Markedsføring

Etter- og vidareutdanning, hausten 2018

Det overordna perspektivet for dette faget dreier seg om at marknadsføring er forventningsleiing som resulterer i verdiskaping der kundane er viktige deltakarane. Gjennomgåande tema i kurset er derfor forventningar, verdiar og kunden som verdiskapar. I stadig større grad skaper kundane varer og tenestene saman med bedrifta. Ei sentral oppgåve for marknadsførar, blir derfor ikkje berre å sjå på kunden si rolle som kjøpar, men også som brukar av produktet.

Utover dei tradisjonelle verkemidla som produkt, pris, påverknad og distribusjon vil faget også legge vekt på merkevareleiing. Alle, privatpersonar som bedrifter, bygger eit "merke" gjennom alt ein gjer, seier og produserer av varer og tenester. Ei bevisstgjering av denne prosessen er derfor viktig uansett om ein ser på seg sjølv som ein merkevareleverandør eller ikkje.

Timeplan

Tre samlingar der kvar samling er fordelt over tre dagar.
Fredagar kl. 16.00 - 20.00, laurdagar kl. 9.00 - 17.00, og søndagar kl. 9.00 - 14.00