Kva er ein samtale i SciTalk?

På denne nettsida brukar vi hovudsakleg omgrepet samtale og ikkje prat eller dialog. Som vi har sett, er samtale definert som uformell prat mellom to eller fleire deltakarar.

Dei samtalane vi fremjar, høyrer heime i opplæringssamanheng, og derfor har dei nokre formelle trekk. Hovudinteressa vår er til dømes samanhengar der ein vaksen samtalar med eitt eller fleire barn. 

Vi legg vekt på rolla di som vaksen i desse samtalane, men ikkje fordi vi er interessert i bidraga frå den vaksne i seg sjølv. Vi er opptekne av korleis pedagogisk opplæring kan føre til at vi blir betre på ytringar eller god respons til barn som kan fremje interesse, glede og læring hos barna om emne innanfor naturvitskap.  

I samtalen vil det vere forskjellar på korleis ein vaksen og eit barn nærmar seg eit naturfenomen, korleis dei tolkar og relaterer fenomenet til tidlegare erfaringar, og kva kunnskap dei har om det. Kort sagt er det forskjellar i den kunnskapshaldningane deira. At det er forskjellar i kunnskap og ordforråd mellom vaksne og barn, er openbert. Samtidig er det viktig å auke medvitet om korleis desse forskjellane påverkar forsøka dine på å bli ein betre samtalepartnar for barna når dei skal lære inn ord og omgrep for opplevingane sine av ulike fenomen i naturen.  

På denne nettsida legg vi vekt på utforskande kvardagssamtalar.