Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, data

Hausten 2022

Ei utdanning innan informasjonsteknologi gir kunnskap om teknisk utstyr og metodar for å utvikle eller utvide IT-system. I studiet blir det derfor lagt vekt på både å gi studentane eit fundament av teoretiske kunnskapar og kjerneelement i faget som er av varig verdi, og praktisk kunnskap om utvikling og bruk av moderne dataverktøy. Dette skal gjere kandidatane i stand til å bidra til innovasjon og nyskaping på alle område i samfunnet der IT-fagleg kompetanse er aktuell.

Det er òg eit mål at dataingeniøren skal ha kunnskapar om leiing og organisasjon, slik at han/ho kan bidra til samarbeid på alle plan i organisasjonen gjennom god skriftleg og munnleg kommunikasjon, både på norsk og engelsk. Dei samfunnsmessige konsekvensane av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi krev at studenten utviklar forståing av og medvitne haldningar til den verknaden teknologien har på individ og samfunn.

Bachelorstudiet i data følgjer Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018.

Dataingeniørutdanninga har dei same IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er følgjeleg den same, medan realfaga er litt ulike i dei to studia.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført utdanning har følgjande samla læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i dataingeniørfaget; under dette problemløysing, programvareutvikling og grensesnitt og prinsipp for å byggje opp datasystem og datanettverk
  • har grunnleggjande kunnskapar i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis ein kan nytte desse i informasjonsteknologisk problemløysing
  • har kunnskap om historia til teknologien, teknologiutvikling, rolla til ingeniøren i samfunnet, relevante lovføresegner knytt til bruken av datateknologi og programvare, og kunnskapar om ulike følgjer ved bruk av informasjonsteknologi
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet, i tillegg til relevante metodar og arbeidsmåtar
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom å innhente informasjon og ha kontakt med fagmiljø, brukargrupper og praksis

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan bruke kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid til å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor dataingeniørfaget, og grunngje vala sine
  • meistrar metodar og verktøy for å kunne utføre målretta og innovativt arbeid, inkludert å bruke operativsystem, systemprogramvare og nettverk, utarbeide krav og modellere, utvikle, integrere og evaluere datasystem, og bruke programmeringsverktøy og systemutviklingsmiljø
  • kan identifisere, planleggje og gjennomføre informasjonsteknologiske prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment, både sjølvstendig og i team
  • kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det kastar lys over ei problemstilling
  • kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap, ved å vere med på å utvikle og realisere berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar som informasjonsteknologien er ein del av

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske følgjer av produkt og løysingar innanfor informasjonsteknologi, og kan setje desse i eit etisk perspektiv og eit livslaupsperspektiv
     
  • kan identifisere sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datasikkerheitsaspekt i produkt og system som nyttar IKT.
  • kan formidle kunnskap om informasjonsteknologi til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, og kan medverke til å synleggjere kor viktig denne teknologien er og kva følgjer han får
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse utøvinga til den aktuelle arbeidssituasjonen
  • kan bidra til å utvikle god praksis gjennom å ta del i faglege diskusjonar innanfor eige fagområde og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre

Innhald

Dei fire første semestera i studiet består av felles emne. Deretter vel studentane emne (20 studiepoeng) ut frå ønske om spesialisering i ulike retningar:

  •  gir gode kunnskapar i system- og programutvikling. Her inngår mellom anna emna Programmeringsparadigme og Systemarkitektur og applikasjonsutvikling. Målet er at studentane frå denne studieretninga skal stå godt rusta til, anten sjølvstendig eller i samarbeid med andre, å arbeide med utvikling av alle typar datasystem og programvare innanfor både tekniske og administrative bruksområde.
     
  •  gir gode basiskunnskapar innanfor teknisk installasjon og drift av datasystem. Det blir lagt spesiell vekt på gode kunnskapar om moderne datamaskinarkitektur og datanett. Som obligatoriske emne inngår her Nettverksadministrasjon, drift og tryggleik og Drift av Unix og databasar. Målet er at studentane frå denne studieretninga skal kunne arbeide med planlegging, oppbygging og drift av databasane, programsystema, datamaskinparken og datanettet til alle kategoriar verksemder.
     
  •  legg spesiell vekt på utvikling av sikre og brukarvennlege webløysingar og «appar» for nettbrett og mobiltelefonar. Som obligatoriske emne inngår her Vidaregåande webapplikasjonar og Mobile og distribuerte applikasjonar. Web og mobil er eit veksande område med stadig skiftande trendar. Gjennom denne retninga vil studentane få varige basiskunnskapar som kan nyttast i morgondagens løysingar.
     
  • fokuserer på å løyse problem frå den verkelege verda. Studentane lærer bruk av standard arbeidsflyt og moderne verktøy og rammeverk frå dataanalyse og maskinlæring, og om avgrensingane til feltet. På teori-sida blir det gitt ei innføring i avanserte og velkjende algoritmar innanfor ulike område gjennom emnet Maskinlæring og vidaregåande algoritmar, medan den praktiske fordjupinga skjer i emnet Practical deep learning, som blir tilbode felles for master- og bachelorstudentar. 
     
  • gir relevant kompetanse for mange typar prosjekt. Emnet Grafiske metodar introduserer dei grunnleggjande prinsippa i 3D-grafikk, verkemåten til relevant programkode og programvarebibliotek for 3D-modellar. I emnet Advanced Computer Graphics, som blir tilbode felles for master- og bachelorstudentar, jobbar studentar med modellering og reprodusering av fysiske objekt. Kunnskapen blir nytta gjennom utvikling av virtual reality-applikasjonar.

Det er òg mogleg å få vitnemål utan å velje ei av dei nemnde fordjupingane. Då vil ein i staden kunne ta dei 20 studiepoenga som ville inngått i fordjupinga, som valfrie emne. Denne moglegheita vil òg vere aktuell for studentar som dreg på utveksling.

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt som eit deltidsstudium.

For å vere kvalifisert for opptak til 2-årig masterprogram som gir sidetittelen sivilingeniør, er det gitt eit meir omfattande krav til samansettinga av bachelorutdanninga enn krava i rammeplan for ingeniørutdanning. Krava er gitt i Nasjonale retningslinjer for ingeniørutdanninga og bachelorgraden må innehalde:

  • minst 25 SP i matematikk​
  • minst 5 SP i statistikk​
  • minst 7,5 SP i fysikk​

Studentar som ønskjer å oppfylle opptakskrava, må velje nokre spesifikke valemne.

Krava vert oppfylt på følgjande måte:

Matematikk
To obligatoriske emne MAT101 Diskret matematikk 1 og MAT108 Grunnleggende matematikk for dataingeniører, samt valemnet MAT301 Flerdimensjonal analyse (matematikk 3)

Statistikk
Eit obligatorisk emne MAT102 Diskret matematikk og statistikk

Fysikk
Eit obligatorisk emne ING173 Fysikk for dataingeniør og valemnet ING270 Elektrisitet og magnetisme

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt som eit deltidsstudium.

Praksis

Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogleg å ta 10 studiepoeng med praksis i verksemd som valemne i 5. semester. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår.

Arbeidsformer

Datastudiet er ein kombinasjon av forelesingar med gjennomgåing av teori, oppgåveløysing og mykje praktisk arbeid på datalaboratorium. Gjennom laboratoriearbeidet skal studentane prøve ut prinsipp som er omtalte i forelesingane, og nytte prinsippa på analyse av problemstillingar, konstruksjon av løysingar og testing av programvare og maskinvare. I tillegg blir ein kjend med mange ulike typar utstyr og basisprogramvarer. I dei fleste emne er det obligatoriske arbeid med rapportar, labjournalar e.l. som skal leverast inn. Oppgåver og annan viktig informasjon om dei enkelte emna blir lagde ut på det nettbaserte studiestøttesystemet til høgskulen, men døme og anna hjelpemateriell kan òg delast ut der undervisninga går føre seg.

Det er venta at studentane disponerer eigne datamaskiner dei første åra av studiet. Det er lagt opp til bruk av trådlaust nett, slik at studentane kan bruke sine eigne datamaskiner i laboratorium, klasserom og grupperom. Datalaboratoria tilbyr studentane bruk av meir avansert utstyr i siste studieår. Maskinparken består av kraftige PC-ar med Windows og Linux operativsystem. <a href="https://www.hvl.no/student/it-hjelp/valg-av-digitalt-verktoy/krav-til-studentenes-it-utstyr-ved-fin/" target="_blank">Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.</a>

Instituttet søkjer i samarbeid med studentane å arrangere presentasjonar av verksemder, verksemdsbesøk og studieturar til relevante fagmiljø. Eventuelle lengre ekskursjonar (3–5) dagar kan arrangerast i 3. studieår.

Vurderingsformer

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisning alltid vere på engelsk.

Det er lagt til rette for at å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter. 

 

Det er spesielt lagt til rette for studieopphald i utlandet i 5. og 6. semester. Utdanninga har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa og andre delar av verda, som Australia, USA og Canada. Samarbeid med Tyskland og Spania er særleg vektlagt. Studentar som planlegg slike utanlandsopphald bør kontakte internasjonalt kontor ved høgskulen og instituttet i god tid (to semester før utreise) for å få avklart korleis utanlandsstudiet kan bli passa inn i studieløpet.

Organisering

Utdanninga er treårig, og kvart studieår er delt inn i to semester. I kvart semester tek studenten normalt 3 emne som samla utgjer 30 studiepoeng.

Studiet er eit heiltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid.

Bachelorprogrammet følgjer Rammeplan for ingeniørutdanning, og emna er fordelte på følgjande kategoriar:

Ingeniørfagleg basis: 30 studiepoeng med grunnleggjande matematikk, ingeniørfagleg systemtenking og innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar. Dette skal i hovudsak henge saman med ingeniørutdanninga og leggje grunnlaget for ingeniørfaget.

Programfagleg basis: 50–70 studiepoeng med tekniske fag, realfag og samfunnsfag. Dette skal i hovudsak henge saman med studieprogrammet og leggje grunnlaget for fagfeltet.

Teknisk spesialisering: 50–70 studiepoeng som gir ei tydeleg retning innan eige fagfelt, og som byggjer på ingeniørfagleg basis og programfagleg basis. Dette skal i hovudsak henge saman med studieretninga og leggje grunnlaget for fagområdet.

Valfrie emne: 30 studiepoeng med valfrie emne som bidreg til vidare fagleg spesialisering, anten i breidda eller djupna. Blandt dei valfrie emna skal minst 20 studiepoeng vere dataemne. Du kan velje mellom ulike IT-emne eller emne frå andre ingeniørstudiar.

Bacheloroppgåva inngår i teknisk spesialisering med 20 studiepoeng. Oppgåva skal vere forankra i reelle problemstillingar frå samfunns- og næringsliv eller forskings- og utviklingsarbeid og bidra til innføring i vitskapsteori og metode.