En mann og en dame skriver på en tavle. På tavlen henger det post it-lapper i ulike farger.

Strategi- og virksomhetsutvikling

Etter- og vidareutdanning

Strategi er grunnlaget for forretningsdrift. Ved å lære å ta gode strategiske val kan du hjelpe ei bedrift til å skape seg konkurransefortrinn i høve til andre bedrifter i bransjen, til å skape verdi for kundane sine og i siste instans til å skape verdi for eigarane sine. 

Kvifor studere Strategi- og virksomhetsutvikling?

Utgangspunkt for strategi er ein analyse av eksterne tilhøve som påverkar bedrifta. Desse tilhøva endrar seg no i eit tempo som er stadig høgare, og både teknologi, produksjonsmetodar og kundebehov endrar seg stadig raskare.

Dette emnet gir deg ei grunnleggande forståing av korleis bransjespesifikke tilhøve og makrotilhøve (eksterne tilhøve) kan identifisere trugsmål og moglegheiter i ulike næringar.

Vidare vil du lære å formidle korleis bedriftsinterne ressursar og kapabilitetar (interne tilhøve) kan avdekke enkeltbedrifter sine sterke og svake sider.

Analyse av desse tilhøva legg grunnlaget for dine strategival, for eksempel i retning av ein kostnadsleiarstrategi eller differensieringsstrategi.

Kva lærer du?

Du får ei grunnleggande forståing av ulike internasjonaliseringsstrategiar, konsernstrategiar, kjenneteikn ved regionale/nasjonale komparative fortrinn, og foretaksetikk.

Fokus er både på strategi i den daglege drifta av ei verksemd og på strategiar for å skape ny verksemd både innanfor og utanfor rammene av eksisterande verksemd.

Les meir detaljer om kva du lærer i emneplanen her

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Arbeidsformene vil variere mellom forelesninger, gruppearbeid og praktiske øvelser.

I løpet av kurset skal det leveres inn to gruppebaserte deloppgaver som må vurderes til bestått for å få gå opp til eksamen.

Samlingar

Det blir tre helgesamlingar på campus Bergen våren 2024:

  • 1. samling: 2. - 4. februar
  • 2. samling: 8. - 10. mars
  • 3. samling: 19. - 21. april

Tidspunkt for den enkelte samlinga:

  • Fredagar kl. 16:00 – 20:00
  • Lørdagar kl. 09:00 – 17:00 (med ein time lunsj midt på dagen)
  • Søndagar kl. 09:00 – 14:00

Du som student vil få servert eit enkelt måltid fredag før kursstart, samt lunsj lørdag og søndag. 

Det er obligatorisk frammøte og fråværsgrensa ligg på 20%

Forkunnskap

Generell studiekompetanse

Pensum

 Du vil motta informasjon om pensum ved oppstart av kurset.

Eksamensform

Deleksamen med to deler:

1) Semesteroppgave som skal løses i grupper (60% av endelig karakter).

2) Skriftlig hjemmeeksamen (flervalgsoppgave), 2 timer (40% av endelig karakter). Eksamen kan bli avholdt på digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikke bestått.

Begge deler må være bestått for å få karakter i emnet.

Kvifor ta meir utdanning?

Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs