Studieplan - Rektorutdanning - Utdanningsleiing
Hausten 2025
Vår rektorutdanning er eit tilbod til deg som ønskjer å vidareutvikle deg som skuleleiar, byggje nye kompetansar slik at du er betre rusta til både å møte og forme framtidas skule.
Hos oss likestiller vi den erfaringsbaserte og den teoriinformerte kunnskapen. Vi søkjer heile tida å forstå dei spesifikke praksiserfaringane du og dei andre leiarane har, i lys av teori. Samstundes gjer vi den meir generelle teorien relevant og nærverande nettopp gjennom dei konkrete praksiserfaringane.
I møtet mellom praksiserfaring og teori, utviklar vi saman nye perspektiv som du prøver ut på eigen skule mellom samlingane. Erfaringane tek vi aktivt med inn på neste samling og byggjer vidare på dei.
Studiet er samlingsbasert.