Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studier med kursavgift har krav om minst 2 års arbeidserfaring. Dokumentasjon på dette må lastes opp i søknaden.
HYD802 har krav om fullført HYD801
Om å søke opptak
Du søker opptak på eitt og eitt kurs. Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via Søknadsweb. Velg rad for «Vidareutdanning og halvtårsstudium». Etterpå velger du fra lista «Videreutdanning vår 2024». Trykk «Legg til» før du sender søknaden.
Du kan velge om du vil gå opp til eksamen og få studiepoeng for kurset, eller få eit skriftleg kursbevis for deltaking.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor ta kurs i hydrogenteknologi?
Vi følger opp regjeringa sitt mål om å bli eit berekraftig og hydrogenbasert samfunn. Ei av dei mest aktuelle løysingane er å bruke hydrogen som energiberar for fornybare energikjelder. Denne kurspakka skal gi deltakarane ei innføring i produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen som energiberar.
Kurspakke
HVL har utvikla ein kurspakke som består av tre kurs. Kvart kurs går på deltid over ca. 3 månadar. Du søker og får opptak til eitt og eitt kurs, men det er tilrådde bakgrunnskunnskapar/opptakskrav for kvart kurs. Vi tilbyr eitt kurs med eit meir generelt fokus, og to kurs som går meir teknisk i djupna.
Informasjon om kurstilbodet i HYD800 og HYD802 for våren 2024 finn du under.
Planlagt oppstart 22. februar 2024 (OBS! Endret fra onsdag 21.2. til torsdag 22.2. Forelesningsdag er endret fra onsdag til torsdag).
Vi tar forbehold om tilstrekkelig antall påmeldte for gjennomføring av kurset.
Våren 2024 vert søkjarar frå maritim sektor prioritert ved opptak for HYD800, men vi anbefaler likevel andre å søke.
- 5 studiepoeng
- Kursavgift: gratis vår 2024
- Søknadsfrist: 15. januar 2024
- Opptak: Se mer informasjon øverst på siden
Husk å oppgi bransjetilhørighet i søknaden
Koden i Søknadsweb er 5517 - Undervisingsform: Kurset blir undervist digitalt
- Fagleg overlapp:
HYD802 - Hydrogenteknologi 2 - Reduksjon 2,5 studiepoeng
HYD801 - Hydrogenteknologi 1 - Reduksjon 2,5 studiepoeng
MAS307/MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
Samlingar
Planlagt oppstart er torsdag 22. februar 2024 – (digitalt).
Tidspunkt: Torsdager 15:15 - 18:00. Det blir ca. 10 samlingar.
Innhald
Kurset passar for deg som ønsker generell kunnskap om hydrogenteknologi, for eksempel ledere, politikere, økonomer, eller ansatte i administrative stillinger. Det er ikke nødvendigt med teknisk eller realfaglig bakgrunn.
I kurset blir det gjort rede for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen, for eksempel prosessene i dampreformering og PEM elektrolyse/brenselcelle. I tillegg blir det satt fokus på sikkerhet og hvordan sosial aksept påvirker utviklingen av teknologien. Emnet vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.
Målet med kurset er å gi deg som deltaker et helhetlig bilde av hvor teknologien er i dag og hva som er veien videre.
Planlagt oppstart hausten 2024
Vi tek atterhald om tilstrekkeleg antall påmeldte for gjennomføring av kurset
- 5 studiepoeng
- Kursavgift: informasjon kjem
- Søknadsfrist: ikkje satt
- Opptak: Sjå meir informasjon øvst på sida.
Hugs å oppgi bransjetilhøyrsle i søknaden.
Koden i Søknadsweb er 5518 - Undervisingsform: Kurset vert undervist digitalt.
- Fagleg overlapp:
HYD800 - Innføring i hydrogen - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
MAS307/MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
Samlingar
Meir informasjon kjem
Innhald
Dette kurset rettar seg mot deg som har teknisk eller realfagleg bakgrunn, og jobbar i ei verksemd som er involvert i hydrogenteknologi.
På kurset lærer du om hydrogen sine eigenskapar, og korleis hydrogen kan både produserast, lagrast og brukast. Emnet gir ein enkel innføring i hydrogensikkerheit og regelverk knytt til bruk av hydrogen. Emnet vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.
Manglar du teknisk eller realfagleg bakgrunn oppfordrar vi deg sterkt til å søke “Innføring i hydrogenteknologi” (HYD800).
Planlagt oppstart 6. mars 2024
Vi tek atterhald om tilstrekkeleg antall påmeldte for gjennomføring av kurset.
Det vert ingen prioritering på bakgrunn av bransjetilhøyrlse ved opptak til HYD802 våren 2024.
- 5 studiepoeng
- Kursavgift: 6000 kr
- Forkunnskapskrav: HYD801
- Søknadsfrist: 25. feburar 2024
- Opptak: Sjå meir informasjon øvst på sida.
Hugs å oppgi bransjetilhøyrsle i søknaden.
Koden i Søknadsweb er 5519 - Undervisingsform: Kurset vert i hovudsak undervist digitalt
- Samlingar og tidspunkt: informasjon kjem
- Fagleg overlapp:
MAS307/MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
HYD800 - Innføring i hydrogen - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
Samlingar
Oppstart, digital forelesing: onsdag 6.mars 15:15 - 18:00.
Meir informasjon kjem.
Innhald
Dette kurset rettar seg mot deg som har teknisk eller realfagleg bakgrunn, og jobbar i ei verksemd som er involvert i hydrogenteknologi.
Det er eit krav at du har gjennomført Hydrogenteknologi I for å søke opptak til Hydrogenteknologi II.
På kurset lærer du meir om lagring i form av ulike hydrogenberarar, transport av hydrogen og konkrete bruksområde for hydrogen. Du vil og lære om bruk av hydrogen i brenselceller. Emnet gir ei grundig innføring i hydrogensikkerheit og regelverk knytt til bruk av hydrogen.
Hydrogenkursa kan enkelte gonger bli køyrt med ekstra fordjupning i spesifikke tema. Dette vil i så fall bli annonsert her på informasjonssidene til etter- og vidareutdanningskursa i hydrogen, men vil ikkje påverke innhaldet i eller omfanget av kurset i stor grad.
Målgruppe
Vi tilbyr kurs som passar både for deg som er leiar eller jobbar administrativt, og kurs som passar for deg med meir teknisk bakgrunn. Våren 2024 vert søkjarar frå maritim sektor prioritert ved opptak for HYD800, men vi anbefaler likevel andre å søkje. Det vert ingen prioritering på bakgrunn av bransjetilhøyrlse ved opptak til HYD802 våren 2024. Når du søker må du likevel oppgi bransjetilhøyrsle.