Hopp til innhald

Studieplan - Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag

Hausten 2025

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A) er ei kort og intensiv lærarutdanning som byggjer på studenten sitt allereie gjennomførte fagstudium.
Studenten skal utvikle både praktisk og teoretisk kunnskap om og forståing for ein lærar sine løpande pedagogiske val og didaktiske handlingsrom. Dette skal studenten vidare kunne nytte aktivt som profesjonell lærar i møte med kompleksiteten i skulekvardagen.

Skikkavurdering

Utdanninga er underlagt skikkavurdering, jf. Lov om universitet og høyskoler § 12-3. Formålet med skikkavurdering er å avdekke om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering er ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket, og skjer gjennom heile studiet. Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. lov om universitet og høyskoler §12-3. Dersom ein student vert funnen uskikka for yrket, kan ein bli utestengd frå studiet for ein tidsperiode og vil ikkje få vitnemål.

For meir informasjon, sjå HVL si nettside om skikkavurdering.

Læringsutbytte

Studieprogrammet følger dei læringsutbyttebeskrivingane som til ei kvar tid er gjeldande gjennom utdanninga si forskrift til rammeplan:

Kunnskap

Kandidaten
- har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
- har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
- har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar
- har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, irekna kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis setje i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.

Ferdigheiter

Kandidaten
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
- kan leie og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevane si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eigen læring og eiga faglege utvikling
- kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnet sitt beste.

Generell kompetanse

Kandidaten
- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- innehar ein profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaers og skolen si utvikling
- kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Nærare beskriving av progresjon og organisering av læringsutbyttebeskrivingane er spesifisert i emneplanane.

Innhald

PPU-A heiltid går føre seg ved Campus Sogndal.

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A) er ei kort og intensiv lærerutdanning som bygger på studenten sitt gjennomførte fagstudium. Studenten skal utvikle både praktisk og teoretisk kunnskap om, og forståing for ein lærar sine pedagogiske val, og didaktiske handlingsrom. Denne kunnskapen skal studenten vidare kunne anvende som ein profesjonell yrkesutøvar, i skulekvardagen. Studiet er bygd opp for å støtte studenten sin heilskaplege kompetanseutvikling. Studiet består av 30 stp. pedagogikk, og 30 stp. fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i følgande emne:

  • Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv (30 stp.)
  • Praksis 1
  • Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i et organisasjons- og samfunnsperspektiv (30 stp.)
  • Praksis 2

Studiet skal knyte teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gi framtidige faglærarar naudsynt startkompetanse. Gjennom å ha ei forskande tilnærming til lærestoffet vil studentane kunne tileigne seg det som er naudsynt for å oppnå ein slik profesjonsfagleg kompetanse.

For å kunne avlegge eksamen må studenten ha godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane som er spesifisert i kvart emne. Nærare presisering av tidspunkt for undervisning, obligatoriske læringsaktiviteter og praksis, blir gitt i emneplanar, Canvas og på Høgskulen på Vestlandet sine praksisnettsider. Samla sett må studenten rekne med at studiet vil krevje omkring 1800 arbeidstimar.

Praksis

Praksis består av 60 (30 + 30) heile dagar og skal integrere de teoretiske emna i studiet. På den måten kan dei pedagogiske, fagdidaktiske og faglege elementa gjensidig utfylle kvarandre i kvalifiseringa til læraryrket.

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i ein lærar sin arbeidskvardag og er beskrive i emneplan for praksis. Praksis skal være rettleia og studentane vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar, lærar frå studiestad og studenten sjølv deltek. Der studenten er tilsett i skulen, kan 50 % av praksis føregå ved eigen arbeidsplass, etter avtale med praksiskoordinator.

Arbeidsformer

Studiet gjer bruk av ei rekke varierte og studentaktive arbeidsformer: Casearbeid, seminar, drøfting i par og grupper, fysisk aktiv læring, praktiske arbeidsformer, førelesing og ulike former for arbeid der studentene sjølv presenterer. Kva arbeidsformer som blir tatt i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det blir arbeidd med. Nærare presisering er gjort i emneplanane og årsplanen.

Vurderingsformer

Kompetansen vil bli vurdert både gjennom skriftlege og munnlege dokumentasjonsformer. Vurderingsformene er nærare skildra i emneplanane.

For å kunne avlegge eksamen må studenten ha utført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar i studiet slik dette er fastsett i det einskilde emne.