Kreative fag og læreprosessar

Master, hausten 2019

Vil du jobbe med å formidle dei estetiske faga i skulen, barnehagen eller kulturskulen? Denne masterutdanninga passar deg som er lærar, barnehagelærar eller har ein bachelor i estetiske fag eller norsk.

Du får utvikle deg innan dei kreative faga, både teoretisk og praktisk gjennom kunstnarisk produksjon.

Du vel mellom desse fire fagprofilane:

Det kreative står også sterkt i fagprofilen Norskdidaktikk, gjennom arbeid med til dømes tekstskaping, framføring og dramaturgi.

I masteroppgåva di vel du hovudvekt på enten fagdidaktiske problemstillingar eller kunstnarisk produksjon. Oppgåva skal ha ein didaktisk refleksjon.

Fagprofilen og masteroppgåva utgjer 75 studiepoeng. Dei resterande 45 studiepoenga omfattar emne som vitskapsteori og metode, kreative og estetiske læreprosessar, akademisk skriving, tekstanalyse og kunstnarisk utviklingsarbeid.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, og kan gjennomførast på heiltid (2 år), deltid (4 år), eller ein kombinasjon av desse (3 år). 

Undervisninga er samlingsbasert, og vekslar mellom forelesingar, seminar, gruppearbeid, utstillingar, konsertar og framsyningar.

Som fulltidsstudent deltar du på 5 tredagarssamlingar per semester i 1. studieår. I 2. studieår er det to samlingar i kvart semester.

Som deltidsstudent har du 3 tredagarssamlingar per semester dei to første åra. I siste studieår er det to samlingar kvart semester.

Vi samarbeider tett med forskingsmiljøa ved HVL. Som student kan du bli inkludert i forskinga både gjennom ulike undervisningsopplegg, og i enkelte tilfelle i arbeidet med masteroppgåva.

Kva kan du jobbe med?

  • Utdanninga gir lektorkompetanse dersom du tidlegare har gjennomført lærarutdanning eller PPU.
  • Utdanninga gir grunnlag for å arbeide med forsking og utviklingsarbeid.

Vil du studere meir?

Utdanninga kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium ved nasjonale og internasjonale lærestader.

Utveksling

Lengre utanlandsopphald kan vere ein godkjent del av studiet dersom det tilfredsstiller krava i studieplanen.