Norsk barnehageforskningskonferanse 2024

Tema for årets konferanse er Samskaping og forskningsbasert pedagogisk innovasjon i barnehagesektoren. Konferansen blir arrangert på Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad, Bergen 23-24.Oktober 2024.

Velkommen til Norsk Barnehageforskningskonferanse

Korleis kan vi bidra til å skape håp for framtida? Korleis skapar vi gode vilkår for at barn kan leike, utforske, skape og lære i barnehagen? Korleis skapar vi gode barnehagar i samarbeid med barn, foreldre, eigarar, forskarar og organisasjonar? Korleis møter vi dilemma, utfordringar og problem vi støyter på når vi forskar og samarbeider med andre? Korleis støttar vi best den gode viljen til god praksis? Kva slags tenkemåte, mentalitet og praksis skal ta i bruk når vi skal løyse problem? Kva gjer vi med det vi ikkje får til? Korleis samarbeider akademia og arbeidslivet når vi skal samskape og finne nye vegar til gode barnehagar? Korleis kan vaksne ta i bruk leiken for å lære og oppdage nye vegar?  


Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad. Foto: Nils Olav Mevatne

Med desse spørsmåla inviterer vi breitt når det gjeld samskaping og forskingsbasert pedagogisk innovasjon i barnehagesektoren. Mykje samskaping skjer allereie i sektoren, som det å skape noko saman med barn, familiar, barnehagelærarstudentar, barnehagar, barnehageeigarar, forskarar, frivillige, ideelle organisasjonar og næringsliv. Det er denne viljen og dette engasjementet vi ønskjer at konferansen skal understøtte.  

Pedagogisk innovasjon forstår vi som ei lita endring eller ein større ny praksis eller omorganisering, eller kanskje ein ny leik eller ein ny installasjon på leikeplassen som utvidar og gir nye moglegheiter. Innovasjonsomgrepet er omdiskutert, ofte brukt positivt når vi skapar nye praksisar eller produkt som vi trur fungerer betre enn dei vi har. Men vi kan også erfare at all pedagogisk innovasjon ikkje er av det gode. For kva om den nye omorganiseringa ikkje er tufta på kunnskap? Kritiske-konstruktive bidrag er velkomne. Pedagogisk innovasjon kan bidra til å styrke kvalitet i barnehagen. Du må gjerne omtale dette som forskings- og utviklingsarbeid, aksjonsforsking, deltakarorientert forsking eller som designorientert forsking, om du vil.  

I dagens komplekse samfunn står vi ovanfor veldig store problem, barn i krise, barn som har flykta frå krig, klimakrise med meir. Vi står også ovanfor mange dilemma. Det er ikkje alltid lett å skilje ut kva som er rett og gale. Men då er det lett å gløyme alt som faktisk fungerer, alt barnehagane og forskinga får til.  

Saman med Filiorum UiS inviterer vi til eit vidt spekter av bidrag og presentasjonsformer med vekt på samskaping og forskingsbasert pedagogisk innovasjon.

Målet med konferansen

Målet med konferansen er tredelt. Det første målet er stort, nærmast ein visjon: Vi ønskjer å skape vilje og håp for framtida, og for å til dette vil samskaping og forskingsbasert innovasjon vere til god hjelp. Når vi ønskjer å skape vilje og håp for framtida, bør vi ikkje berre skildre notida og peike på alle feila. Skal viljen vere motstandsdyktig og håpet vekse, treng vi skildringar av nye forsøk, av eksperiment, av pedagogiske innovasjonar, av konsekvensar av praksis og tilrådingar med rett adresse. Døme på korleis ein har prøvd å gjere ting på nye måtar er spesielt inviterte til konferansen. 

Det andre målet er meir konkret: Vi vil skape rom for å dele kunnskap om ulike prosjekt som vil styrke praksis på måtar som er lokalt forankra og berekraftige. Prosjekta må gjerne vere forankra i barns kvardagsliv, i leiken, læringa og utforskinga. Faglege og didaktiske perspektiv som tar omsyn til kunnskap om barn og barndom er velkomne. Studiane må og gjerne opplyse oss om vilkåra barn og tilsette har i barnehagen, og finn ein urett, er det viktig kunnskap og gir høve til å peike vidare. Vi ønskjer å liste ut prosjekt som utforskar interseksjonalitet mellom tidleg barndom og berekraftig framtid mellom generasjonar. Dette kan innehalde berekraftig praksis i tidleg barndom, fremje økomedvit og fremje verdiar som bidreg til ein harmonisk sameksistens med miljøet.  

Det tredje målet med konferansen er å etablere ein god arena for teamarbeid, samskaping og deling på tvers av fag, nivå og institusjonar, slik at deltakarane kan få med seg heim gode døme, og inspirasjon for sjølve å prøve ut nye pedagogiske praksisar på tvers. Vi inviterer forskarar som kan fortelje om studiar og forsøk på å betre vilkår. Vis gjerne merksemd på kva slag ferdigheiter og kunnskap ein barnehagelærarstudent kan trene på gjennom studietida.  

Deltema kan vere

Deltema kan vere: 

  • Innovativ pedagogikk og design 
  • Ansvarleg innovasjon i utdanningspraksisar 
  • Partnarskap mellom ulike aktørar (barnehagelærarar, skule, foreldre og samfunn)  
  • Utfordringar og løysingsforslag for og med barnehagesektor 
  • Barns holistiske utvikling, vilkår og tilrådingar 
  • Leiing av danning, utdanning, barnerett, inkludering og mangfald 
  • Kunnskapsleiing 
  • Leiing av barnehagelærarars faglege utvikling 
  • Ferdigheiter; Kva kan ein barnehagelærar?  
  • Ferdigheiter; Kva kan ein barnehageforskar? 
  • Profesjonelle og interprofesjonelle læringsfellesskap 
  • Nordiske perspektiv, historiske og tverrkulturelle tilnærmingar 
  • Berekraftig praksisar innanfor sosiale, helsemessige, miljømessige og økonomiske område 
  • Språk og ulike former for literacy 
  • Leike- og læringsfellesskap blant barn 
  • Leik og kreative undervisningsformer i høgre utdanning  
  • Design og estetikk for og med barn ute og inne  
  • Forskingsbaserte prosjekt i barnehagar  
  • Etiske vurderingar i barnehageforsking 
  • Forskingsmetode  
  • Ope tema 

Tema skissert ovanfor har som mål å inspirere til bidrag som representerer mangfald av diskusjonar og fremjar samskaping og kunnskapsbasert innovasjon i barnehagesektor og utdanning.  

Bidrag og presentasjonsformer

Saman med Filiorum UiS inviterer vi til eit vidt spekter av bidrag og presentasjonsformer med vekt på samskaping og forskingsbasert pedagogisk innovasjon: 

  1. Interaktive verkstader (workshops) med mål om inspirasjon til å ta med i eigen praksis med vekt på praktisk samskaping. Tidsramme: 90 minutt. 
  2. Individuelle presentasjonar av forskingsprosjekt, kasusstudiar og teoretiske paper/artiklar som utforskar nye tilnærmingar, utfordringar og løysingar. Bidraga må gjerne innehalde pedagogiske innovasjonar, utvikling av didaktiske planar og metodar. Munnleg presentasjon på totalt 20 minutt, inklusiv spørsmål (ideelt 15 + 5 min). 
  3. Drøymelag (framtidsscenario) som inviterer til samskaping for å finne gode nye løysingar på komplekse utfordringar i barnehagar og i utdanning. Bidraga bør skissere det som skal skje, utfordringa som skal løysast/utforskast og forventa resultat. Tidsramme: 90 minutt. 
  4. Poster Pitch med visuelle representasjonar av forskingsresultat, prosjekt og idear saman med ein kort munnleg presentasjon (5 minutt), med gode moglegheiter for nettverksbygging og djupnediskusjonar.  
  5. Utstillingsplass for andre aktørar, som til dømes forlag kan stilles til disposisjon etter avtale (ta kontakt for avtalepris).   
  6. Sjølvorganisert symposium om du ønskjer å definera tema og organsiera eit symposium under konferansen. 

Retningslinjer for innsending

  • Abstrakt sendast digitalt innan 14.mai i Oxford Abstract
  • Kvart abstrakt skal ikkje overstige 250 ord inklusive tittel. Forfattar(ar), institusjonstilknyting og kontaktinformasjon kjem i tillegg. Skriv tydeleg på kva type bidrag det er (verkstader (workshops), individuell presentasjon, drøymelag eller poster pitch). 

Viktige datoar

  • 14. mai 2024: Frist for innsending av abstrakt https://app.oxfordabstracts.com/stages/28919/submitter  
  • 1. Juli 2024: Tilbakemelding på abstrakt 
  • 20.august 2024: Frist for å booka hotellrom til avtalepris
  • 1. Oktober 2024: Siste frist for registrering/påmelding 
  • 22. Oktober 2014: Førkonferanse for stipendiatar i Forskarskolen NORBARN (her kjem eigen invitasjon med eigne fristar til medlemmane av Forskarskulen.  
  • 23.-24. Oktober 2024: Konferansedagar 
  • Spesielle interesse grupper (SIG), er sjølvorganiserte, men HVL stille nokre rom den 23 oktober.    

Hotellinformasjon

Vi har halde av ei romblokk på hotellet Moxy Bergen som ligg på Danmarksplass/Solheimsgaten, i gåavstand til Høgskulen på Vestlandet. 

Som deltakar bookar og betalar du sjølv for hotellet.

Ved å booke via denne lenkja, vil ein få avtalepris på dette hotellet.  Prisen på enkeltrom er kr. 1495 per natt, om det skal bu 2 personer på rommet vil det komma eit dobbeltomtillegg på kr.200. For å få hotellrom til avtalepris må du booka innan 20.august. Ved booking vel om du ønskjer å booke for 22-24.oktober eller 23-24.oktober. 

Book hotellrom her

 

 

Keynotes

Trykk på lenkjene under for å lesa meir om innleggshaldarane.

bilde av Natalia Kucirkova

Natalia Kucirkova

Professor

bilde av Anthony Okely

Anthony Okely

Distinguished professor

bilde av Tilde Bekker

Tilde Bekker

Full professor

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss i komiteen:

bilde av Olga Shangina

Olga Shangina

Seniorrådgivar

bilde av Hege Fimreite

Hege Fimreite

Postdoktor

bilde av Helene Oestreich

Helene Oestreich

Arrangementskoordinator