Saka om byggjeprosjektet ved campus Haugesund, fekk brei støtte i dagens styremøte. Styret vedtok likevel å avvente beslutning til eit ekstramøte 13. mai der ein skal få større innsikt i dei økonomiske konsekvensane.
- At så mange ønskjer å studere sjukepleie er veldig bra. Veksten ved Høgskulen på Vestlandet er størst i landet, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal.