Verdsborgaren som utfordrar etablerte tankemåtar

Kim Carlotta von Schönfeld er ein av dei fire forskarane ved HVL som så langt har kome til Noreg gjennom det høgthengande Marie Curie-stipendet frå EU. I prosjektet sitt har ho mellom anna intervjua bergensarar på veg til jobb.

– Kva som er heimlandet mitt? Det veit eg ikkje heilt om eg har eit svar på, seier Kim Carlotta von Schönfeld.

Det er ein mørk og kald morgon, slik den ofte er på vinterstid her nord. Postdoktoren er på veg til eit seminar ved Høgskulen på Vestlandet her ho har hatt sin base dei siste to åra og jobba med prosjektet Mobile Worlds

Det var HVL-professor Wendy Tan som fortalde henne om moglegheita for å søke etter gjennomført doktorgrad.

– Eg likte ideen om å kunne drive min eiga forsking, på eit tema eg var engasjert i, utan å vere bunden til eit større prosjekt som nokon andre hadde tenkt ut. Prosjektet gav meg også moglegheita til å utforske skilnader mellom Nord- og Sør-Europa i det eg forskar på, seier ho.

MSCA Postdoctoral Fellowship er eit av dei mest ettertrakta stipenda i Europa. Tildelinga er ikkje berre ei stor fagleg anerkjenning for kandidaten, men også eit viktig løft for HVL som institusjon.

Kvifor vi reiser som vi gjer

Eit nøkkelord i forskinga hennar er mobilitet, altså korleis vi beveger oss i kvardagen og korleis vi rettferdiggjer våre eigne val.

For å finne ut kva folk tenker om reisene sine, har Schönfeld blitt med folk på veg til jobb og skule. Ho har tatt Bybanen, rusla saman med dei i gatene, eller blitt med i bilen. Tilsvarande undersøkingar har ho også gjort i Portugal.

– Mange byar er planlagt slik at dei først og fremst passar for vaksne som køyrer bil til jobb. Foreldra brukar då bil nær skulen, sjølv om dei ikkje har lyst, fordi dei må vidare til arbeidsplassen. Det betyr at det blir vanskelegare for barn å gå eller sykle til skulen, noko som avgrensar tankane om korleis ein kan bevege seg, seier ho.

Schönfeld som sjølv har ein doktorgrad i arealplanlegging, meiner at vi må skape byar for alle aldrar slik at dei blir trygge og tilgjengelege for både barn, ungdom, vaksne og eldre. Ho legg også vekt på kor viktig det er at vi tenker kreativt om kvardagsaktivitetane våre.


Frå ein av verkstadene i postdoktor-prosjektet. Foto: Clara Roberti

Å tenke utanfor boksen

Ein viktig del av forskinga til postdoktoren handlar om det som oppstår når to eller fleire kulturar møtast. Og sjølv har ho mykje erfaring med akkurat dette. Ho er fødd i Tyskland. Då ho var seks år flytta ho til Guatemala. Som 10-åring flytta ho saman med familien sin til Brasil, før ho som 14-åring flytta tilbake til Tyskland. Studietida si hadde ho i Nederland og i Portugal, og no også i Noreg.

– For meg handlar forsking om å tenke utanfor boksen. Eg meiner at borgarar og planleggarar bør bruke kreative metodar til å dele sine tankar om korleis ein kan skape gode byar å leve i, seier ho.

Resultatet av hennar alternative forskingsmetodar har mellom anna resultert i verkstader, ein festival og eit kunsthefte. Om kort tid kjem det også ei verktøykasse for korleis ein kan gjennomføre dei alternative metodane. Følg med på https://mobileworlds.online.

Du kan også lære meir i november-episoden av podcasten Planetary Planning.

Ventar svar på fleire søknader

Kim Carlotta von Schönfeld er ikkje aleine om å søke seg til HVL. HVL har tre andre MSCA-postdoktorprosjekt. Det er Karan Choudhary (MusicLaw) med David Gabriel Hebert som retteleiar Adam McElligott (ONESTEP) med Boris Balakin som rettleiar og Miriam Schmaus med Edit Bugge (DISCEFRN) som rettleiar.


David Hebert og Karan Chodhary. 

I neste runde for MSCA Postdoctoral Fellowship har HVL sendt inn ti søknader. Forventa svar på desse er i febuar 2026.

EU har også ei eiga utlysing knytt til doktorgradsnettverk. Her har HVL sendt inn ein søknad som koordinator og fire søknader som partner. Frå før av er vi partner i to slike doktorgradsnettverk. Det eine handlar om kunstig intelligens og med Marcin Fojcik og Volker Stolz som rettleiarar. Det andre handlar om partikkelterapi og har Ilker Meric som rettleiar. 

I tillegg er HVL partnar i ein MSCA Staff Exchange-søknad. Målet med denne utvekslinga er å skape ein felles kultur for forsking og nyskaping som verdsett kreativitet og entreprenørskap, og som bidreg til å omsette idear til nye produkt, tenester og prosessar.

Ilker Meric. Foto: HVL/Ingvild F. Melien

Fakta om Marie Skłodowska-Curie Actions

  • Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA) er ein del av Horisont Europaog blir administrert av The European Research Executive Agency (REA).
  • MSCA har som formål å tiltrekke og behalde talent i Europa, gjennom å finansiere framifrå forsking og nyskaping.
  • MSCA-programmet består av fem ordningar som rettar seg mot ulike mål: doktorgradsnettverk, postdoktorfellesskap, tilsettutveksling, opplæring og karriereutvikling (COFUND), samt ei ordning som skal bringe forsking og forskarar nærare borgarane (MSCA and Citizens). Les meir på denne sida: Marie Skłodowska-Curie Actions

Read the article in English.