Utskrift

HVL sitt system for kopiering, skanning og utskrift av dokument for studentar er basert på studentkort og kortlesarar på kvar skrivar.

Nye studentar som manglar studentkort, kan logge seg på skrivarane med brukarnamn og passord på samme måte som i oppskrifta under.

Førstegangs pålogging (aktivere kort)

Studentar på campus Bergen, Haugesund og Stord:

  1. Det kjem opp ei melding som seier «Unknown User», deretter meldinga «Login to register card».
  2. Du treng ikkje fylle inn PIN- og PUK-kode. Trykk «Avbryt» når det kjem opp.
  3. Klikk på «Username» og skriv inn brukarnamnet ditt.
  4. Klikk på «Password» og skriv inn passordet.
  5. Klikk på «OK».

Studentar på campus Sogndal og Førde:

  1. Finn ein multifunksjonsskrivar og hald kortet over kortlesaren.
  2. Skriv inn studentnummer der det står Username og trykk «OK».
  3. Skriv inn passordet ditt og trykk «OK».

Fyll opp kortet ditt

Gå til https://print.hvl.no og logg på med studentnummer og PIN-kode (den same koden som du brukar på Studentweb). Her kan du når som helst sjå kor mykje du har brukt, og fylle på kontoen. 

Har du gløymt PIN-koden din? Du kan endre den i Studentweb. Dersom du skal fylle på kortet ditt etter at du har endra koden, kan det gå inntil 2 timar før den nye koden er aktivert.

Merk at koden for å komme inn i bygga våre ved hjelp av kort også blir endra når du endrar PIN-koden i Studentweb. NB! Dette gjeld ikkje for studentar i Førde, Sogndal og Møllendalsveien. Ta kontakt med Servicetorget dersom du ikkje hugsar PIN-koden til kortet ditt. 

Prisar:

  • A4 svart-kvitt 0,75
  • A3 svart-kvitt 1,50
  • A4 farge 1,50
  • A3 farge 3,00
  • Tosidig utskrift/kopi - 25%
  • Skanning er gratis

OBS: Sørg for å bruke opp pengane på kortet før du er ferdig med studiet. Vi kan dessverre ikkje refundere uteståande beløp. Kontoen blir sperra når du har fullført studiet ditt ved HVL.

Korleis bruke skrivarane

Før du skriv ut eller kopierer, bør du kontrollere at det er papir i skrivaren. Dersom du skriv ut på ein skrivar som er tom for papir, vil utskrifta bli skrive ut når det blir fylt på papir.

Utskrift frå trådlaust nett

Gå til http://utskrift.hvl.no for utskrift via web, e-post eller drivar (det skal fungere frå dei fleste einingar; Android, iPhone, nettbrett, PC, Mac m.m.). Logg på med studentnummer og passord.

Ved utskrift frå nokre mobiltelefonar og nettbrett virkar «email print» best. Lenka er tilgjengeleg når du er tilkobla det trådlause nettet «Eduroam» på HVL.

Utskrift frå HVL-PC

  1. Logg på ein av HVL sine datamaskiner med brukarnamn og passord.
  2. Vel skrivaren «FollowMe Ricoh - sort» for svart/hvit utskrift, eller «FollowMe Ricoh - farge» for fargeutskrift. Studentar i Sogndal og Førde vel den skrivaren som kjem opp på skjermen.
  3. Gå til ein skrivar med kortlesar.
  4. Bruk studentkortet til å logge på skrivaren. Ved førstegangs bruk eller viss du har fått nytt kort, må du i tillegg logge på med brukarnamn og passord (sjå oppskrift for førstegangs pålogging over).
  5. Skriv ut ved å trykke på knappen «Pull Print».

Kopiering

  1. Gå til ein multifunksjonsskrivar med kortlesar.
  2. Bruk studentkortet til å logge på skrivaren. Ved førstegangs bruk eller dersom du har fått nytt kort må du i tillegg logge på med brukarnamn og passord (sjå oppskrift for førstegangs pålogging over).
  3. Trykk på knappen «Kopi».
  4. Legg det du vil kopiere på glasplata eller i mataren øverst på skrivaren.
  5. Velg dei innstillingene du ønskjer for kopiering.
  6. Start kopieringa.

Skanning

  1. Gå til ein multifunksjonsskriviaer med kortlesar.
  2. Bruk studentkortet til å logge på skrivaren. Ved førstegangs bruk eller dersom du har fått nytt kort, må du i tillegg logge på med brukarnamn og passord (sjå oppskrift for førstegangs pålogging over).
  3. Trykk på knappen e-post.
  4. Legg det du vil skanne på glasplata eller i mataren øverst på skrivaren.
  5. Vel dei innstillingane du ønskjer for skanning, og skriv inn HVL e-postadressa di.
  6. Start skanninga.
  7. Det du har skanna blir sendt til e-postadressa di.

Logge av

Trykk logg-av-knappen i displayet, eller hald kortet ditt mot kortlesaren ein gang til. Dersom du gløymer å logge deg av, vil du bli logga av automatisk etter ca. 1 minutt.

Brukarstøtte

Dersom du får problem, er Servicetorget eller IT-hjelpen klar til å svare på spørsmål. Gi oss gjerne beskjed viss det er tomt for papir eller tonar i ein skrivar, eller dersom du har sperra kontoen din og ønskjer å opne den igjen.

Studentar i Bergen:

Kontakt IT-hjelpen eller Servicetorget.
Du kan også få IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88.

Studentar i Førde:

Kontakt IT-hjelp

Studentar på Stord og i Haugesund:

Kontakt IT-hjelpen på din campus.
Du kan også få IT-hjelp på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88

Studentar i Sogndal:

Kontakt IT-hjelp