Litteraturstudie som metode
Er du bachelor- eller masterstudent og skal skrive litteraturstudie? Denne ressurssida samlar nyttige tips og verktøy for deg som skal i gang med ein litteraturstudie.
Det er mange ulike måtar å skrive litteraturstudie på. Felles for alle dei ulike tilnærmingane er at det er andre sine forskingsresultat og -publikasjonar som er din empiri.
Denne ressurssida har same oppbygging som trinna ein går gjennom når ein skal skrive litteraturstudie. Det finst tips til litteratur og digitale ressursar under kvart trinn.
Innleiande søk/utforsking av tema
Ein føresetnad for å kunne gjennomføre ein litteraturstudie er at det finst tidlegare forsking på området du vil skrive om. Det er også viktig å undersøke om det allereie er skrive litteraturstudiar om temaet ditt. Difor er det nødvendig at du i ein innleiande fase undersøker dette. Søk i Google Scholar, ORIA, enkelt søk (“basic search”) i fagdatabasar, Keenious eller faglege oppslagsverk, kan raskt skaffe deg oversikt om kva som finst.
Problemstilling
Når du har formulert ei problemstilling eller forskingsspørsmål, kan det vere nyttig å plassere nøkkelorda inn i eit PICO/PICo skjema eller andre søkeskjema. Skjemaet kan gje struktur og bidra til å klargjere problemstillinga slik at du får med dei viktige elementa i litteratursøket. Etter kvart som du finn søkeord, skriv du desse inn under dei rette elementa i skjemaet. På denne måte kan PICO/PICo-skjemaet hjelpe deg med å halde orden på søkeorda.
Les meir om PICO/PICo-skjema
Les meir om bruk av søketabell
Å finne søkeord
Å finne dei rette søkeorda er nøkkelen til å gjere eit godt litteratursøk.
Å utvikle eit godt litteratursøk er ein prosess som tar tid. Ikkje undervurder kor mykje tid som må setjast av til dette! Etter kvart som du søker, vil du sjå kva faguttrykk som går igjen i tittel og samandrag til artiklane. Nye ord kan dukke opp undervegs, og desse bør inkluderast i nye søk.
Les meir om dokumentasjon av søk.
Faglitteratur
I prosessen med å skrive oppgåve les du deg opp på temaet du skal skrive om. Legg merke til kva faguttrykk som vert brukt. Desse faguttrykka kan vere godt eigna som søkeord.
Litteraturlister
Har du kome over ein artikkel eller ei bok som verkar relevant for det du skal skrive om, kan du kome over gode søkeord når du les gjennom titlane på kjeldene som står oppført i litteraturlista.
ChatGPT (GPTUiO)
Du kan spørje GPTUiO om kva som er gode søketermar for et bestemt ord. T.d. «Kva er gode søketermar for demens?»
Ordbøker
I ordbøker vil du finne synonym til det ordet du slår opp. Finn ordbøker du har tilgang til.
Nøkkelord (Keywords) og emneord tildelt artikkelen
Når du har funne ein relevant artikkel i ein database, kan du klikke på tittelfeltet. Dette fører deg til ei side som blant anna viser ei oversikt over emneord som er tildelt artikkelen (Descriptors/Subject terms). Dette ofte svært gode søkeord!
Mange artiklar har under samandraget ei liste med keywords/nøkkeord som forfattarane har skrive inn. Sjekk eventuelt artikkelen i pdf-format om dei er vanskelege å få auge på. Desse orda er ofte sentrale faguttrykk som reflekterer innhaldet i artikkelen. Dette er også gode søkeord!
Eigen ressurs for helsefag: MeSH (Medical Subject Headings)
MeSH-emneord er spesifikke termar eller omgrep som er brukt for å merke og klassifisere blant anna vitskapelege artiklar. Når ein artikkel vert publisert, vert den tildelt ei rekkje standardiserte emneord som reflekterer innhaldet.
Når du søker etter medisinsk informasjon, kan du bruke MeSH-emneord for å finne relevante ressursar basert på spesifikke emne eller sjukdommar. MeSH er Medline-databasen sitt emneordsregister. Andre databasar kan ha andre emneordsregister.
Lurer du på om søkeord som kan vere emneord? Det kan du sjekke i denne ressursen. Skriv inn søkeordet og sjå om du får treff.
Før du startar med litteratursøk
Referanseverktøy er program som hjelper deg å halde orden på referansane dine når du skriv. Programma kan òg lage ferdig formaterte litteraturlister for deg. Les meir på sida om Zotero.
Biblioteket tilbyr kurs og brukerstøtte i Zotero. Følg med når neste kurs kjem.
Val av type litteraturstudie
Det finst ei rekke ulike former for litteraturstudie. Før du startar arbeidet med å søke etter litteratur, er det viktig at du bestemmer deg for kva type litteraturstudie du vil skrive. Det kan vere lurt å diskutere dette med rettleiaren din.
Bachelornivå
For bachelorstudentar vil krav og oppbygging av litteraturstudien vere styrt av utdanningane sine eksamenstekstar og rettleiingar. Ei bacheloroppgåve er mindre i omfang, og vil ikkje kunne handtere like store mengder litteratur som ei masteroppgåve.
Anbefalt litteratur (Generelt om litteraturstudie)
Persson. (2021). Hvordan skrive en litteraturgjennomgang?: En praktisk guide. Universitetsforlaget.
Forsberg, C. & Wengström, Y. (2013). Att göra systematiska litteraturstudier. (3.utg.). Natur och kultur.
Aveyard, H. (2023). Doing a literature review in health and social care: A practical guide (5. utg). McGraw-Hill Education.
Thidemann, I-J. (2019). Bacheloroppgaven for sykepleierstudenter: Den lille motivasjonsboken i akademisk oppgaveskriving (2. utg.). Universitetsforlaget.
Nortvedt, M. W, Jamtvedt, G., Graverholdt, B., Gundersen, M. W. (2021). Jobb kunnskapsbasert! En arbeidsbok. (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk
Masternivå
Masterstudentar kan velje mellom ulike typar av litteraturstudiar. Denne ressurssida er avgrensa til Scoping-review, rapid-review, Systematisk litteraturgjennomgang/Systematic review og Metasyntese/Kvalitative litteraturstudiar. Det viktig at du er tydeleg på kva type litteraturstudie du skal skrive, og at du er mest mogleg tru mot dei metodiske krava som høyrer til den litteraturstudien du vel. Det er difor nyttig å setje seg godt inn i metoden tidleg i prosessen med masteroppgåva. Sjekk også om eksamensteksten gjev bestemte metodiske føringar.
Systematisk kunnskapsoversikt (Systematic review)
Systematiske kunnskapsoversikter har som mål å samanfatte tidlegare forsking på ein systematisk måte. Denne typen litteraturstudie har ofte strenge retningslinjer for gjennomføring av søk, utvelging og kvalitetsvurdering av vitskaplege artiklar.
Anbefalt litteratur
Prisma 2020 Checklist? PRISMA 2020 checklist — PRISMA statement
Reinar, L. M., & Jamtvedt, G. (2010). Hvordan skrive en systematisk oversikt? Sykepleien forskning, 3, 238–246. https://doi.org/10.4220/sykepleienf.2010.0121
Rapid-review (Hurtigoversikt)
Rapid-review baserer seg på dei same metodiske krava som for systematic review, men søkeprosessen foregår over eit kortare tidsrom og har mindre omfang.
Anbefalt litteratur
Dobbins, M. (2017). Rapid Review Guidebook. Steps for conducting a rapid review. https://www.nccmt.ca/uploads/media/media/0001/02/800fe34eaedbad09edf80ad5081b9291acf1c0c2.pdf
Scoping-review (Kartleggingsoversikt)
Scoping-review vert brukt for å kartlegge og oppsummere tilgjengeleg forsking på eit felt eller om eit tema. Målet er å gje ei oversikt over eksisterande kunnskap og identifisere kunnskapshol. Det vert ikkje stilt krav til kvalitetsvurdering av publikasjonane som vert inkludert i studien.
Anbefalt litteratur
Ringnes, H. K., & Thørrisen, M. M. (2024). Scoping review : En systematisk og fleksibel metode for kunnskapsoppsummering. Cappelen Damm akademisk.
Munn, Z., Peters, M. D. J., Stern, C., Tufanaru, C., McArthur, A., & Aromataris, E. (2018). Systematic review or scoping review? Guidance for authors when choosing between a systematic or scoping review approach. BMC Medical Research Methodology, 18(1), 143–143. https://doi.org/10.1186/s12874-018-0611-x
Peters, M. D., Marnie, C., Tricco, A. C., Pollock, D., Munn, Z., Alexander, L., ... & Khalil, H. (2020). Updated methodological guidance for the conduct of scoping reviews. JBI evidence synthesis, 18(10), 2119-2126. https://doi.org/10.11124/JBIES-20-00167
Video
Peters MDJ, Godfrey C, McInerney P, Munn Z, Tricco AC, Khalil, H. Scoping Reviews (2020). I E.Aromataris, C. Lockwood, K. Porritt, B. Pilla, Z. Jordan (Red.).. JBI Manual for Evidence Synthesis. https://jbi-global-wiki.refined.site/space/MANUAL/355862497/10.+Scoping+reviews
Metasyntese
Metasyntesar avgrensar seg til å inkludere kvalitative studiar, og i resultata frå desse søker ein etter felles tema og mønster. Ein går djupare enn å berre samanfatte og oppsummere tidlegare forsking, målet er også å finne ny meining, oppdage nye samanhengar og/eller utvikle ei overordna forståing av eit fenomen, basert på analyse av dei inkluderte artiklane.
Anbefalt litteratur
Malterud, K. (2017). Kvalitativ metasyntese som forskningsmetode i medisin og helsefag. Universitetsforlaget.
Umbrella-review (Paraplygjennomgang)
Umbrella-review tar utgangspunkt i eksisterande kunnskapsoppsummeringar og har som mål å kvalitetsvurdere og samanfatte desse.
Andre former for litteraturstudie
For oversikt over fleire former for litteraturstudie, sjå:
Borch, A., Thorvik, Camilla, Wollscheid, S., & Ødemark, I. L. (2024). Kunnskapsoppsummeringer for samfunnsvitere. Cappelen Damm akademisk.
Søk i databasar
Ulike databasar har ulike faglege profilar. Du vil finne informasjon om bruk (søkerettleiing) og tilgang til dei ulike databasane på biblioteket si fagressursside.
Kritisk vurdering
Dei fleste former for litteraturstudie krev at det vert gjort ei kritisk vurdering av artiklar som er aktuelle å inkludere i studien. Det finst ei rekkje sjekklister som kan nyttast i arbeidet med å kritisk vurdere artiklane.
Les om sjekklister hos Helsebiblioteket.
Anbefalt litteratur
Nortvedt, M. W, Jamtvedt, G., Graverholdt, B., Gundersen, M. W. (2021). Jobb kunnskapsbasert! En arbeidsbok. (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk
Screeningverktøy
Screeningverktøy er eit hjelpemiddel for å sikre at relevant forsking vert inkludert i studien. Verktøya bidrar til å systematisere og effektivisere utvelginga av artiklane. Dei er mest aktuelle for deg som skriv litteraturstudie på masternivå.
Covidence
Covidence er eit nettbasert verktøy som ein brukar når ein arbeider med ulike typar oversiktsartiklar. Covidence kan brukast i fleire delar av arbeidet med ein oversiktsartikkel. 1) Screening av tittel og samandrag, 2) Screening av fulltekst 3) Dataekstraksjon 4) Vurdering av metodisk kvalitet. Covidence lagar også eit PRISMA flytskjema over prosessen.
Rayyan
Rayyan er eit program for å screene referansar til for litteraturstudiar. Programmet gjer det mogleg for to personar å screene dei same referansane uavhengig av kvarandre. Rayyan er nettbasert.
Anbefalte ressursar
Universitetsbiblioteket i Bergen (u.å.). UB MED 103 Litteraturoppgaver i medisin og helsefag - Student literature reviews in medicine and health sciences. https://mitt.uib.no/courses/38231
PHD on track (u.å.). Review and write. https://www.phdontrack.net/review-and-write/
FHI (u.å.) Slik oppsummerer vi forskning. https://www.fhi.no/ku/oppsummert- forskning-for-helsetjenesten/metodeboka/?term=
Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen & Universitetet i Oslo. (2024, 9. april). Søking. https://www.sokogskriv.no/soking/
Kunnskapsbasertpraksis.no. (2021, 17. september). Kunnskapsbasert praksis. Helsebiblioteket. https://www.helsebiblioteket.no/innhold/artikler/kunnskapsbasert-praksis/kunnskapsbasertpraksis.no
Peters MDJ, Godfrey C, McInerney P, Munn Z, Tricco AC, Khalil, H. Scoping Reviews (2020). I E. Aromataris, C. Lockwood, K. Porritt, B. Pilla, Z. Jordan (Red.).. JBI Manual for Evidence Synthesis. https://jbi-global-wiki.refined.site/space/MANUAL/355862497/10.+Scoping+reviews
Strømme, H. (2019). Litteratursøking i kunnskapsbasert praksis og forsking. Sykepleien Forskning, 14. Article e-61015. https://sykepleien.no/forskning/2017/02/litteratursoking-i-kunnskapsbasert-praksis-og-forskning
Blogg:
Henitz, M. (2024, 27. mai) Veien gjennom jungelen. Systematiske litteratursøk: Veien gjennom jungelen (litteratursok.blogspot.com)