Sorg og sorgstøtte i utsatte livssituasjoner
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
August 2023 - Desember 2030
Prosjektsamandrag
Sorg er ei universell menneskeleg erfaring, men kan òg føre til vedvarande helse‑ og sosiale belastningar. Risikoen for kompliserte eller langvarige sorgforløp er knytt til individuelle faktorar (t.d. alder, kognitiv kapasitet, tidlegare tap), relasjonelle faktorar (t.d. grad av nærleik eller avhengnad), og omstende rundt dødsfallet (t.d. brått, uventa eller stigmatisert død). Gruppa som inngår i prosjektet, har til felles at eitt eller fleire av desse risikofaktorane er til stades, noko som gjer god sorgstøtte særleg viktig. Samtidig kan livssituasjonen deira skape barrierar for å få adekvat støtte. Sorgreaksjonar kan bli tolka gjennom andre kjenneteikn ved personen, som rusmiddelbruk eller autismespekterforstyrring, eller sorga kan bli utilstrekkeleg anerkjent på grunn av omstende rundt relasjonen eller dødsfallet. Desse gruppespesifikke risikofaktorane og moglege hindringar for sorgstøtte skal gjerast eksplisitte i dei enkelte arbeidspakkane. Å samle arbeidspakkane i eitt prosjekt legg til rette for metodisk samordning, fagleg utvikling og analysar på tvers. Samanliknande analysar kan belyse likskapar og forskjellar i vilkår for sorgstøtte, barrierar og moglegheiter. Det samla datamaterialet gir òg høve til forskingsspørsmål utover dei som er definerte i kvar arbeidspakke, til dømes familieorienterte analysar eller analysar av hjelparar som sjølve blir etterlatne. Samarbeid på tvers styrkjer prosjektets samla kunnskapspotensial og gjer det mogleg å dele ressursar knytt til formidling, analysearbeid, nettside og digitale læringsressursar. Ei sentral oppgåve vidare blir å avklare kva som bør harmoniserast mellom arbeidspakkane, og kvar det er formålstenleg med variasjon.