Sævarhagen FUS barnehage

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsbarnehagen Sævarhagen FUS.

Kontaktpersonar

LU-kontakt: Victoria Sæternes Lausen

Fou-kontaktar: Sissel Jeanette Halland og Annette Kristoffersen Vinje

Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Sævarhagen FUS lærarutdanningsbarnehage har inngått eit forpliktande og gjensidig partnarskap i perioden 2024-2028. Dette med mål om å fremje og utvikla kvalitet i barnehagen og i barnehagelærarutdanninga. Samarbeidet inneber praksisopplæring for studentar og hospitering for HVL tilsette. Victoria Sæternes Lausen er tilsett i barnehagen og fungerer som LU-kontakt i 20% stilling. Sissel Jeanette Halland  og Annette Kristoffersen Vinje fungerer som FoU-kontakter og som bindeledd mellom forskergrupper som samarbeider med barnehagen om ulike barnehagebaserte forskings- og utviklingsarbeid. I praksisopplæringa skal studentane få kjennskap til, og om mogleg vera deltakarar,  i barnehagen sitt pågåande forskings- og utviklingsarbeid.

Forskings- og utviklingssamarbeid  

Et barnehagebasert estetisk prosjektarbeid

Ut frå barnehagen sitt behov skal HVL, saman med barnehagen, utvikla eit barnehagebasert forskings- og utviklingsarbeid som rettar seg mot estetiske prosjektarbeid med born i barnehagen. Samarbeidspartnarar frå HVL er forskargruppa «Barnehage og profesjonsutdanning» ved førstelektorar i pedagogikk og FoU-kontaktar Annette Kristoffersen Winje og Sissel Aastvedt Halland, høgskulelektor i dramapedagogikk Kirsti Aksnes og høgskulelektor i kunst og handverk Marte Aadland Simonsen. Dei to sistnemnde presenterer forskargruppa «Praktiske og estetiske fag og fagdidaktikk». Dette arbeidet er delfinansiert gjennom såkornsmidlar ved HVL. 

Utvikla praksis ved barnehagelærarutdanninga

Saman med praksislærarar i barnehagen, profesjonsrettleiarar, faglærarar i barnehagelærarutdanninga, praksisadministrasjonen ved HVL og barnehagelærarstudentar vil ein sjå nærare på praksisoppgåvene, studentrettleiing og korleis ein kan prøva ut og utvikla dette. Samarbeidspartnar frå HVL er forskargruppa «Barnehage og profesjonsutdanning» ved førstelektorar i pedagogikk og FoU-kontaktar Sissel Aastvedt Halland og Annette Kristoffersen Winje.

Nyutdanna barnehagelærarar

Saman med dei tilsette i barnehagen vil forskargruppa «Barnehage og profesjonsutdanning» ved førstelektorar i pedagogikk og FoU-kontaktar Sissel Aastvedt Halland og Annette Kristoffersen Winje utvikla kunnskap om korleis det er å ta imot og arbeide med nyutdanna barnehagelærarar.