Moving Towards a Thriving Early Childhood Workforce (THRIWE)
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
April 2026 - Juli 2030
Finansieringskjelder
HVE
Prosjektsamandrag
THRIWE vil gjennomføre banebrytande transdisiplinær forsking som styrkjer helse og trivsel til arbeidsstyrken i barnehagesektoren, og byggjer berekraftige system for barnehagekvalitet og barn si heilskaplege utvikling. Prosjektet svarar på sentrale utfordringar i sektoren – dårleg helse og trivsel blant tilsette, samt høgt sjukefråvær og bemanningsutfordringar i barnehagen – som svekkjer kvaliteten i barnehagetilbodet. Ved å integrere innsikt frå leikforsking, samskapingsmetodikk, systemisk leiing, komplekse intervensjonar og arbeidslivsforsking vil THRIWE utvikle kunnskap om korleis utdanningssystem kan tilpasse seg og fungere godt under krevjande vilkår. Helse og trivsel i arbeidsstyrken og kvalitet i barnehagen Dei tidlege barneåra (0–6 år) spelar ei avgjerande rolle for å forme framtida til eit menneske. Barnehagen er ein sentral arena for omsorg og læring for barn, men kvaliteten er ofte suboptimal. Ein heilskapleg barnehagepedagogikk som støttar barn sin bevegelse, leik og utforsking kan gje barn kompetansar dei treng for å meistre ei kompleks verd. Samstundes er det krevjande å styrkje kvaliteten i barnehagen når tilsette har dårleg helse og trivsel, og barnehagen har høgt sjukefråvær og bemanningsutfordringar, noko som undergrev kvalitet både i barnehagepraksis og forsking. Som svar på dette vil THRIWE nytte eit breiare system- og kompleksitetsperspektiv på barnehagesektoren, helse og trivsel hos tilsette, leiing, barnehagen sin kvalitet og barn si utvikling. Mål for prosjektet Me vil adressere to sentrale forskingsgap for å utvikle forståinga av og framtidig forsking på berekraft i barnehagesektoren: 1) Mangel på solid eksperimentell forsking som tek i bruk eit heilskapleg rammeverk for trivsel hjå arbeidsstyrken, og 2) Mangel på deltaking frå relevante partar i eksperimentell forsking. Forskinga på trivsel hjå arbeidsstyrken i barnehagen er dominert av små korrelasjonsstudiar med eit fragmentert perspektiv på trivsel. Det er difor behov for fleire store solide eksperimentelle studiar. For å lukkast med å utvikle og implementere intervensjonar som er relevante, akseptable og skalerbare, må barnehagetilsette og andre interessentar involverast, formulere eigne behov og kunne tilpasse tiltaka til lokal kontekst. I THRIWE er målet å gjennomføre transdisiplinær forsking på systemiske og komplekse barnehageintervensjonar som støttar heilskapleg utvikling og trivsel hos både barn og tilsette, gjennom integrasjon av designbaserte og eksperimentelle tilnærmingar til arbeidslivsforsking. THRIWE – samskapings- og gjennomførbarheitsstudie Me vil gjennomføre THRIWE samskapings- og gjennomførbarheitsstudie i perioden 2026–2029. Studien byggjer på og utvidar etablerte store eksperimentelle studiar med fokus på kompetanseutvikling hjå tilsette og pedagogiske praksisar som støttar bevegelse, leik og utforsking (ACTNOW (2019–2022) og MoveEarly (2024–2026)). Vidare vil me utforme, gjennomføre og evaluere ein samskapings- og gjennomførbarheitsstudie som legg grunnlaget for utviklinga av ein stor eksperimentell studie. Verkstadbaserte metodar vil bli nytta for å utvikle kunnskap om vilkår for helse og trivsel hjå tilsette, og for å samskape design av ein intervensjon i samarbeid med barnehagar. Ein gjennomførbarheitsstudie over 4–5 månader vil bli gjennomført for å vurdere om intervensjonen er akseptabel og gjennomførbar. Dersom evalueringa er vellukka, og med tilleggsfinansiering, har me som mål å evaluere effekten av intervensjonen i ein stor eksperimentell studie og eventuelt implementere han i stor skala.