Barn som leser i en bok.

Nasjonalt nettverk for universitet og høgskole (UH) i kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderende praksis

På denne sida kan du lese om Kompetanseløftet. Oppdraget for kompetanseløftet blei avslutta ved årsskiftet 2021/2022. Presentasjonar finn du under ReKomp- og DeKomp sine sider.

Høgskulen på Vestlandet har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å vere nasjonal koordinator for universitet og høgskular i kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis (kompetanseløftet). Oppdraget gjeld gjennomføring av tematiske samlingar i kompetanseløftet, i samarbeid med Statped.

Det overordna formålet med kompetanseløftet er å bidra til at dei tilsette får tilstrekkeleg kompetanse for å kunne førebygge utanforskap hos barn i barnehagen og elevar i skulen, fange opp utfordringar og gje eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert barn og elevar med behov for særskilt tilrettelegging.

Kompetanseløftet skal også bidra til auka samhandling på tvers av profesjonane i laget rundt barnet.

Presentasjonar frå DeKomp-samlingar

Presentasjonar frå ReKomp-samlingar

Nettverkskoordinatorar

bilde av Dziuginta Baraldsnes

Dziuginta Baraldsnes

Førsteamanuensis

bilde av Jorunn Høyland

Jorunn Høyland

Stipendiat

 

Statped - ein viktig ressurs i Kompetanseløftet

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderende praksis skal byggast opp over fem år (2020-2025), og sjåast i tett sammenheng med endringane som er varsla for Statped. Statped vil vere en viktig ressurs i Kompetanseløftet, både lokalt og nasjonalt, og skal bidra til kompetansebygging i spesialpedagogikk og inkluderande praksis.  

Statped har fått fleire oppdrag knytt til å bidra inn i kompetanseløftet. Mellom anna skal Statped:

  • Delta i UH-nettverk for kompetansebygging på området og bidra med kompetanse og kunnskaps- og erfaringsdeling i spesialpedagogikk og inkluderande praksis inn i nettverka,
  • Bistå med å identifisere behov for kompetanseutvikling i UH.
  • Bidra i kompetansetiltak i UH der det er aktuelt.  

I samband med dette samarbeider Statped tett med Høgskulen på Vestlandet om å arrangere tre tematiske samlingar knytt til kompetanseområda i kompetanseløftet i 2021. 

Les meir om Statpeds rolle i kompetanseløftet på statped.no

Lenke til Kompetanseutvikling i barnehage og skole - ReKomp og Dekomp