Studentinvolvering i forsking

På denne sida finn du informasjon om korleis du som student kan involvere deg i forsking. Som student kan du søkje om midlar til å drive med forsking gjennom studietida.

Studentforsking handlar om meir enn forskingsbasert undervisning. Det handlar om å involvere studentar aktivt i forsking – som medskaparar av kunnskap, som brubyggjarar mellom akademia og praksis, og som framtidas forskarar og innovatørar.

I ei tid der samfunnet står overfor store omstillingar og aukande behov for ny kunnskap, kan vi ikkje vente på at forskingsresultat sakte skal finne vegen ut i praksis. Studentane representerer ein unik og delvis underutnytta ressurs i dette arbeidet. Når studentar deltek aktivt i forskingsprosjekt, kan forskingsbasert kunnskap takast raskare i bruk – til beste for arbeidslivet, utdanninga og samfunnet som heilskap.

Er du bachelor- eller masterstudent?

Som student ved HVL kan du søkje økonomisk støtte til involvering i og gjennomføring av eit forskningsprosjekt under faglig rettleiing, forankra i HVL. Kriterium for å søkje såkornsmidla finn du i lenkja under.

Frist for å søkje såkornsmidlar for våren er 20. mars 2026 og hausten 20. september 2026.

Studentane sin FoU-pris

Føremål

Prisen skal anerkjenne studentar som har utmerkt seg med særleg høg kvalitet innan forskings- og utviklingsarbeid (FoU), og som gjennom arbeidet sitt har bidrege til fagleg utvikling, ny kunnskap eller innovasjon.

Kriterium for tildeling

Nominerte kandidatar vert vurderte etter følgjande kriterium:

Fagleg kvalitet

Arbeidet held høg vitskapleg eller fagleg standard, har god metodisk gjennomføring og viser originalitet og nytenking.

Relevans

Døme: Bidrag til fagutvikling, samfunnsmessig relevans eller praktisk bruk, samt potensiale for vidare forsking eller implementering.

Formidling

Fagleg formidling gjennom til dømes presentasjon på konferansar, publisering eller anna formidling.

Kven kan nominerast?

  • Studentar på bachelor-, master- eller vidareutdanningsnivå
  • Individuelle arbeid eller gruppeprosjekt kan nominerast

Nominasjonsprosess

Kven kan nominere?

  • Fagtilsette
  • Rettleiarar
  • Studieprogramleiarar
  • Studentar kan eventuelt nominere seg sjølve med støtte frå rettleiar

Meir informasjon kjem

Eksterne midlar

Kvifor er studentforsking viktig?

Nasjonale føringar er tydelege. Utdanning i høgare utdanning skal vere forskingsbasert og byggje på relevant forskings- og utviklingsarbeid (§ 2-3 i studietilsynsforskrifta). HK-dir og Universitets- og høgskolerådet peikar på integrering av forsking og utdanning som eit sentralt kvalitetsmål.

Men ambisjonen går lenger enn det. Vi beveger oss frå eit ideal om forskningsbasert undervisning til forskningsintegrert utdanning – der studentar ikkje berre lærer om forsking, men deltek i den.

Forsking viser at studentinvolvering:

  • styrkar kritisk tenking og analytiske ferdigheiter
  • gir djupare fagleg forståing
  • aukar motivasjon og læringsutbytte
  • utviklar kompetanse som arbeidslivet etterspør

Samtidig har studentinvolvering ein viktig samfunnsfunksjon: Studentar som deltek i forsking, tek med seg ny kunnskap direkte inn i praksisfeltet. Dei kan fungere som katalysatorar for implementering av forskingsresultat og bidra til raskare innovasjon.

Forsking ved fakulteta

Er du student og er interessert i å koble deg på forsking? Sjekk ut ditt fakultet sine forskingsgrupper under og ta kontakt med aktuelle forskingsmiljø. 

Er du usikker på kva moglegheiter du har, ta kontakt med studFORSK-gruppa. 

Etableringa av StudentFORSK

  • StudentFORSK er HVL sitt team som aktivt jobbar med å fremje studentinvolvering i forsking ved HVL. Teamet arbeider for å styrke studentane si rolle som aktive deltakarar i kunnskapsutvikling, ikkje berre som mottakarar av forskingsbasert undervisning, men som medforskarar i reelle forskingsprosessar.
  • StudentFORSK vart etablert etter initiativ frå prorektor for utdanning og prorektor for forsking. Mandatet vart godkjent 23. februar 2025.
  • Bakgrunnen for etableringa var behovet for meir systematisk tilrettelegging, betre insentivstrukturar og sterkare institusjonell forankring av studentinvolvering i forsking på tvers av fagmiljø og campus.
  • Hovudformålet med arbeidet er å utvikle forslag til insentiv og strukturar som gjer det enklare og meir attraktivt å involvere studentar i HVL si forsking.

Kva har vi jobba med så langt?

StudentFORSK har så langt:

  • Kartlagt haldningar og erfaringar med studentinvolvering i forsking ved HVL

  • Innhenta synspunkt på insentiv og barrierar for deltaking

  • Identifisert gode døme og eksisterande initiativ ved fakulteta

  • Utarbeidd forslag til konkrete tiltak og mogleg implementering

  • Etablert struktur for vidare arbeid og forankring i prorektorlinjene

Arbeidet har synleggjort både engasjementet og potensialet som finst blant studentar og tilsette – men òg behovet for betre system og infrastruktur.

Kva skal vi jobbe vidare med?

StudentFORSK skal:

Årleg konferanse om studentinvolvering i forsking

Vi planlegg og gjennomfører ein årleg konferanse i september, i tilknyting til Forskingsdagane, ved alle fem campus. Konferansen samlar studentar, tilsette og praksisfeltet, og skal vere ein arena for inspirasjon, deling og utvikling.

Synleggjering og deling

  • Dele gode døme, metodar og verktøy for studentaktiv forsking

  • Byggje opp denne nettsida som ressurs og møteplass

  • Spreie kunnskap gjennom kronikkar, konferansar, møte og eventuelle forskingsartiklar

Oppfølging og implementering

  • Følgje opp initiativ 

  • Rapportere jamleg til prorektorane om framdrift og behov

  • Arbeide med infrastrukturen rundt studentinvolvering

Insentiv og verkemiddel

  • Utforme forslag til kriterium for utlysing av småforskmidlar ved fakultet.

  • Foreslå strukturar som senkar terskelen for deltaking

Kontaktpunkt

StudentFORSK fungerer som kontaktpunkt for spørsmål og initiativ knytt til studentinvolvering i forsking ved HVL.

Ambisjonen vår

Vår ambisjon er å bidra til ein institusjonskultur der studentar – frå tidleg i studieløpet – ser seg sjølve som aktive deltakarar i kunnskapsutviklinga.

Vi ønskjer eit tettare samspel mellom studentar og tilsette, der samarbeid om forsking styrkar både læring, innovasjon og samfunnsbidrag.

Gjennom systematisk arbeid vil StudentFORSK bidra til å utvikle ein meir heilskapleg og berekraftig praksis for studentinvolvering i forsking ved HVL – i tråd med både nasjonale føringar og institusjonen sine eigne strategiske mål.

Kontakt oss

Er du nysgjerrig på korleis du kan involvere deg i forsking? Ta kontakt med oss på StudentFORSK@hvl.no eller kontakt 

Førsteamanuensis
Institutt for idrett, kosthald og naturfag
Førsteamanuensis
Institutt for helse- og omsorgsvitskap