Negar Safara Nosar disputerer
Negar Safara Nosar disputerer 30. november 2026 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlingen «Energy Hub Ports as Innovation Junctions».
Kvar hamn er ein møteplass. Her utvekslar ulike system ressursar og deler infrastruktur. Når eitt av systema byrjar å omstille seg, blir også tilknytte systema påverka. Slike knutepunkt kan derfor spele ei avgjerande rolle i å få fart på omstilling i fleire system samtidig.
Denne avhandlinga undersøker korleis enkelte stader får ei slik rolle, og kva som skjer når fleire klimavenlege teknologiar blir utvikla parallelt på same stad for å tene mange brukarar.
Hamner som energiknutepunkt
Energihamner tek i bruk lågutsleppsteknologiar, mellom anna klimavenleg hydrogen og karbonfangst og -lagring. Dei gjer dette ikkje berre for å redusere utslepp frå eigne aktivitetar og tenester, men også for å levere slike løysingar til næringsverksemd i nærleiken. På denne måten kan fleire ulike system utvikle seg i same retning og danne komplekse samspel mellom fleire sektorar på ein bestemt stad.
Hamner i alle storleikar blir i aukande grad oppmoda til å utvikle seg til energiknutepunkt. Samstundes har forsking på omstilling i fleire system i liten grad teke omsyn til geografiske forhold, medan forsking på hamneomstilling hovudsakleg har konsentrert seg om store hamner. Denne avhandlinga tek for seg begge desse kunnskapshòla.
Omstilling av to norske små og mellomstore industrihamner
Avhandlinga er artikkelbasert og består av ein samanfattande del og tre vitskaplege artiklar. Ho byggjer på kvalitative data frå omstillinga av to norske små og mellomstore industrihamner til energiknutepunkt: Coast Center Base (CCB) og Port of Borg (BIKS). Som energihamner skaper begge nye koplingar til andre sektorar gjennom levering av klimavenleg drivstoff og bruk av lågutsleppsteknologi. Samstundes oppfyller dei miljømåla sine og utviklar nye tenester.
Avhandlinga introduserer omgrepet innovasjonsknutepunkt for å beskrive slike stadbundne fleirsystemkompleks. Omgrepet løftar fram betydninga av geografi for korleis desse oppstår og utviklar seg. Det sentrale forskingsspørsmålet er:
Korleis kan geografi forklare ulik utvikling i omstillingar som omfattar fleire system ved innovasjonsknutepunkt?
Samla viser avhandlinga korleis geografi påverkar omstilling på tvers av system, og korleis innovasjonsknutepunkt oppstår, utviklar seg og blir haldne oppe over tid.
Avhandlinga viser også at små og mellomstore hamner kan spele ei viktig rolle i det grøne skiftet dersom dei utnyttar lokale fortrinn, samarbeider med sentrale aktørar og har sterk lokal forankring og kompetent eigarskap.

Personalia
Negar Safara Nosar har bakgrunn innan bygg- og transportteknikk. Ho har bachelorgrad i byggingeniørfag frå University of Mazandaran og mastergrad i transportteknikk frå Shomal University i Iran. I tillegg har ho mastergrad i klimaendringsleiing frå HVL i Sogndal.
Negar starta doktorgradsarbeidet sitt i januar 2022 innan programmet Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG) og er tilknytt forskingssenteret FME NTRANS. Ho har presentert forskinga si på meir enn åtte nasjonale og internasjonale konferansar for forskarar, styresmakter og næringsliv.
Til dagleg arbeider Negar som universitetslektor ved HVL, der ho underviser og rettleier innan fornybar energi og klimaendringsleiing.
Prøveforelesning
Prøveforelesningen finner sted 30. november 2026 kl. 10.15 på HØG1093/Josten, campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet.
Tema:
«Places for multi-systemic and multi-scalar interactions in transitions – Meta-rules, regimes and niches in innovation junctions».
Disputas
Disputasen finner sted 10. november 2026 kl. 12.15 på Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, HØG1093/Josten
Tittel:
«Energy Hub Ports as Innovation Junctions»
Strømming
https://hvl.zoom.us/j/64985902660?pwd=ZbVq2JA3jrLgQOZWvQCiUWaYZpkP8X.1
Bedømmelseskomite
Komiteleder:
Førsteamanuensis Svein Gunnar Sjøtun, Høgskulen på Vestlandet
Opponenter:
Førsteamanuensis Hanna Martin, Universitetet i Gøteborg
Forsker Tuukka Mäkitie, Sintef, Norge
Veiledere
Førsteamanuensis Bente Johnsen Rygg, Høgskulen på Vestlandet
Førsteamanuensis Ridvan Cinar, Høgskulen på Vestlandet
Professor Ole Andreas Brekke, Høgskulen på Vestlandet
Disputasleder
Prodekan for nyskaping og regional utvikling Roger Normann, Høgskulen på Vestlandet