Studentassistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Ønskjer du deltidsjobb som studentassistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett? På denne sida finn du informasjon om ordninga, kven du kan ta kontakt med og lenke til eventuelle utlysingar.

Utlysing og avtale

Fakultetet lyser ikkje ut studentassistentstillingar for hausten 2025. I staden blir det gjort avtale direkte i dialog med emneansvarlege på aktuelle studieprogram.

Dersom du er interessert i å vere studentassistent, kan du ta kontakt med ein faglærar eller studierettleiar på studieprogrammet, sjå kontaktinformasjon nederst på denne sida.

Hausten 2025 har vi studentassistentar på desse studieprogramma/emna:

  • Barnehagelærarutdanning (BLU), Språk, tekst og matematikk (STM)
  • Grunnskulelærarutdanning (GLU), matematikkemne med nasjonal deleksamen
  • Teiknspråk og tolking (TST), emne 1. studieår

Om jobben

Studentassistentar har gjort seg verdifulle erfaringar som student på tilsvarande studieår/emne og nyttar sine fagkunnskapar til beste for nye studentkull. Som studentassistent får du ansvar for å planleggje og gjennomføre treff for studentar i ein eller fleire klasser gjennom semesteret.

Innhaldet i møta kan vere fagleg, om studiemeistring og motivasjon eller rett og slett handle om å bli kjende med kvarandre og faget ein studerer. Målet er å bidra til at studentane lukkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt.

Viktig informasjon

  • Du må ha bestått alle emna til klassen du skal vere studentassistent i eller ha bestått tilsvarande emne
  • Du får betalt opplæring
  • Du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs
  • Vi legg til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar ved høgskulen samtidig.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre møte med studentar på aktuelt emne/studieår
  • Bidra til at studentane blir betre kjende med kvarandre, og bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø
  • Støtte studentane i fagleg arbeid
  • Delta i møte og samarbeide med emneansvarleg/fagmiljø og andre studentassistentar

Forventningar til deg

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar 
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere
  • Du har god innsikt i eige studieprogram og emna som inngår

Arbeidstid, lønn og attest

Jobben er lønna (inkludert opplæring, førebuing og evaluering). Timesatsar og praktisk informasjon finn du på HVL si hovudside for studentassistentordninga. Attest blir tilsend når oppdraget er fullført, på førespurnad til studierettleiar.

Kontaktinformasjon

Administrativ koordinator for studentassistentordninga på FLKI: Eli Hilde Borsholm