Ein blond person med kvit labfrakk står og smiler framfor noko teknologisk utstyr.

Prosessteknologi | y-veg

Bachelor

Studieprogrammet bachelor i ingeniørfag, prosessteknologi, er ei 3-årig prosessingeniørutdanning med yrkesfagleg løp for kandidatar med relevant fagbrev (y-veg). Dette er eit fulltidsstudium der undervisninga er nett- og samlingsbasert.

Bergen og Haugesund

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Videregående utdanning med relevant fagbrev. For søkere med fag-/svennebrev etter tre år på videregåendeskole, blir det stilt krav om minimum 12 måneder relevant yrkespraksis etter avlagt fag-/svenneprøve

    Søkere med utenlandsk fagbrev må dokumentere norsk og engelsk og vil få en individuell vurdering av fagbrevet.

    Utdanningen er tilrettelagt for studenter med fagbrev innen kjemi/prosess, elektro, og mekaniske fag. Se oversikt over relevante fagbrev under:

    Relevante fagbrev etter Kunnskapsløftet:

    • Akvakulturfaget (fagoperatør i akavakultur)
    • Automatiseringsfaget (automatiker)
    • Avionikerfaget (avioniker)
    • Brønnfaget, havbunnsinstallasjoner (brønnoperatør, havbunnsinstallasjoner)
    • Brønnfaget, komplettering (brønnoperatør, komplettering)
    • Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner (brønnoperatør, mekaniske kabeloperasjoner)
    • Brønnfaget, sementering (brønnoperatør, sementering)
    • Dataelektronikerfaget (dataelektroniker)
    • Elektrikerfaget
    • Elektroreperatør/-montørfaget
    • Energinotør/-operatørfaget
    • Flysystemmekanikerfaget (flysystemmekaniker)
    • Industriell matproduksjon (fagarbeider, industriell matproduksjon)
    • Heismontørfaget
    • Industrimontørfaget (industrimontør)
    • Industrirørleggerfaget (industrirørlegger)
    • Kjemiprosessfaget (fagoperatør i kjemisk prosessindustri)
    • Kulde- og varmepumpemontørfaget (kulde- og varmepumpemontør)
    • Laboratoriefaget (faglaborant)
    • Logistikkfaget (logistikkoperatør)
    • Maritim elektrikerfaget
    • Produksjonselektronikerfaget (produksjonselektroniker)
    • Produksjonsteknikkfaget (fagoperatør i produksjonsteknikk)
    • Signalmontørfaget
    • Sjømatproduksjon (fagarbeider sjømatproduksjon)
    • Togelektrikerfaget

    Relevante fagbrev før kunnskapsløftet:

    • Fiskeindustrifaget (fagmedarbeider i fiskeindustrien)
    • Industriell næringsmiddelproduksjon (fagoperatør i næringsmiddelindustrien)
    • Kjemiprosessfaget (fagoperatør i kjemisk prosessindustri)

    Studietilbudet inngår i rammeavtalen mellom Equinor og HVL, og er ikke åpent for søknader fra andre.  

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere prosessteknologi?

    Utdanninga gjev kunnskapar og ferdigheiter for praktisk bruk av prosesskjemifaget i ein industriell samanheng. 

    Studiet har hovudfokus på prosessemne med undervisning av prosessteknologiske problemstillingar. Sentrale emne er anvendt fluidmekanikk, separasjon og reinseteknologi, prosessteknikk samt prosessregulering. I bacheloroppgåva i siste semester, får studentane jobbe med ei metode- og problemorientert oppgåve, med utgangspunkt i ei realistisk problemstilling innan prosessteknologi. 

    Prosessemna i studiet vil gje gode kunnskapar i prosessteknologi og inngåande kjennskap til verkemåten til prosessutstyr (som pumper, kompressorar, varmevekslarar). Sidan elektrofagleg kunnskap er viktig for ein prosessingeniør, er også grunnleggjande elektrofag og instrumentering implementert i studieplanen. Det same gjeld for tema som HMS, risikovurdering og teknisk sikkerheit. Ei oversikt over fornybare energikjelder blir gitt i eit valemne som omhandlar energikjelder, energiforbruk og energiteknologi. 

    Basiskunnskapar i realfaga er ein føresetnad for å få fullt utbytte av undervisninga i prosessemna. Desse emna er difor plassert i dei tre første semestera i studieplanen og inkluderer grunnleggjande kjemi, organisk kjemi samt kjemisk termodynamikk og faselikevekter.

    Korleis er undervisninga?

    Dette er eit nett- og samlingsbasert fulltidsstudium og er tilpassa studentar som også er i jobb. Ordinær studiestart er i midten av august og skjer ved eit digitalt «kick off»-møte med viktig informasjon om studiet og den digitale læringsplattforma Canvas. Her får du også møte undervisarane. Før sommaren vil alle studentar i studieprogrammet prosessteknologi få tilgang til eit digitalt studieførebuande kurs i matematikk. Det er sterkt anbefalt at du gjennomfører dette kurset. 

    Det er tre fysiske samlingar kvart semester der kva samling er på inntil 5 dagar. Samlingane vil  vere fordelt på campus Bergen og Haugesund, med ein hovudvekt på bruk av campus Bergen. I tillegg til dei fysiske samlingane vil det vere digitale synkrone samlingar ein dag i veka. Mellom samlingane er det sjølvstudium og læringsaktivitetar som må gjennomførast.  

    I samband obligatoriske læringsaktivitetar som til dømes laboratorieundervisning, er det krav om fysisk obligatorisk oppmøte for gjennomføring av laboratorieøvingar. Du finn obligatoriske læringsaktivitetar i emneplan for kvart emne. 

    I dette studiet må ein vere førebudd på mykje sjølvstudium. Det blir forventa og det er avgjerande at du jobbar med studiet mellom samlingane, og følgjer undervisningsopplegga gitt i Canvassidene for dei ulike emna. For å lukkast med studiet er det viktig å delta og vere aktiv på digitale og fysiske samlingar. Du blir kjent med undervisarar og medstudentar, du får jobba i lag med andre og deltatt i faglege diskusjonar.