Studieplan - Bachelor i Sosiologi - nettstudium
Hausten 2025
Sosiologi handlar om å forstå samspelet mellom individ og samfunn og danning av relasjonar og handlingsmønster innanfor ulike samfunnsområde. Det er og opptatt av endringar i relasjonar og mønster, slik ein kan observere det i samfunnets oppgåvefordeling og praksisar. Det er ein brei og mangesidig samfunnsvitskap med ei lang historie som delvis er felles med andre samfunnsvitskapar.
I bachelorutdanninga ved HVL er vi opptatt av å gi studentane dei viktigaste faglege reiskapane for å praktisere sosiologi. Det tyder ei teoretisk, metodisk og analytisk grunnopplæring gjennom å lese faglitteratur, å gjere individuelle og kollektive øvingar, og å formidle faget på varierte måtar. Studentane får innsikt i korleis samfunnsvitskapen har undersøkt sosiale klassar, ulikskap, samhandling, kjønn, maktforhold, sosialisering, kultur og dei sentrale samfunnsinstitusjonane.
Faget har som premiss at ein må forstå individ ut frå samanhengen dei er del av. Omgjevnadane for individ skiftar med ulik livssituasjon, stadar og kultur, og historia byr dessutan på eksempel som syner dramatiske forskjellar i levekår for menneske i ulike tidsperiodar. Slike historiske skifte kan gå svært fort: Digital teknologi, bioteknologi og energiproduksjon har på kort tid omskapt omgjevnadane våre og gitt opphav til både framtidstru og kriseopplevingar. Klima- og miljøproblem er høgt på den politiske dagsorden, men står i direkte konflikt med andre sentrale samfunnsbehov. Med framveksten av fleire stormakter, og spenningane dette gjev opphav til, ser verda og farlegare ut enn for berre 10 – 20 år sidan.
I bachelorstudiet blir det faglege grunnlaget i sosiologien prøvd opp mot og eksemplifisert ved slike observerbare endringar. Vi rettar og merksemda mot korleis ulike historiske erfaringar pregar ulike generasjonar av menneske, særskild i ungdomstida, og korleis det kan medverke til nyskaping i arbeids- og samfunnsliv, men og uro, konflikt og uklare normer.
Studiet er samansett av allmenn sosiologisk teori og metode, men har innslag av tematiske fordjupingsemne som gir studentane faglege perspektiv på dagsaktuelle samfunnsforhold. Sosiologiutdanninga vår er og open for kunnskap frå andre samfunnsvitskaplege fagdisiplinar (t.d. antropologi og statsvitskap).
Målgruppa er studentar med ei brei samfunnsinteresse, som vil ha ei djupare forståing av sosialt liv i dagens grenseflater mellom kultur og natur, økonomi og samfunn, og mennesket og materielle vilkår. I tredje studieår blir det høve til å praktisere sosiologi i arbeidslivet gjennom eit lengre opphald på ein arbeidsplass. Både privat og offentleg sektor er gode alternativ for studentar som ønskjer ein slik arbeidspraksis.
Utdanninga gjev grunnlag for å gå vidare på master i sosiologi og andre samfunnsvitskapleg orienterte, eller tverrfaglege, masterutdanningar.
Læringsutbytte
Etter fullført bachelorstudium:
Kunnskapar
Har kandidaten brei kunnskap om sosiologiske omgrep om sosiale mønster, relasjonar og prosessar
Har kandidaten kunnskap om korleis generasjonar og generasjonsspesifikke erfaringar kan bidra til samfunnsendring
Har kandidaten brei kunnskap om metodar i sosiologisk forsking
Kjenner kandidaten til grunngjevingar for at faget nyttar ulike metodar, og kva grunnlag metodane legg for kunnskapsdanninga
Har kandidaten kunnskap om kva for plass sosiologifaget har hatt i samfunnet, korleis det utviklar seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi faget har i dag
Ferdigheiter
Kan kandidaten finne, vurdere og vise til sosiologiske studiar i akademiske arbeid
Kan kandidaten nytte enklare variantar av forskingsmetodar i sosiologisk analyse
Kan kandidaten gi døme på korleis sosiologien har tematisert og omgrepsfesta samfunnsendring i historia og samtida
Kan kandidaten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologifagleg ståstad
Kan kandidaten samanfatte og utføre grunnleggjande vurderingar av samfunnsvitskaplege forskingsresultat
Kan kandidaten nytte kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse frå studiet i ein fagleg relevant yrkespraksis
Generell kompetanse
Har kandidaten innsikt i etiske verknader av sosiologisk forsking og kunnskapsspreiing
Kan kandidaten planleggje og gjennomføre sjølvstendige faglege bidrag i samarbeid med andre i arbeidsliv eller vidare studium
Kan kandidaten formidle sentralt fagstoff gjennom å skrive sakleg og etterretteleg
Innhald
Studiet er ei nettbasert bachelorutdanning i sosiologi. Undervisninga vil gå føre seg digitalt. Studiet går over tre år. Det første året tek studenten emnet Danning og akademisk handverk, fire disiplinemne i sosiologi (Ungdomssosiologi, Klassiske sosiologiske perspektiv, Nyare sosiologiske perspektiv, Frå ung til vaksen), samt Sosiologisk forskingsmetode. Det andre året tek studenten tre emne (Menneske mellom natur og samfunn, Miljøsosiologi og Global historie på hausten og tre emne (Komparativ politikk, Internasjonal politikk og Ungdom og ulikskap i eit globalt perspektiv) på våren. Emna andre året er tilrådde, men ikkje obligatoriske. Det inneber at dei kan velje andre emne ved HVL, andre høgskular og universitet i Noreg eller i utlandet. Tredje året tek studentane anten Arbeidssosiologi, Økonomi, kultur og teknologi i et globalt perspektiv og Økonomisk sosiologi på hausten og Sosiologisk analyse og metode og Bacheloroppgåve på våren. Studentar som tek delar av det andre året ved andre institusjonar må be om førehandsgodkjenning frå HVL. Ver merksam på at nettstudiet i sosiologi er under revidering slik at det vil verte endringar i emne og namn på emne.
Arbeidsformer
Førelesingar, seminarundervisning, munnleg presentasjon, podcast, skriftlege arbeid, arbeidslivspraksis og sjølvstudium. Det blir forventa at studentane deltek aktivt i alle undervisningsformer.
Vurderingsformer
Digital skriftleg heimeeksamen, semesteroppgåve, individuell oppgåve med rettleiing, digital munnleg eksamen (sjå under kvar emneomtale). Om ikkje anna er oppgjeve blir det gitt bokstavkarakter på emnet; A - F, der F er ikkje greidd.
Internasjonalisering
Studentar som følgjer det ordinære bachelorløpet i sosiologi kan ta eitt eller begge semester andre året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.
Organisering
Vi tek atterhald om endringar i samansetjinga av emna på andre og tredje året.
Studentane vil få god informasjon om dette i løpet av det første semesteret.
1. semester (obligatoriske emne)
SOS110 Danning og akademisk handverk – sosiologi (10 stp)
SOS120 Ungdomssosiologi (10 stp)
SOS130 Klassiske sosiologiske perspektiv (10 stp)
2. semester (obligatoriske emne)
SOS140 Nyare sosiologiske perspektiv (10 stp)
SOS150 Frå ung til vaksen (10 stp)
SOS160 Sosiologisk forskingsmetode (10 stp)
3. semester (valfrie emne)
SOS210 Menneske mellom natur og samfunn (10 stp)
SOS220 Miljøsosiologi (10 stp)
SA612 Global historie ( 10 stp )
4.semester (valfrie emne)
SA589 Komparativ politikk (10 stp)
SA590 Internasjonal politikk (10 stp)
SOS260 Ungdom og ulikskap i eit globalt perspektiv (10 stp)
5.semester (obligatoriske emne)
SOS310 Arbeidssosiologi (10 stp)
SOS320 Økonomi, kultur og teknologi i et globalt perspektiv
SOS330 Økonomisk sosiologi
6.semester (obligatoriske emne)
SOS340 Sosiologisk analyse og metode (10 stp)
SOS350 Bacheloroppgåve (20 stp)