Samfunnsarbeid

Master, hausten 2019

Er du interessert i samfunn, sosialt arbeid og medborgarskap? Med ein mastergrad i samfunnsarbeid kan du jobbe i organisasjonar, i næringslivet eller hos lokale og regionale styresmakter.

Samfunnsarbeid er ein planlagt prosess der ein eller fleire profesjonelle aktørar bidrar til at eit interessefellesskap eller eit nærmiljø når dei mål dei har sett. Samfunnsarbeid er ein metode for å analysere utfordringar og barrierar for deltaking, og å sette i gang endringsprosessar, gjerne i lag med marginaliserte grupper.

Tilrettelegging for deltaking og medborgarskap er sentralt i alt frå grasrotmobilisering i lokalsamfunn, deltaking i planprosessar, til arbeidsmiljøtiltak eller utvikling av tenester.

Samfunnsarbeid vektlegg kollektiv handling, samproduksjon, sosialt entrepenørskap, eigenutvikling, medborgarskap og dialog. Faget bygger på at menneske i fellesskap kan skape og endre sosiale strukturar og bidra til gode livsvilkår gjennom sosial deltaking og kollektiv handling. Det bygger på eit menneskesyn der menneska er kreative, kompetente og kan betre sine livsvilkår. Samstundes veit vi at handlingsromma kan vere tronge, og at vilkåra for reell deltaking kan vere hindra. Med mangfald og aukande grad av sosial ulikskap treng vi kunnskap om korleis arbeide saman i grupper.

Masterutdanninga er tverrfagleg, og er sett saman av obligatoriske emne (60 sp), sjølvvalde emne (15 sp) og masteroppgåve (45 sp).

Gjennom studiet lærer du å analysere vilkår for sosial deltaking, og til å utforme og sette i verk endringsprosessar og prosjekt saman med dei det gjeld. Du vil med andre ord bli ein kompetent og dialogorientert endringspilot, og ein sosialt engasjert prosessleiar som kan bruke demokratiske metodar.

Undervisningsmåtar

Lærings- og undervisningsformene bygger på dialogbasert samhandling, seminar, litteraturpresentasjonar, prosessorientert skriving og rettleiing. I tillegg blir det prosjektarbeid, gruppearbeid og individuelt studiearbeid. Arbeidskrava omfattar gruppebasert og individuelt studiearbeid med innlevering av oppgåver.

Vi vektlegg stor grad av studentdeltaking, og undervisninga skjer i stor grad i dialogbaserte seminar. Felt- og praksisbesøk er integrert i studiet. Du får erfaring med bruk av framtidsverkstad, sosiale laboratorium og andre aksjonslæringsmodellar. Du deltar i forskingsprosjekt og kan knytte masteroppgåva di til pågåande prosjekt, eller utvikle ditt eige.

Studentar ved dette masterstudiet har vektlagt læringsmiljøet som særleg godt, og i 2016 nominerte dei Samfunnsarbeid til prisen for beste læringsmiljø.

Praksis

Vi har tett kontakt med praksisfeltet og aktuelle arbeidsgivarar. Du får delta i praktisk samfunnsarbeid knytt til tema som områdeløft, bustadutvikling, lokalsamfunnsutvikling og helsefremjande arbeid.

Du vel fordjupningemne knytt til både teoretiske og praktiske tema. Det er mogleg å velje fordjupning innan samfunnsarbeid knytt til kreative fag, som film eller teater, eller velje fordjupning knytt til internasjonal utveksling.

Det blir lagt til rette for at du som student skal få tilgang til relevant praksisfelt for masterprosjektet ditt. Felta kan vere lokale, nasjonale eller internasjonale.

Kva kan du jobbe med?

  • Du kan gå inn i eit breitt spekter av jobbar. Lokale og regionale styresmakter, næringsliv og frivillige organisasjonar er viktige aktørar i samfunnsarbeid, og er relevante arbeidsgivarar.
  • Ved å bruke kritisk analyse og dialog, er du i stand til å sette i gang endringsprosessar, fungere som katalysator, endringspilot eller prosessorientert prosjektleiar i for eksempel sosialfagleg arbeid, folkehelsearbeid, bustadsosialt arbeid eller i internasjonalt solidaritetsarbeid.

Utveksling

Vi har Erasmus-avtale for utveksling med universitet i Madrid, Glasgow og Berlin. Vi har også samarbeid med universitet og høgskular i ei rekke andre land, og kan hjelpe deg med å få tilgang til relevant praksisfelt balnt anna i England, Portugal, Irland, Belgia, Spania, Tyskland, Tanzania, Sør-Afrika, Nederland eller USA.

Kor kan du reise?