneplanane
Krav til studieprogresjon
I masterdelen: Alle emne i studieretninga og alle fellesemne må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen i emnet Masteroppgåva.
PPUA305 Ledelse av læreprosesser - ledelse av lærings- og utviklingsarbeid i et individ- og gruppeperspektiv og PPUA307 Praksis 1 må takast før eksamen blir avlagt i MPPU306.
Internasjonalisering
Moglegheiter for internasjonalisering er spesifisert i studieplan for master i didaktiske praksiar og Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, med tilhøyrande emneplanar.