Barnehagelærerutdanning med vekt på barns utvikling, lek og læring

Bachelor, hausten 2018

Barnehagelærarstudiet gir deg kompetanse og erfaring til å arbeide med barn og medarbeidarar i ein organisasjon som er i kontinuerleg utvikling. Utdanninga gir deg kompetanse på korleis barn leiker, lærer og utviklar seg, som individ og i samspel med andre.,. Studiet gir deg også føresetnader for å leie pedagogisk arbeid og samarbeide med kollegaer, andre fagpersonar og barna sine føresette.

Barnehagelærarutdanninga er bygd opp rundt fleirfaglege kunnskapsområde. Dei to første studieåra får du fem ulike kunnskapsområde. Kvart kunnskapsområde består av 20 studiepoeng. I det andre året ditt får du 20 studiepoeng ekstra i Barns utvikling, leik og læring. Tredje studieår vil du kunne ta BULL3 eller velje mellom andre fordjupingsemne.

Tredje år inneheld kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid 15 sp, fordjupingsemne 30 sp og bacheloroppgåve 15 sp.

Kunnskapsområdet legg vekt på å utvikle den faglege, etiske og didaktiske kompetansen som barnehagelæraren treng for å kunne legge til rette for leik, læring og danningsprosessar. Basert på pedagogisk og fagleg kunnskap og kompetanse skal barnehagelæraren planlegge, dokumentere og vurdere pedagogisk verksemd. Barns utvikling gjennom leik, læring og omsorg står sentralt i denne profilen.

Praksis

Praksis er ein obligatorisk del av studiet. Utdanninga inneheld 100 dagar med praksis fordelt på tre år.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer til pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Dei fleste barnehagelærarar arbeider i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar kan vere døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordning eller kommunal administrasjon.

Utveksling

Du kan ta fordjupinga i utlandet tredje studieår, ved institusjonar vi har samarbeidsavtalar med. Det er også mogleg å ta andre del av praksis andre året ved institusjonar i utlandet.

Kor kan du reise?