Øyvind Kormeset Mellingen disputerer
Øyvind Kormeset Mellingen disputerer den 27. november 2026 for ph.d—graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Education for sustaining what? A study of sustainable development discourses in Tanzanian and Norwegian education».
Med kunnskapsløftet LK20 blei berekraftig utvikling eit tverrfagleg tema i den norske skulen. Det har utløyst eit behov for å kritisk diskutere omgrepet. Sjølv om berekraftig utvikling er integrert i mange utdanningskontekstar verda over, har det også blitt kritisert for koplinga til vestleg modernitet. Med utgangspunkt i denne kritikken undersøkjer Mellingen diskursar om berekraftig utvikling i tanzanianske og norske utdanningskontekstar, og vilkåra for kva som formar desse diskursane. Dette leier til spørsmål om kva desse diskursane opprettheld, med ein vidare diskusjon om potensielle dekoloniale alternativ.
Ein post-strukturell diskursanalyse informert av dekoloniale perspektiv
Avhandlinga består av tre artiklar. Den første artikkelen er ein systematisk gjennomgang av norsk ESD/ESE-forsking. Den andre er ein studie av korleis tanzanianske og norske lærarar i ungdomsskulen konseptualiserer berekraftig utvikling, medan den tredje er ein diskursanalyse av tanzaniansk utdanningspolitikk.
Utdanning som opprettheld modernitet/kolonialitet.
Gjennom empiriske studiar i Noreg og Tanzania peikar avhandlinga på at berekraftig utvikling vert artikulert ulikt i dei to nasjonale kontekstane. I det tanzanianske datamaterialet er det ein dominerande sosioøkonomisk diskurs, medan det i det norske datamaterialet er ein dominerande miljødiskurs. Trass i desse kontekstuelle skilnadene vert berekraftig utvikling i hovudsak ramma inn av felles føresetnader gjennom eurosentrisme, eksepsjonalisme, teknologioptimisme og dikotomiske konstruksjonar. Ved å love utvikling og vekst samstundes som kritiske perspektiv blir utelatne, fungerer ein slik posisjon om berekraftig utvikling som endå ein variant av modernitet der Vesten blir plassert i posisjonen som vitande. Mellingen argumenterer for at utdanning som fremjar ein slik posisjon freistar å oppretthalde ei ikkje-berekraftig verd som vernar om nettopp dei epistemiske ordningane som har produsert dei berekraftskrisene vi ser i dag. Det blir ei utdanning for å oppretthalde modernitet/kolonialitet.
Potensielle dekoloniale alternativ
Studien identifiserer også motstand og tvetydigheit innan dei dominerande diskursane. Ved å peike på ein diskurs om utdanning for sjølvberging (self-reliance) i Tanzania, drøftes det i avhandlinga korleis utdanning kan fungere som ein arena for epistemisk fråkopling for å endre vilkåra for samtalen om berekraftig utvikling.
Personalia
Øyvind Kormeset Mellingen (f.1989) er utdanna lektor i samfunnsfagdidaktikk ved Høgskolen i Bergen. Han har jobba fleire år i vidaregåande skule. Ved Høgskulen på Vestlandet har Mellingen vært kandidat ved ph.d-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Prøveforelesning
Prøveforelesningen finn stad 27. november 2026 kl. 09.00 i M005, Campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet.
Tema:
Didactical implications of decolonial teaching in teacher education. Empirical cases and theoretical considerations.
Disputas
Disputasen finn stad 27. november 2026 kl. 10.30 i M005, Campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet.
Tittel på avhandlinga:
«Education for sustaining what? A study of sustainable development discourses in Tanzanian and Norwegian education».
Prøveforelesing og disputas er open for alle interesserte. Prøveforelesing og disputas vil gå føre seg på engelsk.
Strøyming
https://hvl.zoom.us/j/61748476241?pwd=0oS8fowxrNCKDd5a5fCggiDMkG4JJd.1
Passcode:297776
Vurdeingskomité
Komitéleiar:
Professor Sissel Rosland, Høgskulen på Vestlandet
Førsteopponent:
Professor Jørgen Klein, NTNU
Andreopponent:
Professor Louise Sund, Mälardalen University
Rettleiarar
Professor Erlend Eidsvik, Høgskulen på Vestlandet
Professor Tom Are Trippestad, Høgskulen på Vestlandet