
Samling i Florø
Samling for dei som tek kurset i Florø:
Kinn utdannings- og ressurssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø
7. februar 2024
Kl. 12:00 - 16:00
Samling på Voss
Samling for dei som tek kurset på Voss
Voss Heradshus
12. februar 2024
Kl. 11:30-15:30
Undervisningsform
Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid.
Alle som deltar på samlingsbaserte kurs er saman på samling, uavhengig av om ein tar kurset som etterutdanningskurs eller studiepoengskurs.
I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal du jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Du får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.
Ein kan ta etterutdanningskurs på to nivå:
- Introduksjon: Halvdagssamling og tilgang til digitalt støttemateriale. Kursbevis blir gitt etter deltaking på halvdagsseminar. Arbeidsmengden er rekna til å vere om lag 10 timar om ein ser gjennom det digitale materialet.
- Grunnkurs: Halvdagssamling og digitalt materiale. Kursbevis blir gitt etter deltaking på halvdagsseminar og bestått digital test. Arbeidsmengden er rekna til å vere 25–30 timar.
Eksamensform
Dei studiepoenggivande kursa er på 2,5 studiepoeng og har obligatoriske arbeidskrav og eksamen. Eksamen er bestått / ikkje bestått
Om ein tar kursa som etterutdanningskurs har ein ikkje eksamen, men obligatoriske arbeidskrav. Om du tar kurset som etterutdanning grunnkurs må du ha bestått ein digital test for å få kursbevis.
Kvifor studere Sunn aldring?
Kva betyr det å vere eldre i dag? Den store gruppa av eldre i Noreg er heterogen og divers både med tanke på funksjon, ressursar, behov og ynskjer. Korleis kan vi tilretteleggje for og forstå kva det vil seie å ha ein god alderdom?
I dette kurset får du bygge kompetansen din på kva dette betyr i din kontekst og korleis du, saman med kollegaer, kan fremme sunn aldring i din kommune eller på din arbeidsplass. Dette er eit praktisk kurs der du jobbar i gruppe om eit innovasjonsprosjekt eller tiltak som kan fremme sunn aldring i din kommune.
Kursformer
Du kan ta kurset som eit studiepoengskurs på masternivå (2,5 studiepoeng) eller som eit etterutdanningskurs. Etterudanningskurs har ingen utdanningskrav.
Studiepoengskurs
Etter å ha gjennomført kurset som studiepoengskurs på masternivå vil du:
- Ha inngåande kunnskap om kva som ligg i omgrepet sunn aldring
- Kunne anvende kunnskap om aldersvenlege samfunn i ditt arbeid
- Kunne reflektere rundt helsefremjande strategiar for eldre tilpassa funksjonsnivå
- Kunne samanlikne og analysere levekår, ressursar, og behov til eldre vaksne i ulike miljø og kontekstar i eit livsløpsperspektiv
- Kunne anvende sentral kunnskap for å fremme sunn aldring, uansett funksjonsnivå, gjennom tverrfagleg arbeid
Etterutdanningskurs
Tar du kurset som etterutdanningskurs lærer du om kva vi kan gjere for å fremme sunn aldring i befolkninga vår. Sunn aldring handlar mellom anna om å tilrettelegge for aktivitet og deltaking, å forstå behov i eit livsløpsperspektiv og å bygge aldersvenlege samfunn slik at eldre med ulik og endrande funksjonsnivå kan få brukt sine ressursar på best mogeleg måte. Du vil jobbe i gruppe rundt ei relevant og konkret problemstilling på kommunenivå.
Målgruppe
Kurset er for klinikarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar. Studiepoenggivande kurs er på masternivå og krever bachelorgrad. Etterutdanningskurs har ingen utdanningskrav. Denne kursformen er tilpassa deltakarar med eit stort spekter erfaingar og utdanningsnivå
