Hundrevis av lærarstudentar fekk oppleve uteskule
Tidlegare denne månaden var det duka for ein storstilt ekskursjon for førsteårsstudentane på grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Over 350 studentar, fordelt på to dagar, tok turen innom Hordamuseet i Fana.
Tidlegare i veka hadde studentane lært om uteskule og korleis ulike fag kan dra nytte av å flytte seg ut av klasserommet, og no skulle dei få høve til å setje teorien ut i praksis.

I fellesfaget pedagogikk og elevkunnskap (PEL) satsar dei stort på uteskule.

På Hordamuseet set dei studentar med ulike fagspesialiseringar saman i grupper. Slik blir dei betre kjende med studentar utanfor eigen fagkrins, og dei får erfare kor nyttig uteskulepedagogikken kan vere i ulike fag.

– Uteskule er meir enn berre å gå på tur med elevane. Det handlar om å ta i bruk nærmiljø og lokalsamfunn som ein ressurs i undervisninga, seier Stine Ravnå.
Ravnå er førsteamanuensis i pedagogikk på lærarutdanninga og er med i forskingsprosjektet Naturen som læringsarena (NArENA). Ho brenn for uteskule.
– Uteskule kan bidra til trivsel og at elevar får felles opplevingar, der dei får erfare og lære med heile kroppen. Det håper vi òg kan overførast til lærarstudentane, seier ho.
– Vi har samla over 350 studentar frå grunnskulelærarutdanninga, fordelt på to dagar. Første dag var det 200 studentar på 1.–7. trinn, og andre dag har vi 168 frå 5.–10. trinn, fortel Ravnå.
Kollegaane i pedagogikkmiljøet på HVL er opptatte av at alle lærarstudentane skal få kunnskap om og erfaringar med uteskule i løpet av tida på lærarutdanninga. Slik blir studentane rusta til å gjennomføre uteskuleopplegg med eigne elevar i framtida.

Her måler studentane ei tjukk trestamme.

Ved å undersøke omkrinsen og høgda på treet, skal dei finne ut kor gammalt det er.

Ein praktisk og variert skulekvardag er i sikte.

– Du føler at kunnnskapen sit betre når du får sett ting ut i praksis enn når du les om dei, seier Malin Gundersen.
Gjennom 12 ulike stasjonar med ulike aktivitetar, får studentane varierte perspektiv på kva uteskule kan innebere.
Her kan du lese meir om dei 12 ulike stasjonane
- STEAM (Science, Technology, Engineering, Arts & Mathematics) handlar om å kople realfaga saman med kunstfaga for å legge til rette for nytenking, problemløysing og heilskapleg læring. Dei ansvarlege var Stine Ravnå, Sasha Brown og Yngvild Bjørlykke.
- Natursti med kart: I denne aktiviteten blei dei ulike skulefaga knytte opp mot uteskule for å vise korleis naturen kan brukast som utgangspunkt for fagleg refleksjon og for å skapa overføringsverdi mellom teori og praksis. Ansvarleg var Maren Karlsen, lærar ved Krokeide skole og høgskulelektor.
- Baking: Her fekk studentane ei innføring i tradisjonsbakst, og dei fekk laga og smaka på flatbrød og høyra om historia til flatbrødet. Dei ansvarlege var førsteamanuensis Bente Hvidsten, Linda Hjemgård, tidlegare høgskulelektor og Guro Bjørge, lærar ved Skranevatnet og høgskulelektor.
- Skulen i gamledagar: På Hordamuseet ligg det ei gammal skulestove. Her blei studentane tatt med tilbake i tid, og det var duka for både skulehistorie, musikk og aktivitet. Torhild Høydalsvik, var ansvarleg.
- Lyd og natur: Her skulle studentane laga ein komposisjon med utgangspunkt i, og inspirert av, uteområdet. Her var Kristin Knudsen og Gro Espedal ansvarlege for opplegget..
- Maritim aktivitet: Hordamuseet har ei samling av trebåtar. På denne stasjonen fekk studentane mellom anna prøve seg på ein rotur i nokre av båtane, i tillegg til andre maritime aktivitetar. Ingvild Bjørkeng Haugen og Ane Malene Sæverot var ansvarlege.
- Helleristningar: Her fekk studentane eit innblikk i helleristningar og historia til helleristningar. Museumspedagogar på Hordamuseet stod for opplegget.
- Pil og boge: På denne stasjonen var det høve til å lære å skyte med pil og boge. Her var ein museumspedagog ansvarleg for opplegget.
- Tinnstøyping: Her støypte studentane gjenstandar av tinn, i regi av museumspedagogar frå Bymuseet i Bergen.
- Karding og spinning: Hordamuseet er opptatt av å formidle berekraftige tradisjonar. På denne stasjonen fekk studentane ei innføring i handverkstradisjonane karding og spinning, i regi av Bymuseet.
- Bål som læringsressurs: Her var det duka for både historie og ei innføring i ulike bruksområde for eld, som har vore avgjerande for menneska si utvikling. Ansvarleg var Meinrad Pohl.
- Mindfullness i naturen: Denne aktiviteten vektla sansane i møte med naturen og det å vera roleg og til stades i naturen. Anita Solberg Torsvik og Marie Oen Valset var dei ansvarlege for stasjonen.
Blant studentane er Angelica Johanne Karlsen, som har fagspesialisering innanfor mat og helse, og Emily Nordfjell Larsen, som har KRLE som sitt hovudfag.

Angelica Johanne Karlsen og Emily Nordfjell Larsen.
– Vi var nettopp på den naturstiposten. Då fekk vi eit kart og gjekk rundt og leitte etter forskjellige postar som var plasserte i kartet, seier Angelica.
– Det gjekk mykje i korleis ein kan kople læring med naturen.
– Det var veldig gøy og spennande, og det er lettare å følge med når ein er ute, legg Emily til.

Nokre av aktivitetane var òg knytte til pågåande forskingsprosjekt ved HVL.

Her er studentane i gang med å lage ein fe av ulike material.

Seinare skal dei ut i det fri og blant anna reflektere over økosystemet feen kan bu i og samfunnet feane kan ha bygd. Her er mange ulike faglege vinklingar.

Dette undervisningsopplegget er utvikla gjennom forskingsprosjektet SENSE., eit prosjekt som koplar kunstfaga og realfaga saman i kreative og nytenkande undervisningsformer.

Her er ein av feane ute i det fri.

Ida Selsvik Torstensen og Amelia Boda Smiseth har fagspesiallisering i KRLE.

– Her har vi brukt gammalt metall og støypt nye ting. Du legg det i ei form, som du heller smelta metall i, fortel Ida.

Etter støyping og pussing, står dei att med kvar sin skinande torshammar i tinn.

På ein annan stasjon lærer studentane å bake flatbrød.

Nokre gongar kan praksisen smake endå betre enn teorien.
– Dette er tverrfagleg og kan knytast opp mot forskjellige enkelttema, seier Linda Hjemgård, som har ansvaret for bakestasjonen.
Flatbrødbakinga kan vinklast på ulike måtar for ulike fag og læringsmål:
- livsmeistring, sidan ein lærer å lage eigen, sunn og næringsrik mat
- berekraft, ettersom ein bruker kortreiste råvarer
- historie, på grunn av flatbrødet sine lange røter i noregs- og verdshistoria
- matematikk, gjennom at ein reknar ut alt frå kostnad til kor næringsrikt sluttproduktet blir
– Dei får oppskrifter, slik at dei kan lage dette heime sjølv. Dette er billig og næringsrik mat for studentar, seier Hjemgård.
– Desse heile kornsortane smaker òg meir enn kveitemjøl, som vi bruker litt vel mykje av i dag, legg ho til.

Ein annan som brenn for sambandet mellom teori og praksis er Meinrad Pohl, førsteamanuensis i historie.

Han er i gang med å utvikle undervisningsopplegget bål som læringsressurs, der historie og realfag går hand i hand.

Studentane er i fyr og flamme over undervisninga.
Etter ekskursjonen fer førsteårsstudentane heim.
Blide, litt slitne og litt klokare.
Tekst: Vetle Nordgård Mikkelsen
Foto: Tora Andersen og Sasha Brown



