
Kvåle skule
På denne sida kan du lese meir om kva som skjer på lærarutdanningsskulen Kvåle skule.
Kvåle skule er ein 6-10 skule med tre og fire parallellar på trinna. Skulen arbeider målretta for å ta vare på elevane sin eigenart og gi dei faglege og sosiale utfordringar som dei meistrar og veks på. For skuleåret 2025/26 er det 400 elevar på skulen, 47 lærarar og 15 miljørettleiarar. Skuleadministrasjonen består av ein rektor, to avdelingsleiarar og ein leiande miljøterapeut. Skulen ligg vakkert til på Kvåle i Sogndal, tett på både fruktgardar, idrettsanlegg og eit pulserande høgskule- og næringsmiljø ved Fosshaugane Campus.
Kontaktpersonar
LU-kontakter ved Kvåle skule: Runa Buene og Magni Stenehjem
FoU-kontakt ved Høgskulen på Vestlandet: Reidun Nerhus Fretland
Hospitering 25/26
Reidun Nerhus Fretland og Øystein Lerum
Forskings- og utviklingssamarbeid
Kvåle skule ynskjer at FoU-kontakt ved HVL og LU-kontaktane er informert om førespurnader, samarbeid og kommunikasjon knytt til masterprosjekt. Skulen er positive til å stille opp for masterprosjekt, og då særleg i prosjekt der dei kan vere med å utvikle noko saman med masterstudentar.
Utviklingsarbeid
Kvåle skule har for skuleåret 2025-2026, etter søknad til Utdanningsdirektoratet, fått tildelt midlar for å drive ordning for kollektiv kompetanseutvikling. Hovudmålet er å styrkje det profesjonsfaglege fellesskapet og utvikle skulen som ein lærande organisasjon. For å få til dette treng me støtte frå fagpersonar ved HVL som har spisskompetanse på skuleutvikling. Saman vil me greie å lage gode prosessar som kan føre oss nærmare målet. Gjennom å etablere ei ordning med interne fagutviklarar vil skulen sikre at tiltaka ein finn vert implementert i organisasjonen. Dei interne fagutviklarane skal leie utviklingsarbeid, rettleie kollegaer og bidra til fornying av undervisningspraksis.
Målet for skulen sitt utviklingsarbeid skal syne att i klasserommet ved at elevane får:
- Betre undervisning
- Auka medverknad
- Tydeligare struktur og læringsmiljø
- Sterkare fagleg støtte
- Meir relevans i undervisninga
«Å arbeide med læring og lærelyst i kroppsøving ut frå LK20» - eit samarbeidsprosjekt mellom HVL, Hafslo BUS og Kvåle skule om kroppsøvingsfaget skuleåret 2025/26
Hensikta med prosjektet er å skape forståing for kvarandre si tenking kring praktisering av kroppsøvingsfaget i skulen. Med det siktar vi til alt frå planleggingsarbeid, gjennomføring av undervisning, etterarbeid og heilskapen i den faglege forståinga av kroppsøving som lærings- og danningsfag i skulen. Samarbeidsprosjektet skal bidra til å utvikle pedagogisk praksis i kroppsøvingsfaget, både i lærarutdanninga og kroppsøving i skulen. Det igjen bidreg til utvikling av ei kvalitativt god praksisopplæring. I første omgang er dette eit utviklingsarbeid der vi ynskjer å etablere eit tettare samarbeid mellom fagtilsette ved HVL og alle lærarane som underviser i kroppsøving på LU-skulane; Hafslo barne- og ungdomsskule og Kvåle skule. Vi ser på samarbeidsprosjektet skuleåret 2025/26 som første steg for vidare samarbeid om FoU-prosjekt. I eit slik FoU-prosjekt vil vi involvere masterstudentar i GLU og lærarar med interesse for FoU.
Prosjektet hadde oppstart i august og har i tillegg gjennomført tre møter til i løpet av haustsemesteret. Merksemd og fokus i haust har vore refleksjon og bevisstgjering kring profesjonsfellesskap i kroppsøving, og planleggingsarbeid ut frå prinsippet om baklengs planlegging. I vårsemesteret skal vi halde fram med å vidareutvikle periodeplanarbeidet i tillegg til å prøve ut noko gjennom praktisk arbeid. Vidare arbeider ei gruppe med å utvikle heilskapleg plan med mål om å lage ein lokal læreplan for Kvåle skule (to- og tre-årsplanar).
Samarbeid mellom fag- og forskingsgruppe i matematikk og Kvåle skule
Det er inngått ulike former for samarbeid mellom fag- og forskingsgruppe i matematikk ved HVL, Campus Sogndal v/Lene Hayden Taraldsen og Frode Olav Haara og Kvåle Skule
Etablering av årlege økter der matematikkstudentar frå HVL, Campus Sogndal, som del av obligatoriske læringsaktivitetar, har undervising med elevar på mellom- og/eller ungdomstrinnet som kjem til våre lokale ved høgskulen og deltar i studentstyrt undervisning. Denne ordninga, som er knytt til 2GLU 5-10, og 3GLU 1-7, har vi hatt i nokre år, og den er no ein del av samarbeidet vårt med Kvåle skule som LU-skule.
Forskingsprosjektet Matematikklærarar si tilrettelegging for utvikling av problemløysingskompetanse i matematikk. Samarbeidet omhandla gjennomføring av datainnsamling til dette prosjektet der to lærarar frå Kvåle skule deltok vårsemesteret 2025. Det forskingsretta føremålet med prosjektet er å sjå på ulike måtar matematikklærarar i grunnskulen legg til rette for arbeid med problemløysing, og å få tilgang til grunnar for metodiske val. Dette prosjektsamarbeidet vart og nytta som del av innhaldet i eit emne 4. årsstudentar i matematikk i GLU-utdanningane ved Campus Sogndal vårsemesteret 2025. Studentane var ansvarlege for datainnsamlinga, og har fått høve til å nytte data frå prosjektet til eigne framtidige masterprosjekt som har opphav i hovudprosjektet sitt formål. Det er ein student som nyttar data frå prosjektet i sitt masterprosjekt studieåret 2025/26. Dette kan medføra meir samarbeid med Kvåle skule som i tilfelle vil omhandle innhenting av meir data frå lærarar som var involvert i datainnsamlinga vårsemesteret 2025.
Våren 2025 var forskargruppa Research in Pedagogical Entrepreneurship (RiPE) vertskap for ei studievitjing der representantar for det danske partnarskapet Playful Learning vitja HVL, Campus Sogndal. Som ein del av programmet var Kvåle skule vertskap for dei danske representantane der dei observerte ei undervisningsøkt med elevar frå Kvåle skule som deltakakara i ei undervisningsøkt med lærarstudentar. I tillegg observert nokre lærarar frå Kvåle skule ei undervisningsøkt med lærarstudentar, der ein av representantane frå Playful Learning gjennomfører eit undervisingsdøme knytt til undervisings- og læringsprosessen Novel Engineering. I mai var avdelingsleiar frå Kvåle skule med representant frå RiPE på studietur til Danmark som ei vidareføring av samarbeidet med Playful Learning. I etterkant er ein ny samarbeidsrelasjon etablert der Kvåle skule og RIPE er blitt medlem i eit nystarta nordisk nettverk knytt til Playful learning (Nexus – Playful Learning).
Kvåle skule og RIPE har hausten 2025 hatt møte for å samtale om kva eit slikt medlemskap kan ha å sei for Kvåle skule i samarbeid med HVL-FLKI. Vidare har tre lærarar frå Kvåle skule vore med til Finland for å delta i utviklingsfellesskapsmøte knytt til det nordiske nettverket. Som oppfølging skal dei i januar vere med i eit møte i høve vidare framdrift. Dette er ein del av utviklingsarbeidet Kvåle skule driv som del av ordninga for kollektiv kompetanse utvikling.
Samarbeid om inkluderande kroppsøving (IMPRATO)
Nokre lærarar ved Kvåle skule deltok hausten 2024 i eit fokusgruppeintervju der dei samtala om erfaringar og tankar knytt til utfordringar og moglegheiter for tverrfagleg samarbeid om kroppsøving i skulen. Fokusgruppeintervju er del 1 i Anne Skaar (tilsett ved HVL, vernepleieutdanninga) sitt forskingsprosjekt som stipendiat. Hennar prosjekt har til hensikt å utforske og utvikle samarbeidspraksisar mellom kroppsøvingslærarar, fysioterapeutar og eventuelt andre relevante aktørar. I den samanheng deltok to lærarar frå Kvåle skule på del 2 av prosjektet i juni 2025. Då møtte dei fysioterapeutar for å samtale om ynskjer for, og erfaringar med samarbeide mellom yrkesgrupper/profesjonar. Her kan du lesa meir om IMPRATO
Kommunale satsingsområde
Lesing
Med utgangspunkt i den nasjonale strategien Sammen om lesing - Leselyststrategien 2024-2030, skal Sogndal kommune ha lesing som eit av sine fokusområder i perioden 2025-2030. Det er oppretta ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein lokal handlingsplan for å styrke lesekompetansen og leselysta hos elevar i grunnskulen i Sogndal. Planen skal vere forankra i nasjonale føringar, men samtidig tilpassast lokale behov og ressursar. Arbeidsgruppa består av lærarar frå ulike trinn og skular, i tillegg til skuleleiarar. Kvåle skule er representert ved avdelingsleiar Knut Almås og lærar Mari Standal.
Skulefråværsproblematikk
Det er ei uroleg utvikling med aukande fråvær blant elevane våre, særleg eter kvart som dei vert eldre. Skulefråvær og manglande gjennomføring i vidaregåande opplæring er ei nasjonal utfordring. Kommunen har oppretta ei eiga ressursgruppe der alle skulane og nokre støtteeiningar er representerte, noko som gjev eit godt felles utgangspunkt for kompetansedeling og utvikling. Kommunen har tek utfordringa på alvor og lagt til rette for auka kompetanse og nye støttespelarar – til dømes ungdomslosar – som bidreg inn i arbeidet. I tillegg er det svært positivt at kommunen nyttar eigen kompetanse, i dette tilfellet koordinator for individuell tilrettelegging tilhøyrande Kvåle skule (som pr. no skriv masteroppgåve om tema), til å koordinere arbeidet på kommunenivå. Dette viser eit sterkt felles ønske om å utvikle beste praksis saman.
«Robuste barn og unge» og «Saman Samtidig»
Kvåle skule vart hausten 2024 den første skulen i kommunen som deltok som pilotskule i prosjektet Robuste barn og unge – eit samarbeidsprosjekt mellom Luster og Sogndal kommune. Prosjektet har som mål å styrkje barn og unge si evne til å meistre kvardagen, byggje gode relasjonar og handtere motgang på ein trygg og konstruktiv måte.
Samtidig er Kvåle skule del av Sogndal kommune si satsing Saman Samtidig – ein førebyggjande plan retta mot å hindre omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar. Gjennom satsinga har kommunen sett fokus på tema som utanforskap, foreldrestøtte, vald og seksuelle overgrep, og korleis skulane og dei andre tenestene saman kan bidra til tidleg innsats og felles praksis.