Dobbel studierett
Når du får tilbod om ny studieplass ved HVL, kan det få konsekvensar om du har ein aktiv studierett frå før. På denne sida finn du korte svar på dei vanlegaste spørsmåla om doble studierettar: når den gamle studieretten blir avslutta, kva som kan vere faglege grunnar for å behalde to studierettar, og kva unntak som gjeld (til dømes enkeltemne og etter- og vidareutdanning). Du får òg informasjon om søknad, varsling, klage og kven du kan kontakte om du treng meir rettleiing.
Mistar eg studieretten på det gamle studieprogrammet mitt når eg takkar ja til den nye plassen, eller når eg semesterregistrerer meg?
Du mister plassen på det gamle studieprogrammet når du takkar ja til den nye. Det tek litt tid før det skjer, og du vil få beskjed når lukkinga av den gamle plassen er gjort.
Kva blir rekna som gode faglege grunnar for å behalde studieretten til to program samtidig?
Det er i utgangspunktet ikkje mogleg å kombinere to utdanningar. Fulltids utdanningar krev at du brukar heile tida di på dette programmet. Ein fagleg grunn til å behalde studieretten kan være at du er i slutten av eit gradgivande studie og har maksimalt 30 studiepoeng igjen å fullføre.
Kan eg ta enkeltemne i tillegg til å ha studierett på eit anna program?
Ja, om du vil ta eit emne som komplementarar utdanninga di kan dette være mogleg å ta ved sida av utdanninga di. Du søkjer då opptak til enkeltemne. Du kan sjå enkeltemna som blir tilbudd ved HVL på denne nettsida.
Eg har veldig gode karakterar. Er det god nok grunn til å få ha to studierettar?
Utdanningane våre er på fulltid og ofte med praksis, så det vil ikkje vere god nok grunn å berre ha gode karakterar for å ha fleire studierettar samtidig.
Kva om eg får plass på to forskjellege studieprogram samtidig?
Om du får studieplass på to studieprogram samtidig vil studieretten på det fyrste programmet du fekk opptak til bli lukka. Du vil bli varsla dersom dette skjer.
Kan eg fullføre studieprogrammet mitt samtidig som eg byrjar på eit anna studieprogram?
Dersom du har 30 studiepoeng eller mindre igjen, kan du fullføre programmet du starta på samtidig som du byrjar på eit nytt program. Vær merksam på at eksamen og undervisning ikkje er samordna mellom studieprogramma.
Eg ønskjer å ta ei vidareutdanning ved sida av studieprogrammet eg går på. Er det mogleg?
Det er mogleg. Ver merksam på at eksamenar og undervisning ikkje er samordna mellom studieprogramma.
Eg er ferdig med eit studieprogram i september. Kan eg byrje på ei ny utdanning før det?
Det skal i utgangspunktet gå heilt fint. Dersom du avslutter eit studieprogram i september har du enten ei innlevering av bachelor- eller masteroppgåve igjen eller eksamenar som er på mindre enn 30 studiepoeng og dette er unnateke reglane.
Kven skal eg kontakte dersom eg lurer på noko meir?
Du finner informasjon om doble studierettar på denne nettsida. Du kan også spørje Mime som du finn nede i høgre hjørne av denne nettsida. Om du ikkje finn svar her kan du snakke med studierettleiar ved fakultetet ditt.
Når mistar eg den gamle studieretten min?
Etter at du har takka ja til det nye opptaket og har blitt oppretta som ny student, altså nokre dagar etter at du har fått den nye studieplassen.
Kor mange vidareutdanningar kan eg ta samtidig?
Etter- og vidareutdanningar er unntatt frå regelen. Ver merksam på at eksamenar og undervisning ikkje er samordna mellom studieprogramma.
Kva blir definert som etter- og vidareutdanning?
Ei vidareutdanning er studiepoenggivande ny kompetanse som byggjer på ei fullført utdanning. Ei etterutdanning er ikkje formell opplæring, som kurs, seminar og liknande der du ikkje får studiepoeng Om du lurer på om programmet du går på er ei etter- eller vidareutdanning kan du slå det opp på denne nettsida.
Kan eg behalde den gamle studieretten min dersom eg byrjar på forkurs for ingeniørutdanning?
Forkurset er eit heiltids studieprogram som går over eitt år, så det er ikkje mogleg. Det er mogleg å ta realfagkurset både over eit halvt og eit heilt år da det ikkje er eit heiltids studieprogram. Husk at undervisning og eksamen ikkje er samordna mellom studieprogramma.
Gjeld regelen også om eg byter mellom to studium på forskjellige campus?
Ja, regelen gjeld uavhengig av kva campus studia er på. Det handlar om at du får opptak til eit nytt studieprogram ved HVL med varigheit over eitt semester.
Gjeld regelen også om eg byter mellom to studium og der det eine er nettbasert?
Ja, regelen gjeld uavhengig av korleis utdanningane er organiserte. Det handlar om at du får opptak til eit nytt studieprogram ved HVL med varigheit over eitt semester.
Må eg søkje spesielt for å få behalde begge studierettane mine?
Ja, du må sende ein søknad til post@hvl.no etter at du har fått tilbod om ny studieplass. Husk å lese gjennom denne sida før du søker.
Korleis blir eg informert om at den gamle studieretten min er avslutta?
Du vil bli informert på e-post og gjennom brev (Digipost) når studieretten er avslutta. Du vil også bli varsla før det skjer.
Kva skjer dersom eg angrar og vil tilbake til det gamle programmet etter at eg har takka ja til det nye?
Du må kontakte post@hvl.no så raskt som mogleg.
Kan eg få fritak frå regelen dersom eg har særskilde grunnar?
Særskilde behov knytt til helse eller livssituasjon gir ikkje grunnlag for dispensasjon frå regelen. Dersom du berre har ein liten del av det første studiet ditt (mindre enn eitt semester) kan du søkje og få dispensasjon frå regelen.
Gjeld regelen dersom eg får opptak til eit nytt studieprogram ved ein annan institusjon?
Nei, regelen gjeld berre dersom du får opptak til eit nytt studieprogram ved HVL. HVL avsluttar ikkje studieretten sjølv om du byrjar ved ein annan institusjon.
Kan eg vere student i to program samtidig dersom begge er deltidsutdanningar slik at dei til saman blir eit full tids studie?
Vi åtvarar mot dette, men det kan vere mogleg dersom det er faglege grunnar for dette, og du søkjer om det til post@hvl.no. Hugs at undervisning og eksamen ikkje er samordna.
Gjeld regelen for både bachelor-, master- og årsstudium?
Ja, regelen gjeld for alle utdanningar som varer meir enn eitt semester. Unntaket er etter- og vidareutdanningar og kortare studium slik som enkeltemne.
Kan eg ha studierett på eit heiltidsprogram og eit nettbasert deltidsstudium samtidig?
Dersom det nettbaserte deltidsstudiet er ei etter- og vidareutdanning eller kortare studium i mengde studiepoeng eller lengde, er det ikkje eit problem. For andre program må du søkje om å få behalde begge studierettane.
Kva betyr «varigheit på meir enn eitt semester» i praksis? Tel ei utdanning på akkurat 30 studiepoeng over vår + sommar som «meir enn eitt semester»?
Om ei utdanning er på 30 studiepoeng er den unntatt frå regelen sjølv om den varer meir enn eitt semester.
Tel årsstudium alltid som «meir enn eitt semester», sjølv om eg berre planlegg å ta 30 studiepoeng?
Ja, du må ha opptak til årsstudium deltid for å få unntak.
Kva skjer om eg får eit vilkårsbunden opptak (vilkår/krav i etterkant, betinget opptak) – taper eg den gamle studieretten med ein gong eg takkar ja, eller først når vilkåra er oppfylt?
Du taper den gamle studieretten med ein gong du takker ja til den nye plassen, men det kan ta nokre dagar før den gamle studieretten blir lukka. Da vil du også få eit brev som gir beskjed om dette når det skjer.
Tel «intern overgang» som nytt studieprogram? Eit døme på dette er om eg søkjer frå ei utdanning på campus Bergen til same utdanning på campus Stord.
På ein måte. Studieretten din på campus Bergen vil bli avslutta når du får opptak til campus Stord. Det har hele tiden vært praksis ved HVL.
Korleis blir regelen praktisert ved samanslåtte/joint-degree/dobbelgrad-løp der to institusjonar står bak eitt program?
På same måte som elles. HVL vil ikkje avslutte studierettar andre stader enn ved HVL, men dersom du fyller kriteria vil eventuelle studierettar ved HVL bli avslutta.
Kven avgjer om grunnane mine er «gode og faglege», og finst det ein offentleg kriterieliste eller poengskala?
Dette blir vurdert ut frå skjøn av sakshandsamar. Hovedkriteriet er at du er i avslutninga av studieprogrammet ditt når du begynner på det nye. Studiar på deltid spelar også ei rolle, men der må ein være obs på at undervisning og eksamenar ikkje er samordna.
Tel dokumenterte arbeidslivskrav (t.d. autorisasjon/kompetansekrav frå arbeidsgivar) som fagleg grunn?
Nei. Men det er mogleg å ta enkeltemne samtidig som du tek eit anna studium.
Tel planlagt forskingsprosjekt/fordjuping som krev emne frå to program som fagleg grunn?
Nei, ikkje for å få opptak til eit heilt studieprogram. Men du kan ta kontakt med studierettleiar for å få informasjon om det er mogeleg å ta utvalde emner på andre studieprogram.
Kva dokumentasjon må eg leggje ved for å søkje om å behalde fleire studierettar, og kor detaljert må plan og framdrift vere?
Sakshandsamar bruker oppslag i studentdatabasen for å sjå korleis framdrifta di i det gamle studiet er og om studieprogrammet reknast blant dei programma som er unnateke regelen (videreutdanningar og kortare studium). Om du er i ein prosess der du søkjer om godkjenning av emne frå andre institusjonar må du vise til den søknaden.
Dersom eg har innvilga permisjon frå det gamle programmet, blir studieretten likevel avslutta når eg takkar ja til nytt?
Ja. Du kan ikkje ha permisjon frå eit studieprogram du ikkje har studierett til. Det er mogleg å søkje om å behalde den gamle studieretten på same måte som med andre studierettar.
Kan eg be om utsett studiestart i det nye programmet for å fullføre det gamle først, slik at eg ikkje mistar studieretten?
Dette er ikkje mogleg. Vilkår for å kunne å be om å få utsett studiestart finn du her.
Kva er eksakt tidspunkt for når «oppretta som ny student» blir registrert (dato/klokkeslett)? Har det noko å seie om eg trekkjer meg før den registreringa skjer?
HVL har løpande opptak, så vi kan ikkje gi eit eksakt tidspunkt. Om du søkjer Samordna opptak (med unntak av resteplassar) vil det ikkje skje noko med den gamle plassen din om du trekker deg frå det nye studiet ditt innan 31. juli. I andre døme vil du først bli varsla om at studieretten din blir stengt for så å få beskjed når det faktisk skjer. Om du har mista begge studieplassane på grunn av at du trakk deg frå den nye kan du søkje om å få gjenoppretta den gamle plassen. Søknad sender du til post@hvl.no.
Får eg eit formelt førehandsvarsel før HVL vedtek å avslutte den gamle studieretten?
Ja. Alle studentar det gjeld vil få eit varsel om at den gamle studieretten blir avslutta.
Er avslutting av studierett i desse tilfella eit enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova? Kva er klagefristen?
Ja, det er eit enkeltvedtak med klagerett. Klageretten er tre veker etter at du har motteke vedtaket.
Har klage utsett iverksetjing (kan eg halde på begge rettane medan klaga blir behandla)?
Ja. Studieretten din vil opna igjen om du klager og ikkje bli stengt før eit endeleg vedtak om dette.
Kor klager eg, og kor lang svartid må eg rekne med?
Klage sendast til post@hvl.no. Svartida er etter forvaltningslova fire veker.
Korleis får eg innsyn i vurderinga som ligg til grunn (journal, dokument, saksnotat)?
Grunngjevinga ligg i varselet og vedtaket du får.
Kva om eg har meldt meg til konte/ny vurdering i emne frå det gamle programmet etter at nytt opptak er akseptert. Kan eg framleis ta eksamen på det gamle programmet?
Om det berre er disse emna du skal ta for å fullføre programmet vil du også behalde studieretten til det. Men du må passe på å søkje om å behalde studieretten til post@hvl.no.
Kva med pågåande bachelor-/masteroppgåve der rettleiar er tildelt—mistar eg tilgang/rettleiing med ein gong?
Du har rett til å fullføre påbegynt arbeide. Om det berre er disse emna du skal ta for å fullføre programmet vil du også behalde studieretten til det. Men du må passe på å søkje om å behalde studieretten til post@hvl.no.
Kva skjer med praksisplass som allereie er tildelt i det gamle programmet når studieretten blir avslutta?
Med unntak av tilfelle der praksisen er det som står igjen for å fullføre studiet ditt vil du miste retten til å gjennomføre praksis på det studiet du avslutta.
Gjeld unntak også for PhD-løp (stipendiat) der program er forskingsutdanning og eg samstundes ønskjer eit kortare program?
Ja.
Kva om eg har opptak til eit privat/utanlandsk nettstudium i tillegg. Påverkar det noko ved HVL?
Nei.
Er det eit øvre tak på kor mange enkeltemne/EVU-tilbod eg kan kombinere før HVL vurderer at det reelt sett er eit «program nr. 2»?
Nei. Men du må vere merksam på at undervisning og eksamen kan kollidere om du tek forskjellige studieprogram.
Vil Studentweb tydeleg vise at ein studierett står i fare for å bli avslutta dersom eg aksepterer eit nytt tilbod?
Nei. Du vil bli informert av HVL om dette når du får tilbod om plass på det nye programmet.
Påverkar tapt studierett i eit program retten til støtte frå Lånekassen for emne eg allereie er meld på der?
Nei. Men vær merksam på at Lånekassen har egne reglar for kor lenge ein kan vere student og kor mykje ein kan være forseinka for å få vidare studielån. (Forseinking i utdanninga).
Kva skjer med semesteravgift eg har betalt til det gamle programmet om studieretten blir avslutta før semesterstart?
Semesteravgifta gjeld alle studiar, så du må ikkje betale ny semesteravgift.
Kva kan eg forvente av behandling og informasjon undervegs dersom eg har ein studierett frå før?
Dersom dette gjeld deg vil du først bli varsla om at den gamle studieretten din vil bli lukka dersom du takker ja til den nye. Når studieretten faktisk blir lukka vil du også få beskjed om dette og har moglegheit til å klage på vedtaket.
Kven kan eg snakke med om eg har ei problemstilling knytt til lukking av studierett?
Du kan snakke med studierettleiar om det er noko du treng informasjon om knytt til lukking av studieretten din.
Her finn du informasjon om studierettleiing, og kan bestille time på dei enkelte fakulteta.