Trening, utvikling og prestasjon

Forskingsgruppa «Trening, utvikling og prestasjon» skal vera praksisnær, relevant og med anvendt forsking der idretten er konteksten. Idretten må i denne samanhengen sjåast på i vid forstand. Konteksten omhandlar mellom anna unge utøvarar og talent, idretten i eit samfunnsperspektiv, læra om å trene, samt prestasjon i idretten.

Forskargruppa jobbar tett på utviklingsmiljø for unge utøvarar og kva som kjenneteiknar desse miljøa. I tillegg tek fleire prosjekt utgangspunkt i ulike idrettar som uthaldsidrettar, styrkeløft, fotball, handball og klatring.

Forskingsgruppa jobbar tverrfagleg innanfor ulike fag- og forskingsdisiplinar og nyttar både kvalitative og kvantitave tilnærmingar. Målet er vera «tett på» praksisfeltet, lære av det, bidra til utvikling og minske avstanden mellom erfarings- og evidensbasert kunnskap.  

Pågåande prosjekt