Mytologi, eventyr og forteljing i danning og didaktikk
Forskargruppa utforskar skjeringspunktet mellom forteljing og meiningsskaping i fortid og notid.
I førmoderne samfunn vart verda og samfunnet – både det nære og det fjerne – i stor grad forstått gjennom mytar, eventyr og segner som vart fortalde og dramatiserte. Forteljingane strukturerte verda og samfunnet og gav meining i tilværet, eller, rettare sagt: Slik skapte folk meining gjennom forteljingane, på nytt og på nytt, men i samspel med tradisjonen.
Fascinerande nok appellerer dei same forteljingane til svært mange i dagens samfunn, trass i at livsvilkåra har endra seg så sterkt at det er vanskeleg å fatte. Ikkje minst i barnehage og grunnskule har denne typen forteljingar ei sentral rolle.
Frå før er det forska mykje på eitt og eitt tema: mytologi, eventyr, segner, drama og pedagogikk, ein god del òg på (ideologisk) gjenbruk / resepsjon av mytologi og forteljingar.
Det nye vi gjer er:
- å sjå mytar, eventyr og segner under eitt som éin forteljingssjanger med meiningsskapande funksjon,
- å jamføre korleis desse forteljingane gjev meining i ulike situasjonar / tider, herunder det barnehage- og skulespesifikke,
- å utforske bruk og potensiale for bruk av mytar, eventyr og segner i barnehage- og skulesamanheng i dag, i samarbeid med praksisfeltet.
Pågåande forskingsprosjekt
- Jon Fosses teateradapsjon av edda-dikt 2017. Kultur-, performativitets-, skule og danningsperspektiv
- Moderne mytar om vikingtida
- Framstillingar av norrøn og samisk religion i KRLE-, norsk- og historielærebøkene i norsk skule
- Stadnamn og landskap i segner
- Mytologi og eventyr som inngang til didaktiske praksiser i de praktiske og estetiske fagene