Tverrfagleg arbeid i kunstfaga

Etter- og vidareutdanning

Arbeider du med musikk, drama eller kunst og handverk i barnehage, skule, kulturskule og kulturlivet elles? Denne vidareutdanninga gir deg erfaring med tverrfaglege arbeidsmåtar i desse faga.

Kvifor studere Tverrfagleg arbeid i kunstfaga?

I den profesjonelle kunstverda samarbeider ofte kunstnarar frå ulike felt. Tverrfagleg arbeid kan hjelpe deg som er lærar og dine elevar til å sjå samanheng mellom ulike kunstdisiplinar og såleis inspirere til nye, innovative tilnærmingar. Ved å kombinere fleire fag kan læringa også blir meir engasjerande når dykk saman får utforske ulike metodar og perspektiv.

Kva lærer du?

Gjennom praktisk skapande arbeid, refleksjon og tekstproduksjon får du kunnskap om korleis du kan utvikle og gjennomføre samarbeid mellom kunstfaga, både i form av mindre prosjekt i undervisningskvardagen og i samband med større produksjonar. Metodikk og teori knytt til kreative, relasjonelle og estetiske prosessar, samhandling og gruppeleiing vil vera del av emnet.

Du får arbeide praktisk med og reflektere over tema som til dømes dramaturgi, scenografi, improvisasjon og komposisjon. Det vil vere moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.

Du finn meir informasjon om kva du lærer  i emneplanen for KUN801.

Målgruppe

Kulturskulelærarar og det frivillige kulturlivet. Emnet er også relevant for deg som er lærar i grunnskule og barnehage.

Praktisk informasjon

Undervisningsform

Emnet er organisert som eit samlings- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk prosjekt- og gruppearbeid, forelesingar og litteraturstudier.

Samlingar

  • Nettmøte 29. jan (kl.19-21)
  • Samling 1: 6.-8. feb
  • Samling 2: 19.-21. mars 

Tilrådde forkunnskapar

Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet er ønskjeleg.

Pensum

Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

Eksamensform

Mappevurdering.

Mappa inneheld multimodale arbeid der skriftleg tekst, lyd og video kan inngå som sentrale komponentar.

Kvifor ta meir utdanning?

Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

  • Ny oppdatert fagleg kunnskap
  • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
  • Personleg utvikling
  • Moglegheit for å byggje nettverk
  • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
  • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
  • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

Andre interessante studietilbod

Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs