Hopp til innhald

Studieplan - Norsk teiknspråk 1, 1.-13. trinn

Hausten 2025

Studiet vil gi deg fordjuping i undervisning i og på norsk teiknspråk, med vekt på dei særskilde krava til didaktisk kompetanse for lærarar som underviser elevar med norsk teiknspråk i grunnskule og vidaregåande skule (1.–13. trinn).

I løpet av studiet skal du tileigne deg inngåande kunnskap for å observere, forstå, analysere, vurdere og utvikle undervisning i og på teiknspråk. Du vil òg utvikle kompetanse i ulike og aktuelle arbeids- og læringsformer i teiknspråkfaget – og andre fag som blir undervist på teiknspråk.

Studiet er retta mot lærarar som er sjølvstendige språkbrukarar i norsk teiknspråk, og tilbodet blir differensiert gjennom øvingsoppgåver og arbeidskrav tilpassa dei trinna studentane til dagleg jobbar med.

Tilbodet er eit samarbeid mellom fagmiljøa for teiknspråk og tolking ved HVL, NTNU og OsloMet. Studiet er eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod, med to samlingar per semester.