Fagmiljø

I samband med akkreditering av studieprogram, årleg arbeidsplanlegging og periodiske evalueringar av studieprogram, har instituttleiinga ansvar for å sikre at fagmiljøet på det enkelte studieprogram er samansett i tråd med krava til akkreditering.

Verktøy for oversyn og kontroll av fagmiljø

Instituttleiinga skal sikre tilstrekkeleg kompetanse blant dei vitskapleg tilsette og følgje opp utdanningsaktivitetar via medarbeidarsamtalar og arbeidsplanar.

I HVL sitt system «Kompis» ligg oversiktar over kompetansen til fagtilsette. Dette inneber ein samanstilling av informasjon frå ulike kjelder, både formell kompetanse, forsking og CV. Det gir ein oversikt over kva kompetanse som er knytt til dei ulike utdanningane, og gjer det lettare å finne rett person til rett jobb på tvers av institutt og fakultet. Denne oversikta er tilgjengeleg for leiarar og administrative funksjonar med behov for oversikt over dei tilsette sin kompetanse.

Meir informasjon om KOMPIS

Kompetansepolitikk

Leiinga har eit overordna ansvar for systematisk kompetanseutvikling i verksemda. Det er viktig at mål og midlar for personalutvikling blir inkludert i planar og budsjettet.

HVL tilbyr emne i universitets- og høgskulepedagogikk for sine tilsette. Næraste leiar med personalansvar har ansvar for å kontrollere og leggje til rette for at tilsette som ikkje har denne kompetansen ved tilsetjing tileignar seg denne slik regelverket krev.

Meir om univeristetspedagogikk

Opprykk og merittering

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det spesifikke kriterium for utdanningsfagleg kompetanse. Dette gjeld særleg ved tilsetjing og opprykk til stillingane som førsteamanuensis og professor. Kompetansen skal dokumenterast gjennom to komponentar: pedagogisk mappe og pedagogisk CV.

Merittering av undervisarar er ei ordning for å løfte fram gode undervisarar som har ei godt grunngjeven pedagogisk filosofi og jobbar systematisk, vitskapleg og i samarbeid med kollegaer for å utvikle kvalitet i utdanningane. Status som merittert undervisar kan bli tildelt fast tilsette i vitskaplege stillingar ved HVL etter søknad. Søknadene blir vurdert av ein einstemmig bedømmingskomité etter fastsette kriteria. Komiteen sin innstilling må godkjennast av rektor ved HVL.

Meir om opprykk og merittering

 

Pris for utdanningskvalitet ved HVL

Pris for utdanningskvalitet skal anerkjenne medarbeidarar og fagmiljø som utmerker seg med framifrå undervisning, og bidra til å fremme kvalitet i undervisnings- og evalueringsformer. Den skal vere ein inspirasjon til vidare fagleg og pedagogisk innsats, engasjement og bruk av nyskapande undervisningsmetodar og læringsarenaer.

 


Kontakt oss

Har du tilbakemeldingar eller spørsmål? Kontakt oss gjerne!

kvalitet@hvl.no