Fleire vil studere ved sidan av jobb

Fleire ønsker å ta masterutdanningar og studere på deltid. – Det å kombinere jobb og utdanning blir stadig meir ettertrakta, seier prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, Bjørg Kristin Selvik.

– Utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, også for dei som bur på stadar der det ikkje finst eit studietilbod, og for dei som er i jobb. Derfor er dei nettbaserte, samlingsbaserte og fleksible deltidsutdanningane ved HVL viktige, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik.

Endringane i arbeidslivet skjer fort, og nye krav til kompetanse betyr at fleire ønsker å vidareutdanne seg og å studere mens dei er i arbeid. Derfor ser HVL no ein auke i søkinga på deltidsstudium gjennom Samordna opptak. Tendensen er den same for det lokale opptaket til mastergradprogram, vidareutdanningar og samlingsbaserte mastergradar.

Følg pressekonferansen om hovudopptaket her.

Stor interesse for maritime fag

Eitt av studieprogramma på deltid som går svært bra, er den nye bachelorgraden Maritime management. Studiet er tilpassa dei som er i jobb, anten det er landbasert eller på sjøen. Mastergraden Maritime operasjonar, som også er i Haugesund, har hatt ein auke på 69 prosent i søkartal samanlikna med fjoråret.

Ved campus Førde er sjukepleie på deltid meir ettertrakta enn på heiltid. Alle helse- og sosialfag hos HVL har lange ventelister. Sjukepleie i Bergen har spesielt gode søkartal, trass i den forventa nedgangen som følge av nye og strengare karakterkrav nasjonalt.

Alle helse- og sosialfag ved alle våre campusar har solid søking og lange ventelister.

Også andre utdanningstilbod på deltid er populære: I Haugesund er det ettertrakta å studere barnehagelærar på deltid, og i Sogndal er det gode søkartal på vernepleie deltid.

Rekordmange lærarar vil ta master

Tala for i år viser også god etterspurnad etter mastergradar. Rekordmange lærarar ønsker å ta master i Bergen, og på Stord ønsker mange vidareutdanning. IKT i læring og den samlingsbaserte mastergraden i organisasjon og leiing har for eksempel gode søkartal i år.

– Alle lærarar som blir ferdigutdanna i 2022 kjem til å ha master, sidan lærarutdanninga er blitt femårig. Derfor vil kanskje dei som allereie er ferdigutdanna tenke at det er lurt å ta master med ein gong, seier Selvik.

Vil mangle lærarar i framtida

Færre søker seg til grunnskulelærarutdanninga (GLU 1-7), og dette er i tråd med den nasjonale nedgangen. Gjennom åra har det vore vanskeleg å rekruttere lærarstudentar til dei yngste årstrinna, særleg etter at krav om fire i matematikk blei innført. Søkartala for dei eldre årstrinna (GLU 5-10) er noko betre.

– At ikkje fleire vil bli lærarar for dei yngste barna, er ei stor utfordring i samfunnet. Vi veit at det blir eit stort behov for grunnskulelærarar i framtida, dersom ikkje fleire søker – ikkje minst fordi lærartettleiken i småskulen skal opp, seier Selvik.

Teknologi populært i vest

Medan ingeniørfaga går ned på nasjonal basis, er tendensen motsett på Vestlandet. HVL har ein god auke i søknaden til ingeniørstudia i Bergen. På dei andre studiestadane er det derimot ein nedgang, men teknologi i kombinasjon med andre fag gjer det godt.

Naturfaga i Sogndal har sterk søknad. Dette gjeld særleg for masterstudiet Climate change management, som har ei dobling i søkartalet samanlikna med 2018, og rekrutterer studentar frå heile verda. Også bachelorstudia Geologi og geofare og Fornybar energi har gode tal, noko som kan tyde på at medvit kring klima- og miljøspørsmål påverkar studievalet til mange unge menneske.

Også bachelorstudiet i IT går godt, som tidlegare år, særleg i Bergen. Det same gjeld økonomi og administrasjon, som gjer det bra ved alle campusane.

Ledige studieplassar

Totalt har HVL litt færre søkarar i år, samanlikna med i fjor. Årsaka er først og fremst at færre har søkt seg til sjukepleiestudiet. Det er likevel ventelister ved alle dei fire campusane som tilbyr studiet.

Over heile landet har søkarmassen gått ned mellom to og tre prosent for bachelorutdanningar og femårige mastergradar, viser tala etter søknadsfristen til Samordna opptak i april. Dette skjer etter fleire år med oppgang, og det er framleis gode søkartal til høgare utdanning. Nedgangen i år gjeld også for HVL.

– Sjølv om vi har mange søkarar, er det enno mogleg å bli student hos oss. Du kan søke på ledige studieplassar og enkeltemne på hvl.no og gjennom Samordna opptak allereie no, seier Selvik. 

Nokre fakta

  • Flest søkarar hos HVL i år er på bachelor i sjukepleie ved campus Bergen. 3949 personer har søkt, og 951 av desse har studiet som førsteval.
  • Høgaste poenggrense er på Grunnskulelærar 5.-10. klasse med fordjuping i matematikk (50,3) i førstegongsvitnemålskvota, og på fysioterapi (55,5) i ordinær kvote. 
  • Lengste ventelister er på fysioterapi (983), sjukepleie Bergen (806) og vernepleie Bergen (786), alle i ordinær kvote.
  • Totalt får 6336 personar tilbod om studieplass ved HVL denne hausten.